Folkets hus i Arendal
04.10.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå 1920 til 1932 var dette Folkets hus i Arendal.

Les meir frå historia til Samvirkende Fagforeninger


Amatørene med solid punktum
02.09.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Foran frå venstre Thorbjørn Clausen (gitar, song), Anita Wroldsen (gitar, bassgitar, song), Olav Slaattene (trommer), Karen Tobine Løvsland (song). Bak Conrad Coll (lyd), Anita Tvede (song), Leif Arne Danielsen (song), Anders Thomassen (gitar, song), Thor Pinås (tangentar).

Amatørene stilte med same mannskap som i fjor, både onsdag kveld og i går, og dei var minst eit hakk mindre amatørar. Det serverte viser og country, og det blei allsong som lova, og publikum song uansett med på kjente melodiar, klappa takten, og gav applaus for gitarsoloar. Og etter Holding you fekk dei på scenen blomstar frå ein publikummar.

Det gjekk på engelsk og norsk – og svensk (Cecilia Lind). Dei starta opp med eit vidgjetent irsk gravøl og drikkegilde – The night Pat Murphy died, og etter drygt to timar og tjuesju melodiar slutta dei av med Jolene omatt etter ønske frå publikum, og så Tulsa time på nytt – ikkje heilt det: Dei tok den over i Åsmund Åmlibands Stomp og vatn. Dei fekk ståande applaus. Og dermed er Bakgårdssesongen 2017 historie.


To pluss ein pluss mange instrument
26.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

ViTo består av Audun Haukvik (til venstre over) og Turid Jørgensen Honerud (kjent frå Katzenjammer), i går hadde ho tatt med seg ektemannen Ole-Kristian Jørgensen Honerud i tillegg. Dei hadde med ein haug med instrument. Og dei kunne handtere dei. Haukvik turnerte ulike gitarar, og på Olga brukte han trommestikkar på ei tom spritflaske. Dama på scenen brukte gitar, banjo, trommer – på eit nummer spelte ho gitar samtidig som ho trakterte stortromma og cymbalen. Ektemannen stilte med steel- og ymse andre gitarar, og trekkspel.

Musikken deira har blitt kalla folk-rock-pop-hillbilly, og går frå det røffe og raske til det meir vare. Og duoen har mektige røyster. Undervegs fortalde ho at ViTo kom i gang etter Kartfestivalen på Gvarv i fjor, der dei var med på ein hyllest til David Bowie, og Bakgården fekk hans Andy Warhol. Det mest kjende i går var truleg I’m on fire og Fairport Convention-songen Crazy man Michael. Det var mange sjølvlaga songar, og alt var på engelsk. Dei avslutta med ekstranummeret Hey me der eit fornøgd men fåtallig publikum klappa takten på ein sjeldan godvêrskveld.


«Alt kan konkretiseres»
19.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

var tittelen på debatten i går ettermiddag. Ståle Gerhardsen konkretiserte debatten på sin måte (over). Det er det mest konkrete som har komme ut av debatten så langt.

Veslemøy Østrem uteska først Jørgen Kalstrøm (NKF), Hilde Tørdal (NBK), Katinka Maraz (Frie Fotografer) og Sverre Pedersen (Norsk Filmforbund) om den økonomiske stoda for kunsten og kunstnarane. Det er eit forsømt område, inntekta til kunstnarane har gått ned 15 pst mens den har stige med 22 for resten av samfunnet. Dermed må dei jobbe med andre ting, og ressursar brukt på utdanning ikkje tatt vare på.

Ei ny åndsverkslov må sikre at kunstnarane og det norske samfunnet får tilbake for det digitale gigantar som Google, Facebook mv stel utan vederlag. Og ein kan ikkje omdefinere klasserommet til privat område for å unngå å betale kunstnarane for det dei yter til den kulturelle skolesekken. Dei treng ordningar som sikrar føreseielege inntekter over tid, og pensjonsordningar. Regjeringa snakkar varmt om internasjonalisering og marknadsføring av norsk kunst samtidig som dei har kutta kulturmidlar til UD og fjerna kulturattasjeen i London.

I politikarpanelet sat Geir Jørgen Bekkevold (KrF), Anne Tingelstad Wøien (Sp), Ingrid Johansen Aune (AP), Ola Elvestuen (V) og Svein Harberg (H). Østrem spurde dei kva viktig som hadde skjedd dei siste fire åra. Harberg kunne ikkje peike på noko særleg konkret, men dei hadde sett i gong ei utgreiing. Elvestuen på si side kom med ei lang skryteliste, og kolliderte med Aune som er ordførar i Malvik og har sett kulturmidlar skrumpe. Wøien ville prioritere den kulturelle grunnmuren: ungdomsklubbar, bibliotek, kommunal kultur og kulturskolen. Alle avviste at klasserommet kunne vere privatsfære, og dei meinte ein kunne sjå kva andre land hadde gjort med omsyn til Google oa. Dei ville samarbeide med kunstnarorganisasjonane for å sikre dei betre kår, og Harberg sa kulturkutta til UD var meiningslause.

Poesi og musikk – Rumi songs
19.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Moulana Jalalod-din Balkhi Mohammad Rumi som tilhøyrer sufi-tradisjonen, vart fødd i Balkh i det som no er Afghanistan i 1207. Poeten og forfattaren Erling Kittelsen (over) har gjendikta Rumi til norsk, fortalde om mannen og diktinga hans, og las. Dei var overraskande moderne i formen. («Jeg er full og du er gal, og hvem skal følge oss hjem.»)

Saksofonisten Trygve Seim har laga komposisjonar på grunnlag av amerikansk-engelske gjendiktingar av Rumi. I utgangspunktet skulle det vore ei framføring med Seim, mezzosopranen Tora Augestad, Frode Haltli på trekkspel og Håvard Lund på klarinett, men til tider blanda pøsregnet på duken seg sterkt inn, og Augestad forsikra at som bergensar hadde det vore ein fryd å vere der.

Kunstnernettverket og Arendalsuka stod bak begge arrangementa.


Om å bygge bruer
18.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

Torbjørn Valum frå Norske Konsertarrangører hadde fakta om stoda for dei som står mellom utøvande kunstnarar og publikum: Arrangørane. Det var eit markant skille mellom festivalane og heilårsarrangørane. Som at festivalane i snitt får 1 mill kr i støtte, heilårsarrangørane 450.000 kr. Mange må kompensere med sal av øl mv for å overleve. Fylkeskommunane bryr seg mest bare om festivalane, og Kulturrådet skeivfordelte kraftig til dei same.

Ida Habbestad leia debatten med Petter N. Toldnæs (V), Sven Harberg (H), Julie Lødrup (Ap), Linn-Elise Øhn Mehlen (Rødt), Anne Tingelstad Wøien (Sp), og Geir Jørgen Bekkevold (KrF). Alle ville gjøre noko med skeivfordelinga, utan nødvendigvis å ta frå festivalane. KrF meinte politikarane måtte gi Kulturrådet andre styringssignal. Rødt ville ha eigne midlar til rusfrie tiltak for ungdom, Ap ville ha nytt kulturløft med 1 pst av budsjettet til kulturen. Kompetansebygging var viktig, og her huska faktisk både Høyre og Ap å ta med kvinnene frå diskusjonen på mandag. Alle meinte arrangørane må kunne sjå lenger fram enn eit budsjettår. Rødt ville ha ei omstruktureringspause, og minna om at artistane har vore ukjende amatørar før dei ender på festival.

Det blei mykje alle var samde om: Grunnmuren i bygd og by, frå skole til frivillige arrangørar, og lønn og arbeidsvilkår for utøvarane måtte styrkast. Enkle ordningar for underskotsgaranti måtte på plass, dei må ikkje vere konjunkturavhengige. Det må vere lov å prøve og feile som KrF sa.

Arendalsuka og Arrangørforum stod for arrangementet.

Lågmælt tradisjonsmusikk
18.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Anders Erik Røine speler gitar, munnharpe og syng, Marit Karlberg syng og speler langeleik. Saman er dei Sudan dudan. Utgangspunkter er gamle slåttar og songtradisjon, og dei skriv au eigne tekstar. Dei inviterte publikum med på ei reise i eit mentalt landskap, musikken var smal, men landskapet var vidt, prega av sorg, død, kjærleik. Eit menneske lever kort, fattige kortare, og ungar døyr. Musikken bøter på korte liv. Det var lågmælt, melodisk, vakkert. Song og musikk som stod til kvarandre.

Dei opna med Inntil i dag; på Fuglefot kom munnharpa med. (Den er rundt 2000 år.) Dei har gitt ut tri CD-ar før, og til hausten kjem nr 4 – frå den fekk me høyre Festen. Ekstranummeret var gjenkjenneleg for dei fleste: middelalderballaden Svein Svane.

Nasjonal jazzscene og Riksscenen stod for konserten.


Kvitt arbeid kan smitte
17.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jan Eggum opna ballet med En konge stor, og så la filosof Øivind Kvalnes (biletet) opp til debatten om svart arbeid i privatmarknaden: Folk må bli klar over eigen oppførsel på området, atferd smittar sa han; bruken av gulrot/pisk var kostbart, og kunnskapsspreiing ikkje så effektivt. At folk var rasjonelle var tøv. Folk gjør det rette når folk rundt dei gjør det. Me må yte motstand mot normalisering av tvilsam atferd, og påminningar fungerer.

Ragnhild Lied (Unio), Jorunn Berland (YS), Jon Sandnes (BNL), Trude Tinnlund (LO), Hans Christian Holte (skattedirektør) kom så med innspel før Heidi Nordby Lunde (H), Marianne Marthinsen (Ap) og Kjell Ingolf Ropstad (KrF) entra scenen. Sentra som er oppretta for å jobbe mot svart økonomi er viktige, men mykje står att i dei store byane. Dei kriminelle nettverka bak den svarte økonomien flyttar seg inn i nye bransjar og område, og har starta operere gjennom kvitvaska firma. Her må det tverrfagleg innsats til.

Samarbeidet med fagforeiningane vart framheva, og i år igjen behovet for at vanlege menneske får tilgang til dei registra som finst. Andre ønske og forslag var: ei side for å varsle det som kunne vere svart; økonomiske insentiv for å hyre kvitt i form av momsreduksjon el; ein handverkarportal med firmaopplysningar; obligatorisk fakturering for oppussing etc slik at arbeidet kunne sporast av evt nye huseigarar; eit tilsyn retta mot privatmarknaden. Erik Wold leia debatten der tilgang til register for menigmann syntest å vere noko alle kunne einast om.

– og så kom Eggum igjen
17.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Og det var han ærleg talt forundra over sjølv: Det var bare rundt eit år sidan han var i Bakgården sist, så folk burde vel forstått og huska kva dei fekk? Lite tjo og hei, iallfall. Dermed var tonen sett for klassisk Eggum med På an igjen, pluss innimellom enkelte ikkje-klassiske som han gjerne ville framføre. Her hadde han utvikla konseptet sitt frå i fjor – han kalte det belønningsprinsippet – god klapping på ein ny kunne bli ein god gammal, sjølv om han då kunne litt ta av og spele ein til av dei nyare.

Han var glad i orkesteret sitt; det var lett å rigge utstyret, og det var få interne konfliktar, sjølv om det kunne skje. Men for ein del år sidan hadde han huska tri kameratar som au spelte, og dei hadde han hyrt med på sin turne …  Salen nynna og song med au når dei ikkje vart oppfordra til det. Han avslutta med Kor e alle helter hen og En natt forbi. Han skulle ramme inn debatten sa programmet, og han ramma publikum godt.

Bakgården var fullpakka både under debatt og konsert som vart arrangert av SMSØ.


Brecht, 4,7 km veg og konsekvens
16.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kristin Danielsen frå Kulturrådet opna for debatten om kulturen i framtida med å sitere kommunisten Bertolt Brecht: Kunsten skal ikkje spegle samtida, men vere ein hammar som formar kultur og samfunn i framtida. Og ho sette kulturpolitikken i perspektiv: Ut frå kostnadene for 23 km ny E18 mellom Arendal og Tvedestrand, hadde ho funne at budsjettet til Kulturrådet ville gitt omlag 4,7 km veg.

Tone Hansen frå Kulturrådet hadde vanskar med å få fram særlege skille mellom Bård Vegar Solhjell (SV), Geir Jørgen Bekkevold (KrF), Arild Grande (Ap), Linda Hofstad Helleland, kulturminister (H), Marit Arnstad (Sp), Sveinung Rotevatn (V), Bjørn K Svendsrud(FpU). Det blei skryt av det som er gjort (Høgre), uro for alt som manglar (dei fleste). Velvilje til auka stipend, meir kulturskole osv. FpU har innsett at marknaden ikkje kan styre kulturen, sjølv om dei helst ville ha det slik. Kunst og kultur er viktige i livet for SV og alle, men me kunne levd utan, og då me ville det meir i politikken.

Bakgården var stuvande full, og til slutt fekk publikum sleppe til: om å satse på det frivillige kulturarbeidet som ofte sleit med elendige lokale og arbeidsvilkår; om dei store institusjonane; om dei 194 kinoane i Norge. Blei me klokare av debatten? Tja. Me bør nok legge oss orda til Rotevatn på minnet: Ikkje stol på kva politikarane seier og skriv, men sjå kva dei gjør. Som at mandag kveld var alle opptatt av likestilling i kulturlivet, i går vart det ikkje nemnd med eitt ord av nokon.

Musikk for tri instrument og ein tenor
16.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Med musikken kom regnet på duken over Bakgården. Under duken fekk me ein times delvis leikande konsert med Frode Haltli (akkordion), Håkon Kornstad (saksofon og song), Mats Eilertsen (bass). I eit tidlegare liv var Kornstad jazzmusikar, no er han både det og operasongar, og det vart det veksla mellom og kombinert, med kjende saker som: O sole mio (utan at det hjelpte noko), Sail along silvery moon, Marechiare, perlefiskarvisa, Morgen. Dei prøvde seg med innlegg i verdidebatten med Di tu se fedele av Verdi (!). Kornstad veksla mellom å spele på saksofonen, og halde den skrått mot brystet når han song, med solid og vakkert spel frå Haltli og Eilertsen.

Arrangør av debatten og konserten var Arendalsuka og Kulturrådet.


2 x 6 JA
15.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kulturlivet treng omfattande kjønnsbalansetiltak på alle felt og nivå. Debattleiar Rhiannon Hovden Edwards (til venstre) frå Balansekunst viste det med ei rad med eksempel, og stilte spørsmålet om det var eit politisk ansvar. Frå desse (vidare frå venstre) Svein Harberg (H), Kari Elisabeth Kaski (SV), Thomas Walle (Musea Sogn og Fjordane), Julie Lødrup (Ap), Hans Ole Rian (Musikernes fellesorganisasjon), Guro Kleveland (Kulturtanken) kom det seks JA, utan om og men, i første omgang då.

Korleis skulle så det ansvaret arte seg? Skillelina her var vel om det skulle vere belønningar for god innsats eller føringar og krav for å få tildelt pengar, og for offentlege innkjøp. Føringane for tildeling forsvann i 2014. Er likestilling eit mål? Igjen seks JA. Det må innsats til frå førskole og skoleverk til akademia for å gi rollebielete og modellar som opnar for at begge kjønn slepp til og kan utvikle sine talent og spegle ein breiare røyndom.

Det må vere lov å sei at debatten i Bakgården var noko meir kultivert enn partileiardebatten seinare på kvelden. Om han var avklarande er meir uvisst.

Daniela Reyes
15.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Hundre prosent kvinner på scenen etterpå, og likevel, med eit hint til debatten sa Daniela Reyes ho måtte kompensere litt: ho hadde med seg to gitarar, eit trekkspel og looputstyr. Det siste har Bakgården opplevd fleire gonger før, og det er like fascinerande kvar gong. Ikkje minst i går, det utstyret me har sett før har vore enklare og mindre omfattande. Ho tok opp sitt eige spel, spelte det tilbake, bytta instrument undervegs og spelte så saman med seg sjølv, presist, vakkert, breitt lydbilete. Innimellom og under framføring turnerte ho utstyret på scenegolvet med sokkekledde tær.

Ho starta med eit par av dei meir kjente melodiane sine, City Light og Melancholic Song. Ho var blitt utfordra til å skrive ein norsk tekst; det hadde ho gjort, den hadde ingen tittel – heitte bare nr 4. Ho skreiv i grunn fleire tekstar enn melodiar utan at ho visste grunnen, og det var ikkje alltid rim. Ho sa melodiane var litt triste og litt glade, men det var koseleg å tenke på. Den siste songen hadde heller ikkje namn, det var nr 1. Den hadde ho framført før og då var den roleg, men fordi ho så lett blei oppfatta sjarmerande framførte ho ein versjon som ikkje var roleg.

Attenåringen aleine på scenen kompenserte veldig bra. Det var Arendalsuka og Balansekunst som stod for begge arrangementa.


Bursdag for Cornelis
12.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Cornelis Vreeswijk kom til Sverige frå Nederland som trettenåring. Han som blei ein meister med det svenske språket, han vart nekta svensk statsborgarskap i 1968 fordi han ikkje kunne svensk godt nok(!). Tirsdag denne veka hadde han vore 80 år. I går vart han hylla i Bakgården, og det blei ein bursdag verdig Cornelis.

Dei som hylla han var Anne Bolette Stang Eng og Knut Olaf Elvik med musikarlaget Rasmus Solem på tangentar, Espen Larsen på gitar, Dag Tynes på trommer, og Ole Kelly Kvamme på bass. Publikum fekk servert eit utdrag av dei 700 tekstane han gav ut, dei to song saman og kvar for seg, frå det vemodige til det sprelske. Publikum song og nynna med innimellom. Personliga Person kom i Imperiets versjon av visa. Fred Åkerstrøm var jamgammal med Cornelis og ein nær ven. Han fekk sin hyllest: Stang Eng song Jag ger dig min morgon.

Publikum, som i snitt nok var litt oppi åra, overtok delar av Turistens klaga. Aller sist av ekstranummera kom Sommarkort, den siste visa han spelte inn før han døydde av leverkreft i 1987:

Somliga säger vi lever i evighet,
fast döden är det sannaste som dom vet.
Andra säger lyckan finns i ett ögonblick,
fast dom aldrig hann i fatt de dom fick.


Ein pluss to
05.08.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jon Fosse sjølv var der ikkje, men orda hans var, framført av skodespelaren Anne Marit Jacobsen. Det var knappe tekstar: om det vanskelege i å skrive, om å kjenne på «noko veldig der inne eller ute ein stad». Det var mange knytt til naturen, vêret, fjell, dyr, og nokre om å vere nær andre menneske. Siste delen av kvelden var frå Morgon og kveld, om Johannes, son til Olai, han som vart fødd ein morgon og skulle bli fiskar, han som døydde ein kveld. Me fekk fødselen.

Benedicte Maurseth vevde orda saman med hardingfelespel, og innimellom song. Tekstane til Fosse har vore kalla lågmælte. Spelet til Maurseth var lågmælt, fast og vakkert. Før ekstranummera vart delar av forsamlinga utnemnd til representantar for q-tipsgenerasjonen av Anne Marit Jacobsen, før ho kom med Hundesong. Benedicte Maurseth song Fosses tekst Ser du eit hjarte med melodi av Berit Opheim – utan fela til. Det var vakkert.


Standup
20.07.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

I går var Eldar Vågan og Tor Welo i Bakgården, der hadde dei ikkje vore før, men Welo hadde vore nær på: han jobba på Hotell Phønix på 70-tallet. Vågan hadde hatt ein gammalkjærast frå Gjerstad, men ho vart tung i baken etter kvart, og tung å danse med fordi føtene var grodd fast i støvlane. Totningen Vågan bur i Bærum, men hadde au budd på Kongsvegen 75 i Brummundal då Welo kom på besøk under prøvekøyring med ein rådyr Volvo, då dei kalibrerte brennevinsmengde og blandevatn ut frå mønsteret på syltetøyglasa, og køyrde bil etterpå. Det gjekk ikkje bra …

Innimellom bytta Vågan gitaren med elektronisk trekkspel: spelet sjølv gav ikkje lyd; lyden gjekk gjennom kabelen, så han kunne spele i verdsrommet, utan at det hadde vore forsøkt. Nesten to timar utan pause, med muntleg og musikalsk dialog mellom dei to, på kjent vis og kjente vriar på kjente melodiar. Bakgården var fullsett, folk var blide då dei gjekk, men det kom klagar på høgt lydnivå.


Frå Fræna til korintarbrevet
13.07.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ine Hoem med band i Bakgården i går kveld, for første gong i Arendal. Ho syng elektronisk pop med ein fot i jazzen, og har ein mektig stemme. Med seg hadde ho Julie Falkevik Tungevåg med tangentar og song, Trygve Fiske på bass, og Marius Simonsen på trommer. Ho har to plater bak seg, Angerville og Moonbird, der svenske Tobias Frøberg har vore med, og til hausten kjem den tredje.

Bakgården fekk høyre eit knippe melodiar som finst på platene, alle på engelsk, med eitt unntak, Sang til Sonja. Den er laga av bergensgruppa Hjerteslag, og er med på plata som kjem. Ine Hoem er datter til Edvard Hoem som kjem frå Fræna, og natur og himmel og hav her låg i botnen på fleire melodiar. Love is heavy var inspirert av det første korintarbrevet si utlegging av kjærleiken: «Kjærleiken utheld alt, trur alt, håpar alt, toler alt.» Stick to it kom til etter at ho las Olav H Hauges dikt Hald på med ditt, som au forsamlinga fekk høyre før songen kom. Ekstranummeret tok ho aleine, på tangentar: Get it off.

Dei må gjerne komme igjen, det er fleire menneske her nede som toler å høyre musikken.


Unike Unstad
08.07.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Tonje Unstad for fjerde gong i Bakgården i går kveld. Første gongen var i 2007, då sat det ein dryg handfull folk framfor scenen utan at det påverka ho i negativ lei. Ti år seinare har dama frå Harstad gitt ut to plater, turnert barneskolar over heile landet, budd i Oslo og Tromsø, fått Prøysen-prisen, to Spelemannsprisar, to barn og blitt slarkat i kantan. Den skjellsettande opplevinga å bli mor fekk forsamlinga i ei vakker vise om varmen frå eit barn på armen, om slit og uro og ansvar og lite søvn.

Om det hadde møtt opp to, ville ho sett dei på første rad, sette seg på scenekanten og halde intimkonsert sa ho. Det blei ikkje nødvendig i går. Ho fekk med seg publikum til å vifte med peikefingaren til ein barnesong (?), til å hyle som ulvar til Natteliv, ein song om det garva utelivet i Tromsø, og allsong på Orca ikkje, visa om spekkhoggaren frå stranda i Evenes. Ho hadde ei vakker vise om kjærleik. Den endte ikkje godt. Det var miljøskade etter turnering saman med Jan Eggum fekk me vite.

Ein tekst var ikkje sjølvlaga. Med høg jentestemme song ho Bestemor sitt utedo med tekst av Helge Stangnes – om bestemor som var tjukk og god, med utedo med hol som var laga etter ho. Alle kan vel forstå at det kan vere litt problematisk for ein spinkel unge.

Det blei sukka «åja!» i forsamlinga fleire gonger då ho annonserte dei kanskje mest kjente melodiane sine. Ho avslutta nydeleg med Æ ror aleina, og så Søv du i natt som ekstranummer. Halvannan time på scenen utan pause, ei dame aleine med gitar.


Ranværing i regn
29.06.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fleire på scenen i går kveld var kortreiste. Camilla Susann Haug er frå Mo i Rana, men bur på Hisøya. Ho leverte eit knippe med sjølvlaga tekstar, med unntak av to. Dama syng det som har blitt kalla visejazz. Første plata kom for ti år sidan, neste kjem fredag 13. oktober, så er ho trygg om omtalen blir dårleg, som ho sa. Den nye plata – Tusentrinnstrappa – gav namn til konserten i går. Det var jordnære, litt mørke tekstar, om mørketid, frost og regn, men au ein hyllest til ei bestemor som hadde levd eit langt men for kort liv. Ho song trygt og godt på sin eigen dialekt, og sjølv om det småregna blei det aldri «regnværsdialekt».

Ho hadde med seg Espen Berg Trio: Espen Berg piano, Bárður Reinert Poulsen bass, Simon Olderskog Albertsen trommer. I tillegg Lars Andreas Haug på tuba, og Oscar Andreas Haug på trompet. Alle handterte instrumenta sine framifrå; publikum klappa nesten da capo innimellom, og til slutt kvitterte dei for ein strålande konsert med ståande applaus.


Solidaritet
23.06.2017

Fagforbundet hadde hyra inn to lagerarbeidarar, ein kjerkeorganist, ein NAV-tilsett, ein salsarbeidar og ein som jobbar med rekneskap i kommunen. Og med lydmann frå Grimstad blei det solidaritetskonsert. Elin Berntsen ønska velkommen ein godt besøkt Bakgård, og Venke Anny Nes fortalde om forbundets SOS-landsby i Huambo i Angola.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Bjørn Aslaksen hadde med seg Leif Rino Muller på tangentar og Anne Johannesen og Thomas Isaksen kora. Sjangermessig var det viser og country, alt på engelsk, og med eitt unntak (Dylans Boots of spanish leather) eigenprodusert. Og det handla om det som stod han nær, frå songen til dattera som skulle dra heimanfrå, til kona, til broren som døydde ung, med glimt i auget om at han var distre og var hypokonder: han var overfølsam for symptomer, som han sa.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kim Isaksen med May Linne Danielsen på tangentar. Her gjekk det frå viser, pop, rock til musikal, frå Abba og Secret Garden til Louis Jacoby, Erik Bye og Ole Paus. Som ei forsikring – eller ei bøn? – slutta han solidaritetskonserten med You’ll never walk alone.

Alle sju fekk solidaritetsbevis for innsatsen.


Historie
22.06.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

Jack Stillwater og roots-musikk i går kveld. Dei fire på scenen (frå venstre Morten Huseby, Terje Espenes, Arne Harald Foss og Odd Inge Rand) budde innanfor for det regjeringa gjerne vil kalle Viken-regionen, men alle hadde tydeleg ikkje røtene sine der. Dei hadde aldri vore så langt sør som Arendal, og dei likte takhøgda i Bakgården.

Gruppa har sett musikk til vesentege og viktige hendingar i norsk historie. Prosjektet The Farmer’s Trilogy har fått strålande kritikkar; det starta for fem år sidan med ei utfordring om å skrive om den norske bonden, og blei eit opplegg i tri delar om norsk utvandring til USA: Slitet, uroa, håpet og draumane – i Norge; på reisa over; og det nye livet. I tillegg har gruppa laga musikken til filmen om Kings Bay-ulykka på Svalbard i 1962. Dette og meir fekk Bakgården presentert gjennom tjue melodiar i går. Frå det vare og rolege (og to akkustiske) til meir harde og røffe. Dei må veldig gjerne komme igjen, til eit større publikum.


Arendalittar med talent
15.06.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

I går kveld var scenen i Bakgården rigga for Kulturskolen. Det måtte bli trangt. Lærarane Anna Jastrzebska, Kevin Miller og Egil Ødegård var i sving under konserten – dei to siste som musikarar, og Egil Ødegård loste oss i tillegg gjennom programmet. Det var ein kveld via til den rytmiske delen av Kulturskolen, for som han sa var det ikkje spesielt stas å slepe klaver inn i Bakgården.

Alt i alt 19 ungdommar mellom 13 og 19 år presenterte eit program som spente frå jazz i ulike sjangrar, til Abba, Dylan, Beatles, instrumentalinnslag og blåsarar. Det var tydeleg nervar hos ein del, men det var store talent og evner som blei vist fram for ei forsamling med mange stolte opphav og beste-opphav, familie og vener. Det er ganske naturleg i ein slik samanheng, men konserten hadde utan tvil gått heim hos alle som liker musikk.

Under konserten fekk Martine Kristiane Tan Drømmestipend 2017 som ein av 100 over heile landet. Ho er matematikkstudent med allsidig bakgrunn frå piano, gitar, saksofon, kor, korps, tegning, digital kunst og grafitti.

Egil Ødegård går ut i pensjonistlivet neste veke, og fekk blomstar etter 38 års innsats for kulturlivet i Arendal.


Melodisk i regnet
08.06.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Steinar Raknes er kalla innovatør på bass. Det gjeld sjølvsagt det musikalske, men for å få til det musikalske må ein ha på plass det praktiske og tekniske. Einmannsorkestret hadde eit pilkoggeraktig futteral hengande på bassen der felebogen var når han ikkje brukte den. Innimellom blei den brukt på strengane, eller bogetuppen til å starte loopen: Med loopen tok han opp spel og song, som han så spelte av litt seinare. Slik spelte og song han saman med seg sjølv, presist, og ikkje minst melodisk vakkert. Ein bass som var som eit fuktig handkle på grunn av regnet hindra ikkje det.

Det var rock, blues, country og americana som lova: frå melodiar som Speed of the sound of silenece; Corrina, Corrina; I’m on fire til eit par eigne komposisjonar. Og han likte å synge etter to månaders platearbeid i studio utan å synge. Woodstock har med strofa We are stardust – med 3-4 måkeskrik over duken endra han det lynkjapt til We are seagulls. På Walkin instruerte han publikum til å kore ordlaust med, og dei var fornøgde på og framfor scenen.

Vêret blei langt betre enn det meteorologane hadde truga med. Konserten var eit samarbeid mellom Bakgårdskonsertene og Arendal jazzklubb.


Ein 55 år gammal draum
01.06.2017

 

 

 

 

 

 

 

 

– Her va det mye kjentfolk, sa setesdals-arendalitten Kirsten Bråten Berg då ho entra scenen i går. Sist ho var her, fekk ho tatt familiebilete med søskenbarn mm. Då ho vaks opp i Arendal, kunne ho ikkje gå i jazzklubben, og ikkje spele i Guttemusikken. Men femtifem år seinare fekk ho hemna seg med å stille saman med tri eminente jazzmusikarar: Rune Klakegg på tangenter og trekkspel, Jan Olav Renvåg på bass, Leiv Rune Solberg på diverse strengeinstrument.

Dei serverte ei blanding av gammalt og nyare – frå En sang til deg jeg synge vil og Svarterabben til Den skamløse gamle dame (Alf Cranner), Slak line (Kjartan Fløgstad) og Cohen/Rems Spurv på en snor. Det blei nesten fulltonande allsong på Eg gjette Tulla og Blåmann, Blåmann, bukken min. Innimellom mimra kvartetten om gamle instrument og anna. Balladen om Lill Lisa hadde Kirsten Bråten Berg frå eit voksrullopptak med Svein Hovden, og før framføringa av songen demonstrerte ho og Leiv Solberg stemmeforvrenging og bakgrunnsstøy på voksrull.

Himmelen var blå, det var eit litt kjølig drag i lufta, men dei snautt hundre framfor scenen fekk med seg ein flott start på årets Bakgårdssesong.


Frokost
02.05.2017

IMG_1571 (2)

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein er profesjonell, resten amatørar. Det er dugnadsgjengen som sørga for 1.mai-frokost på Fagforeningenes Hus i går. Drygt femti personar forsynte seg med mat. Bordet hadde det meste av det eit slikt bord skal ha. Som til dømes eggerøre, røykelaks, ramsløkpesto, rabarbrasuppe, waldorfsalat, glutenfritt brød…

Frokosttradisjonen har nokre år på baken. Som alltid var det var nye fjes, men au dei ein må rekne som vetaranar: folk med ungar som sjølv har vore frokostgjestar sidan dei var ungar.

På ettermiddagen gjekk 140 i tog frå huset til Sam Eydes plass, der Christina Bech Jørgensen og Gerd Liv Valla snakka for rundt fire hundre. Parolane i toget var: Trygge jobber, nytt flertall ● Nei til privatisering, styrk offentlig sektor ● Styrk yrkesfagene, fler lærlingeplasser ● Vern Åsbieskogen og bymarka ● Trekk Norge ut av Tisa-forhandlingene ● Ut av EØS ● Fritt Palestina ● Atomnedrustning nå – forbud mot atomvåpen ● Stopp USAs dronekriger.


Kvinnedag i snøvêr
09.03.2017

2017.03.08

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Først heldt Marthe Næss Thomassen appell, så gjekk 140 i tog (det var 90 i fjor) i snødrev frå Kanalplassen til Fagforeningenes Hus. Parolane i toget var: Vi hilser våre medsøstre 8. mars – kamp mot all kvinneundertrykking ● Beskytt kvinner på flukt – krev trygge veier til Europa ● Ikke svekk kvinners stilling – forsvar likestillingsloven ● Kamp mot vold og voldtekt – rettsikkerhet for kvinner ● Atomnedrustning nå – forbud mot atomvåpen ● Solidaritet med verdens lesbiske! ● Kvinnekamp mot sosial kontroll og æreskultur.

Det blei stuvande fullt i storsalen – damer i alle aldrar frå unge jenter til pensjonistar, meir enn ein handfull mannfolk (frå ungdom til pensjonistar), og sjølvsagt ungar, som mesteparten av tida teikna i ein av småsalane. Det var allsong, og det var appellar rundt parolane frå toget og meir: Amina Bitar, Feven Gebremariam, Azhar Hashi (ei av dei første kvinnene i moskestyre), Svala Torstveit, Ellen Rygh, Guro Fiola Andreassen.

Nina Jentoft fekk hekseprisen 2017 for innsatsen for likestilling. Åsta Lovise Einstabland snakka om «Kvinner og ledelse». Ho var opptatt av rollemodellar. Kvinnene gjør 66 pst av alt arbeid i verda, får 10 pst av lønna, og har mindre enn ein prosent av all formue. Derfor var det viktig å få fleire kvinnelege toppleiarar, sa ho. Det møtte motbør frå damene i salen: Alle damer kunne ikkje bli leiarar, eller var slett ikkje interesserte i det, og det var viktig med rollemodellar på alle plan.

Det er førti år sidan FN gjorde 8. mars til den internasjonale kvinnedagen, og nesten like lenge har Fagforeningenes Hus servert kaffi, vaflar og anna til dei som feirar dagen.


Han derre bergenseren og stinn Bakgård
27.08.2016

eggum2

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dei var fornøgde med kvarandre i går, publikum og Jan Eggum. Det var fjerde gongen han var i Bakgården, og han var i det pedagogiske hjørnet: Det var dei to reglane for allsong: «1) Syng same song som meg, og 2) ikkje vent med å synge til naboen startar, det kan hende han gjør det same.» Og ettersom han hadde mange nye gode (frå den nye plata Rio han så viidt nemnde) han gjerne ville framføre, og ganske mange gjerne ville høyre gamle gode, då kunne solid klapping etter ein ny føre til framføring av ein gammal. Folk lo, humra, gapskratta, og song og klappa med.

Dei gamle – som Mang slags kjærlighet; Mor, eg vil tilbake; Heksedans; Alarmen går (ikkje La armen gå som ein journalist visstnok skreiv ein gong); Kor e alle helter hen; På’an igjen – kom derfor innimellom nye, og innimellom vitsar, leik med ord og litt engelsk for eventuelle foreigners.

Songaren, gitaristen, komponisten og tekstforfattaren viste til analysar av dei over 200 melodiane han hadde laga, der bare 7 endte godt. For å sikre seg mot at folk gjekk på byen og fortalde det hadde vore gøy på Eggumkonsert i Bakgården, avslutta han med En natt forbi.


10-årsjubileum med Amatørene
25.08.2016

Amatørene2016

 

 

 

 

 

 

Frå venstre Thor Pinås, Anita Tvede, Karen Tobine Løvsland, Anders Thomassen, Thorbjørn Clausen, Anita Wroldsen, Leif Arne Danielsen (Daniel), Olav Slaattene. Lydmann var Thomas Løken, bakkemannskap Anita Stiansen, Anny Fløistad, Anne Marie Johansen, Sylvia Pinås.

Det er tydeleg det store jubileumsåret i Bakgården. Til lørdag er ti år og ein dag sidan den aller første seansen med Amatørene i 2006. Kjennemerket har vore viser, køntri, sketsjar og sjølvsagt allsong. Sidan starten har det vore fast takst at dei avsluttar sesongen i Bakgården, dei siste åra med to kveldar. Alle i gruppa er frå distriktet, samansettinga har veksla gjennom åra, bare Leif Arne Danielsen har vore med heile tida.

I går kom det kjente og mindre kjente melodiar. Det var frå Ønskekonserten på 50-talet (De nære ting); det var Beatles (Hey Jude); det var Tilgivelensens kunst; og Omtrent som før. Det var køntri, irsk (Fields of Athenry), og rock (som Proud Mary, Lay down Sally). Og sjølvsagt Reinert med beinet. For andre gong i sommar fekk Bakgården høyre Bjarte Hjelmelands vakre omdikting av Dylans Make you feel my love. Det var songar av Jonas Fjeld og Henning Kvitnes. Publikum var med, og klappa til slutt da capo. Som dei amatørene dei var, gjekk dei ikkje av scenen før ekstranummeret. («Det er så mykje å snuble i.») Og fordi dei var amatørar, hadde dei heller ikkje planlagt ekstranummer, og tok Midnight special om igjen. Publikum godtok det glatt, og klappa fornøgde med. Amatørene stiller igjen på lørdag.


World Music aus Berlin til arendalske kjerkeklokker
20.08.2016

klezmer2

 

 

 

 

 

 

Aletchko trio for alle første gong i Norge, med filolinisten Alexey Aletchko Kochetkov, gitaristen Cristian Varas og perkusjonisten Peter Kuhnsch, frå Russland, Chile og Tyskland, alle bur i Berlin. Der bur det menneske frå 180 nasjonar fredeleg saman. I denne smeltedigelen blir det spelt musikk frå heile verda, eigentleg world music blei det sagt, og skapt ny med utgangspunkt i desse tradisjonane. Den musikken ville gruppa presentere for Bakgården i går, «to put a smile on your face».

Musikken hadde opphav på Balkan, Midtausten, i sigøynermusikk, klezmer og klassisk musikk. Det var rondoliknande musikk med arabisk rot, det var musikk frå Afrika, og det var eit par eigne komposisjonar. Det var fyrrig musikk og framifrå handtering av instrumenta. Då Aletchko instruerte publikum til å klappe 7/8-dels takt til ein greskinspirert melodi, starta dei katolske kjerkeklokkene på Tyholmen, slik dei alltid gjør kl 1825. Dei er ikkje dei første artistane som har blitt overraska under lydprøve eller konsert, men det var tydeleg første gongen for dei. Dei avslutta to ekstranummer med melodien Abraham (vår far), ein ladinomelodi, i spansk-jødisk tradisjon frå 1500-1600-talet.

Folk smilte då dei gjekk. Arendalsuka stod for arrangementet.


Kulturdebatt og Rita Eriksen
19.08.2016

Kunstfolk

 

 

 

 

 

 

Debatten om gammal og ny åndsverkslov starta pedagogisk med at Lise Stang Lund uteska Irina Eidsvold Tøien, Ida Kindem (NOPA), Ida Otterstad (BONO) og Jan Terje Helmli (Norwaco) om korleis teknologiske endringar skapte nye problem for opphavsretten til dei som skriv, maler, filmar osv. Litt ulike problemstillingar, men frå trykkekunsten og Gutenberg til i dag har teknologiske nyskapingar alltid komme først og opna rom for dei som vil gå utanom eksisterande lover og avtalar for å sko seg, sleppe å betale dei som skapar. Skaparen må få vederlag, uavhengig av teknologisk plattform. Privat bruk må kompenserast av det offentlege, og det betyr meir pengar.

Politikarpanelet Ola Renolen (MDG), Ola Elvestuen (V), Bård F Fredriksen (H) og Hege H Liadal (AP) var nesten rørande samde. Om teknologiuavhengig åndsverklov som sikrar vederlag til skaparen frå dei store kommersielle aktørane, og vederlag frå det offentlege for privat bruk. Dei trudde lovforslaget ville gå greit gjennom. Spørsmålet blir vel nettopp kva som skjer i høyringsrunden, og evnen til å handheve eit nytt lovverk.

Debatten blei videooverført direkte til You Tube. Ikkje heilt logisk kanskje å mate eit av dyra dei meiner alt får for mykje?

RitaEriksen

 

 

 

 

 

 

 

 

Rita Eriksen hadde med seg broren Frank og Stian Tønnesen. Dama er mangeårig medlem i NOPA, men det var først dei seinare åra ho for alvor hadde skrive musikk sjølv. Den første heile songen laga ho ein varm sommardag for tri år sidan, den kom: Der ingenting skjer. Elles var det mange av dei gode kjente. Ein publikumar ønska seg Den verste vinteren, den kom utafor settlista. Prøysen vart hylla med eigen versjon av Sønnavindsvalsen, og Tir n’a noir kom til slutt.

Bakgården var godt fylt, og det var Kunstnernettverket som stod for arrangementet.


Frå barokken til Brecht og Weill for a while
18.08.2016

Augestad

 

 

 

 

 

Frå venstre: Pål Hausken, Martin Taxt, Tora Augestad, Mathias Eick, Stian Carstensen.

Mezzosopranen Tora Augestad, Stian Carstensen (Farmers Market), Mathias Eick (Jaga Jazzist, Manu Katché), Martin Taxt (Trondheim Jazz Orchestra, Koboku Senju) og Pål Hausken (In the Country, Susanna) er ifølgje programmet i ferd å slå gjennom internasjonalt. Dei gjorde det iallfall for ein fullsett Bakgård. Dei fekk servert det beste frå dei siste 400 åra. Frå død og dævelskap i barokken, til tekstar og melodiar av Brecht og Weill, frå kammermusikk til kabarétsongar. Fantastisk song og musikk. Innimellom var det på grensa til allsong, på Mackie Messer og September song.

Dei avslutta med ein pophit frå 1603: Come again. På nettet kan ein no lese at australske forskarar har funne ut at du blir lykkeleg av å gå på konsert og høyre på musikk saman med andre. Du treng ikkje dra til Australia for å finne ut det.


Halvdan Sivertsen inn i svarte natta
17.08.2016

Panel

 

 

 

 

 

 

 

Frå venstre: Hans Christian Holte, skattedirektør; Randi Flesland, direktør Forbrukerrådet; Jon Sandnes, Byggenæringens Landsforening; Jan-Ingolf Ropstad, stortingsrepresentant, KrF; debattleiar Erik Wold. Elles deltok Helge Orten, stortingsreprensentant H; Ingebjørg Harto, direktør næringspolitikk, NHO; Trude Tinnlund, LO-sekretær; Jorunn Berland, leder, YS; Anette Trettebergstuen, stortingsrepresentant, Ap.

Det var ein fullpakka Bakgård og eit tungt panel som stilte til debatten om svart økonomi. Det er mest svart arbeid innan reinhald og snikkararbeid; med årleg oppussing for rundt 70 mrd kr står det svarte arbeidet for rundt 21 mrd. Forbrukarrådet ønskar lage ein forbrukarportal, men då var dei avhengig av å få informasjon og data frå andre. Skattedirektøren sa dei sat på opplysningar dei ikkje kunne dele mellom eigne avdelingar pga gjeldande reglar. Fleire meinte teieplikta måtte mjukast opp på dette området – den svarte økonomien skjuler ofte hard kriminalitet og misbruk av menneske.

Representanten for byggenæringa viste til HMS-kortet som forbrukarane kunne be om å få sjå – det var all grunn til å vere skeptisk til handverkarar som ikkje kunne legge fram det. Meir er på gang, politikarane meinte dei var einige om målet, det var verktøyet som trong tid for å komme på plass i eit system som malte seint. Skattedirektøren meinte alle var rørande einige.

Eit siste punkt tok opp den såkalla delingsøkonomien, den var kommen for å bli, på områder der forbrukarane ikkje var fornøgde, blei det sagt. Ein måtte tilpasse regelverket. Men det kan vel ikkje kallast deling når ein tar seg betalt ?

Sivertsen

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Som det stod i programmet ramma Halvdan Sivertsen inn debatten i går, halvanna melodi før debatten og fleire etterpå, i kjent stil til eit fornøgd publikum. Med seg på gitar hadde han Håvard Bendiksen. («Med to gitarar er det viktig at iallfall ein av dei er superflink. Men Håvard er ganske god han au.») Det blei mange viser og vitsar med tema kjærleik. Bryllupa blir større og finare, ekteskapa kortare og kortare. Men enkelte er så heldige å ha same kjæraste år etter år – utan at kona oppdagar det. Då dei hadde sunge seg ferdig, og folk hadde sunge med, var det svarte natta.

Arrangør: Samarbeid mot svart økonomi (LO, NHO, KS, YS, Unio og Skatteetaten)


Solidaritet med trøkk
16.08.2016

Coker

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Verda er ikkje fattig, men urettferdig, sa Philip Rynning Coker. Han er nestleiar i Norsk Folkehjelps Solidaritetsungdom. Hovudorganisasjonen blei starta i 1939, i kjølvatnet av borgarkrigen i Spania og Finlandskrigen. Organisasjonen driv eit allsidig arbeid, innanlands med redningstjeneste, førstehjelp og ikkje minst på asylmottak. Utanlands er dei i alle verdsdelar, med humanitær nedrusting, minerydding mv. Mange fleire kunne bli med i arbeidet, det var ikkje bare raddisar med rastahår som dreiv med slikt, sa han.

Razika

 

 

 

 

 

 

 

 

Jentebandet Razika på fire frå Bergen hadde med seg to menn, då var mannekjønnet litt betre representert på scenen enn blant tilskuarane. Det var kanskje kulaste plassen dei hadde spelt, sa dei. Dei speler ei blanding av pop, rock, ska – det meste. I sommar har dei kritisert regjeringas innvandringspolitikk, og ikkje vore særleg glade for ros frå statsministeren. Men uansett: Trøkk var det i Bakgården i går! Og for dei som måte lure: Razika er eit palestinsk jentenamn.

LOs ungdomsutvalg i Aust-Agder stod for arrangementet.


Maks miks
13.08.2016

PolkaHeine

 

 

 

 

 

 

 

 

Det blei mykje latter i Bakgården i går kveld då Polkabjørn og Kleine Heine serverte ei salig blanding av jodling, strupesong, gospel, gamle svisker med Vera Lynn, Jim Reeves, Hank Williams. (Køntrien var for dei eldre.) Og dei hadde fleire eigenproduserte (for å få Tono-pengar). Og Whitney Houston som ikkje stod på settlista.

Med lett forvrengte tekstar innimellom, og for det meste med tvilsamt faktisk innhald i historikken bak det dei presenterte. Mens Polkabjørn vinka kongeleg etter kvar framføring, var det Kleine Heine som tok oss gjennom seansen i lett slentrande stil, forsikra seg stadig at folk hadde det bra, eller om dei hadde behov for ei lita tissepause?

Det var dobbelt jubileum – både 25-årsjubileum for Bakgårdskonsertane i år, og konserten i går var nummer 300. Det feira dei med quiz: Kor langt kasta Egil Danielsen spydet i Melbourne i 1956?

 


Full pakke med Reiersrud solo
06.08.2016

Reiersrud

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ein vanlegvis røff bluesartist aleine på scenen i går. Han hadde mjukna i løpet av sommaren, og mellom anna serverte han Prøysens Lille Måltrost med eigen melodi. Han kunne bruke instrumenta sine: Han veksla mellom to gitarar, ein weissenborn (Hawaiigitar), saz (tyrkisk/kurdisk versjon av instrument frå Midtausten). Med den framførte han den tradisjonelle kurdiske melodien Shaban (oppheve, løfte) med litt norsk tekst: «Shabana Rehman løfta mullah!» Og munnspel, med lynsnar og pustkrevande veksling mellom spel og song. Han brukte også noko tilsvarande loopen til Håkon Kornstad (sjå nedanfor).

Han hadde publikum i si hule hand som det heiter, og det var nesten da capo-klapping lenge før det nærma seg slutt. Imponerande klapping, som han sa. Han hadde snakketøyet i orden, og latteren sat laust. Ein time og førtifem minutt utan pause, med to ekstranummer. Han avslutta med Skjoldmøyslaget (som Bjørgum for 3 veker sidan), der han rulla ned på golvet, rulla på sit-ups-liknande vis mens han trakterte gitaren. Det var tredje gongen han var her, og det var alltid hyggeleg sa han.


Med skråblikk på livet
21.07.2016

Tønes

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Det var ferie, sol og ein sjeldan sommardag. Og i Bakgården var det Tønes og fullt hus. Med seg hadde Tønes Erlend Aasland på banjo, mandolin med meire, Arne Andersen på trommer, og Gaute Tengesdal på bass.

Sommarvarmen gjorde at han måtte småstemme litt på scenen, og folk ropte fram songtitlar dei ønska seg. Mannen, som eigentleg heiter Frank Tønnesen, er frå Sokndal og skriv på dialekt. For framføringane sine har han mellom anna fått Spellemannspris og Dialektpris.

Og i går serverte han eit knippe slike tekstar med skråblikk på livet. Det var om ein biltur, han som køyrde 40 uansett; det var om seminar, og han har heilt tydeleg vore på ein del; det var om kjærasten som vaska han på ryggen og passa på at han ikkje reiv buksa når han krabba over gjerdet; det var om vrangpinnen som bare ville ete klørne og ikkje det som var inni krabba. Og slik heldt det fram, med pussige og lune historier om dei hendingar, ting og saker som livet kan by på. Publikum gjekk lykkelege heim, og dei på scenen ba om å få komme tilbake.


Ein duo frå kystnære strøk og eit gufs frå dei inste bygdene
14.07.2016

FlottorpSolberg

 

 

 

 

 

 

 

Bjørgum

 

 

 

 

 

 

 

 

Johanne Flottorp er no felespelar i klasse A, ho har vore i Bakgården fleire gonger før. Åsmund Løvland Solberg har tatt ein master i improvisasjon på Högskolan för scen och musik i Gøteborg. Han har vore så vidt på scenen her før, men kjenner Bakgården godt etter fleire sesongar som hjelpemann for Frank Kvarstein.

Dei opna med gangaren Skorsvikjen, og heldt fram mest med tradisjonsmusikk, Klunkaren, Gygra – heksa som skal ha kasta stein då dei bygde kjerka i Bø. Ein sjølvlaga brureslått kom, Nordafor, framført første gong på bryllup i Nord-Norge i fjor. Dei slutta av med bruremarsj frå Herefoss. Det var kraftig og vakkert spel.

Hallvard T Bjørgum hadde tankar om drap og skytingar i USA, og minna om at me nordmenn hadde medansvar her, gjennom slavehandelen, ikkje minst Arendal. Som han tok oss gjennom repertoaret sitt snakka han om felene sine, innimellom til dei, og sa hardingfela var eit økologisk instrument – mesteparten var frå planteriket, utan kvinten frå mineralriket.

Og musikken: Det var Fjellrosa etter Lars Fykerud, det var Bokkoen, Fosslien. Han var innom felespelar Sigrid Besteland som har fylt 100, og Rolling Stones og Paint it black, som brukte reinlendartakt, men ikkje visste det sjølv. Bruremarsj frå Herefoss kom for andre gong. Skjoldmøyslaget kom til slutt. Ikkje heilt. Sølvsmeden og spelemannen Bjørgum har mange talent. Han entra scenen igjen, tok av hatten, rufsa håret fram og agerte Trump: «Make America hate again!»


Mänskliga Marie
07.07.2016

MarieBergman

 

 

 

 

 

 

 

 

Marie Bergman turnerer ikkje like mykje som ho gjorde (det var mykje), men til Bakgården må ho. Fordi det var som å komme hem til vardagsrummet, sa ho, og slik ros tar me med oss. I går var det fjerde gongen ho var her. Tittelen på siste plata er Den mänskliga faktorn, men på plakaten for konserten mangla ordet faktorn, så det var ein artig feil.

På eine sida var ho ikkje særleg politisk, men på andre sida var ho nettopp det. Alt hadde opphav i dei forholda me hadde til andre menneske opp gjennom livet, og kanskje redsla, redsla for ikkje å bli sett, elska, bety noko. Menneska er politikk.

Marie Bergman, aleine på scenen med to gitarar, songar og prat innimellom. Dama har halde det gåande sidan sist på 60-talet, og presenterte eigne songar, gamle og enkelte nye. Som ein hyllest til Sverre Kjelsberg song ho Ellinors vise.


Det hender så mangt i Bakgården
30.06.2016

WWB-nr1

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Kay Werner Hartvigsen, Johannes Winther Farstad, og Espen Beranek Holm.

Programmet lova musikalsk hyggestund med WWB Trio, der ein kunne nynne minner og synge rim, og slik blei det. Dei tri starta med You’re nobody till somebody loves you frå 1944, og deretter vandra dei litt fram og tilbake i tiåra på 1900-talet. I eit knippe med gamle norske revyviser fekk uvitande sørlendingar forklart at Det hender så mangt på Hovedøen ikkje heng heilt på greip: viss du er ved Dyna fyr har du passert Hovedøya for lenge sidan! Og til Landskampen kom det ei regnskur som bestilt.

Eldste melodi var frå 1915, nyaste frå 60-talet, om ein ser bort frå eigne tekstar. Beranek serverte sin eigen nynorske versjon av What a wonderful world – for ei nydeleg verd.

Beranek Holm trengte ikkje forklarte tidskoloritten frå 1927 på Serru serru til forsamlinga, og Winther Farstad tileigna You make me feel so young til publikum. Publikum tok hintet om alder over snittet med godt humør, humra med, og gjekk fornøgde heim. Og trioen likte seg svært godt i Bakgården.


Det var en gang en holme …
23.06.2016

… der Fagforeningenes Hus ligg. Samvirkende Fagforeninger kjøpte huset i 1955, og rehabiliterte det 1976 – 1979. Til opninga i 1979 kom avisa Tiden ut med eige bilag om huset. Der var det mellom anna ein artikkel om husets historie signert Christian Poppe. Poppe stod sentralt i kampen for å bevare det gamle trehusmiljøet på Tyholmen.

Du kan lese artikkelen her.

FH-1778-240

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Huset etter ombygginga i 1778.


Blå tonar
23.06.2016

blåsang

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå venstre Helge Norbakken, Anne Gravir Klykken, og Frøydis Grorud.

Litt regn og eit fåtallig publikum stoppa ikkje Blåsang i går kveld. Helge Norbakken tok runden og handhelsa på alle før dei la i veg: Frå ei salme i tradisjonen etter Haugianarmenigheita på Gvarv, til ei bøn om grøderikt år, frå den tida kristendom og norrøn tru enno levde side om side. Og det var songar om tragisk og dramatisk kjærleik. Mesteparten var frå Telemark og Buskerud, med tri unntak – Haugebonden frå Aust-Agder, Bjarte Hjelmelands omdikting av Dylans Make you feel my love, og Frøydis Groruds Astrid Lindgren-medley på tverrfløyta.

Og det var matprat. Frøydis Grorud kalla seg sjølv poteta i prosjektet, og Anne Gravir Klykken sa Norbakken var rosina i pølsa. Han på si side peika på at rosiner og pølser høyrte saman då damene entra scenen igjen etter at han hadde spelt solo.

Midt i var det utlodding, gratislotteri, med gevinstar frå rødvinssaus (pose) til Svensktoppar på LP.

Det var ein strålande konsert.


Frå Åraksbø til Kina
18.06.2016

Risnæs2

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Jens A Riisnæs starta ut i Åraksbø, og gjennom mange sidesprang i tid og rom tok han turen innom melkeintoleranse/-toleranse, jordbruksrevolusjonen, dei store høgkulturane som var grunnlag for alle sivilisasjonar, og dei protestantiske landa som var best å leve i no. Det var visstnok ikkje tilfeldig. Assad i Syria og Saddam Hussein i Irak var minst ille, og kommunismen i Kina var ei ulykke. Han hadde ikkje sterke meiningar; alt var i samsvar med realitetane, sa han.

Han snakka samanhengande i nesten halvannan time, før det blei ein snau halvtime med spørsmål frå tilskuarane. Arrangementet var eit samarbeid med Internasjonalt Marked.


Arrangement nr 292
12.06.2016

LivStoveland

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Liv Stoveland Woie markerte 25-årsjubileet for Bakgårdskonsertane i går med plateslepp. Etter å ha blitt utsett fleire gonger blei plateprosjektet til på 3 månader i vinter. Med seg hadde ho Espen Larsen (gitar), Rasmus Solem (tangenter), Ole Kelly Kvamme (bass), Per Willy Aaserud (trompet) og Harald Nyland (trommer).

Etter studiar av aviser og arkiv var Frank Kvarstein rimeleg trygg på at kveldens arrangement var nr 292 i rekka av det som starta 11. juni 1991. Mats Aronsen stod for den konserten, men kunne dessverre ikkje møte. Det var først i 1998 Bakgårdskonsertane kom på plass slik dei framstår i dag, med Eirik Sørsdal som ansvarleg. Heller ikkje han kunne møte. Kvarstein framheva til slutt samarbeidet med Fagforeningenes Hus.


Måkene tidde – nesten
09.06.2016

KornstadAghamir

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå venstre Reza Aghamir, loopen og Håkon Kornstad


Programmet lova at det skulle bli sjangeroverskridande vakkert i går kveld. I første settet regjerte Håkon Kornstad aleine på scenen. Han er jazzmusikaren som blei operatenor 32 år gammal. Han dreiv tenor battle – tok opp sitt eige spel på tenorsaksofonen på ein loop, som han så spelte av samtidig som han sjølv spelte og song.

Etter pausen hadde han med seg Reza Aghamir på piano og song, nok ein mann frå operamiljøet. Kornstad spelte i tillegg flutonett – fløyte med klarinettmunnstykke, og leverte operaariar. Alt blei presentert med humør, dei drygt hundre framfor scenen lytta med andektige smil, og sjølv måkene tidde – nesten.

Arrangementet var eit samarbeid med Arendal Jazzklubb.


Det blei is
04.16.2016

IMG_5535-retta

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Frå venstre Rasmus Solem, Bård Torstensen, Arne Henry Kristiansen, Tarjei Tverråen, Ole Kelly Kvamme (stand-in for Inge Ellingsen), Svein Tore Olsen.

Det var varmt i går kveld, men det var is det dreide seg om for dei rundt 180 tilskuarane og dei fem på scenen som feira tiårsjubileet sitt. Det var stor skjerm og stor stemning då gamle og nye skøyteheltar vart hylla frå scenen og/eller intervjua:

Det var Øystein Grødum som sette verdsrekord etter at han slutta som aktiv – han gjekk i ein time på 36,5-rundar i snitt; Knut Johannesen som mellom anna fortalde om gutungen som bytta ut biletet av Jesus han hadde over senga med Kuppern, etter at Kuppern slo Sjilkov med over 34 sekund på 10 000 m.

Og Nils Aaness som i fleire tiår har vore ein viktig bakmann i å bygge opp skøytemiljøet i Arendal. Sondre Skarli vart intervjua om sjansane for kommande suksessar. Ismeister Jon Skarli og Dølemo IL fekk sin eigen song. Og tiårs-jubilantane Melkesyra hadde med Soveig Andersen for å egge Sverre Lunde Pedersen til ny dåd.


Klart for ny sesong i Bakgården
13.05.2016

melkesyra2

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Melkesyra med litt redusert mannskap: Inge Ellingsen, Arne Henry Kristiansen, Svein Tore Olsen og Bård Torstensen.

I går presenterte Frank Kvarstein programmet for Bakgårdskonsertene – «og andre steder». Plassen var sjølvsagt Bakgården. I alt atten arrangement i Bakgården startar fredag 3. juni med Melkesyra og sluttar lørdag 27. august med Amatørene. Innhaldet spenner frå Polkabjørn & Kleine Heine til kåseri med Jens A Riisnæs, frå Halvard T Bjørgum til Tønes.

Heile programmet finn du på ibakgaarden.no.


1.mai-frokost
02.05.2016

I snart tjue år har frokosten på Fagforeningenes Hus markert starten på 1.mai-feiringa i Arendal. Alt blir rigga til med dugnadsinnsats og økonomisk støtte frå avdeling 9 i Fellesforbundet.

Frokost2

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Drygt femti personar er nok litt færre enn vanleg; helg og konfirmasjonar kan vere forklaringa. Men alle var (som vanleg) strålande fornøgde med serveringa. Bordet hadde det meste – frå ost, pølse og eggerøre til eksotiske saker som ramsløkpesto med råvarer frå sentrum (nesten) av byen.

Seinare på dagen gjekk 125 i tog frå huset til Sam Eydes plass. Fleire foto frå dagen kan du sjå her.


Fullt hus på kvinnedagen
09.03.2016

Etter toget på byen med 90 deltakarar, samla nesten like mange seg i salen på Fagforeningenes Hus for å feire dagen. Ein haug med ungar, damer i alle aldrar, og ein dryg handfull menn.

heksa2016

Trude Bollman Pedersen frå Refugees Welcome Aust-Agder fortalde om arbeidet dei har drive på flyktningemottaket på Hove.  Etterpå fekk ho Hekseprisen for 2016. Anne-Brit Dræge heldt appell frå Amnesty. Innimellom trakterte Elisabeth Christiansen pianoet til allsongen, og leverte sine tolkingar av Imagine og Mitt eget land. Dei som var på kjøkkenet sørga for sal av vaflar og kaldt og varmt drikke.

8. mars-komiteen i Arendal stod for arrangementet.


filler-ori

Ånden i fillehaugen
10.02.2016

I går var det kulturlunsj i salen på Fagforeningenes Hus. Nærmare hundre damer (og tri menn) var møtt fram for å høyre Annemor Sundbø snakke om «strikkeskatter fra hverdagskultur og folkelig tradisjon», som undertittelen var.

Annemor Sundbø er dama som måtte kjøpe ein ullvarefabrikk for å kunne studere slike strikkeskattar. Ho er faglærar, tekstildesignar, kunsthandverkar og forfattar. Ho har fått ei rekke prisar for arbeidet sitt. Ho er eit fyrverkeri av ein fortellar, og ho dreiv arkeologiske utgravingar i fillehaugane ho hadde med, og fortalde om mønster, opphav til mønster, teknikkar, omstrikk, ombruk og omsøm.

Og ånden i fillehaugen? Det var kunnskapane som låg til grunn, sa ho, og magien som skjedde når desse kunnskapane materialiserte seg.

Espen Søbye skulle vore der.

Det var Arendal kommune ved kulturnettverket som stod for arrangementet.


Søk:

Hva skjer:

 

Skal du holde møte

eller konferanse på

Fagforeningenes Hus?

Vi kunngjør det her.

 

Om oss:

 

Fagforeningenes Hus
Nedre Tyholmsvei 16
4836 Arendal

 

Fagforeningenes Hus er eid av Samvirkende Fagforeninger. Formålet er å skaffe fagforeninger og arbeiderbevegelsens organisasjoner møte- og kontorlokaler. Vi er tilslutta Folkets Hus Landsforbund.

 

Leder Liv E Johansen
91 13 45 04

 

Nestleder Bjørn Gottsclich
90 58 90 59

 

Vaktmester og utleie av møtelokaler:
Leif Arne Danielsen
90 87 98 95

 

Utleie av kontorlokaler:
Helge Wahlstrøm
91 34 54 93