Fagforeningenes Hus Arendal

Viser over hundre år, gjenbruk og fornying
Torsdag 24. august 2023

Lars Klevstrand har vore med i Ballade! og Gatesangerne, motatt prisar, vore med i musikal og kabaret, gitt ut bøker. Han har tjuefem plater bak seg, aleine eller med andre, med breit sjangerval. Siste plata er Fralandsvind som kom i fjor. I tillegg til innsats som produsent og studiomusikar på andres plater. Han har vore eit midtpunkt i norsk musikkmiljø i femti år, og snittalderen i går kveld låg omlag deromkring. Ikkje noko galt i det, men eit ungt publikum hadde fortent å høyre han. Han var første gongen i Bakgården i august 2001, og for sjuande gongen i går kveld.

Han starta rett på med Kjære Trægde, der han oppdaterte Otto Nielsens revyvise frå 1978 med klimakrise, samar og Ukraina-krig. Gjenbruk er bra, og det er ein bra ting å fornye samtidig, sa han. Og me fekk i hovudsak slike fornya gamle viser, og viser med original tekst, i eit spenn på hundre år. Mange av dei har han tonsett. Stå med glans er ei slik vise, frå Kjartan Fløgstads roman Dalen Portland. Same mann bak Vladivostok, om den tidlegare turnaren som kjem til Vladivostok som sjømann. Folk storlo.

Så den eldste, Rudolf Nilsens Morgen ved Russlands grense frå samlinga På gjensyn i 1926. Så hengte han frå seg gitaren og tok fram eolsharpa (ein hybrid) og Fløgstads Eg har sett lyset kom, full av ordspela hans. Her sleit Klevstrand litt med plystringa, utan at det plaga folk. Tittelsporet Fralandsvind frå plata i fjor har tekst av Torstein Bugge Høverstad. Alt er så nær meg har tekst av Inger Hagerup, og Tung tids tale av Halldis Moren Vesaas, skriven i tidleg etterkrigsår. Symposion er det greske ordet for symposium; visa av Arnljot Eggen som han skreiv der nede. Han skreiv au Berre, med melodi av Finn Ludt. Mellom kameratar var ført inn i vår tid, med krigen i Ukraina. Etter Prøysens Visa om løgna henta han fram Eggen igjen – Ventevise. Så kom Sidsel Mørcks Blå er vår eneste himmel. Erik Bye var ein av heltane hans frå tidleg ungdom. Apollo var ein av dei mest erotiske tekstane, sa Klevstrand og songen hausta stor applaus. Jorun og humlen er om dama som fekk eit humlestikk i stortåa og ikkje drap den. I samme båt har Klevstrand skrive sjølv, om flyktningar, bruk og kast – «er vi i samme båt?»

Han avslutta med Ein song til motet, omsettinga hans av Mikael Wiehes En song til modet, godkjent av forfattaren sjølv. Det glapp litt og han tok ny sats, og fekk ikkje lov å slutte då folk klappa han fram igjen til Evert Taubes Natt i Ligurien. Tjueein melodiar, ein mann aleine i nesten halvannan time utan pause. Ein flott slutt på Bakgårdssesongen, der Atle Stornes styrte lyden.

Russarane er bare menneske
Fredag 18. august 2023

Julie Wilhelmsen (forskar, Russland-ekspert og Fritt Ord-prisvinnar 2023), Kai Eide (tidlegare politikar, fredsmeklar og NATO-ambassadør) og Atle Grønn (professor i russisk ved Universitetet i Oslo) var på scenen i går kveld for å snakke med Harald Stanghelle om det som skjer i Russland og her i vest, ifølgje programmet.

I 1991 intervjua Stanghelle den sovjetiske avhopparen Mikhail Butkov i London. Det einaste han hadde fått med seg var boka «Russland er et annet sted» av Peter Normann Waage. Er Russland det?

Atle Grønn hadde gått over til slaviske språk og lært seg ukrainsk etter Russlands invasjon i 2022. Han meinte det er lett å forstå Russland. Det er verre å forstå Ukraina. Det er ei mytologisering rundt Russland, det er ikkje så gåtefullt. Putin driv eit mafiavelde, utan visjonar, ingen ideologi, med å karre til seg med løgn og vald.

Julie Wilhelmsen fekk prisen fordi ho hadde stått i stormen og fremma nyanserande kunnskap. Mange forvekslar det å forklare med å forsvare. Russland er nok ein annan stad sa ho, men russarane er bare menneske dei au. Ho er usikker på kva Putin tenker. Som forskar må ein forstå sine eigne avgrensingar. Du får bare eit utsnitt av det verkelege som du sjølv har valt. Ho studerer landet som eit samspel mellom leiinga og folket, og leiinga og leiinga i andre land, over tid, frå den tida Sovjetunionen fall. Det var dramatisk for land og folk, som mista imperiet og den ideologiske himmelen, og økonomien raste saman. Ei kollektiv katastrofe, med kaos og fattigdom. Vestlege merkelappar og omgrep blei brukt om det som skjedde, og dermed diskreditert.

Kai Eides første erfaring med Sovjet var først på syttitalet då avspenningsperioden starta. Folk i Vesten var sterkt i tvil om Gorbatsjov då han kom til makta. Det kunne vere gammal vin på nye flasker, men så blei han populær og fekk eit godt forhold til mellom anna Reagan. Og det gav optimisme. Det blei laga avtalar – etter tunge forhandlingar – som skapte ein stabilitetsnettverk, som brast då Sovjet gjekk i oppløysing. Til og med i det Stanghelle kalla den geriatriske perioden med Andropov mv, så heldt forhandlingane fram, og avtalar inngått, sa Eide. Grønn sa at det oppstod folkeleg humor retta mot leiinga den gongen. Det eksisterer ikkje i dag.

På nittitalet kom trua på «end of history» der alle såkalla vestlege verdiar var sjølvsagte og naturgitte. Det førte til regimeendringstenking om andre land, sa Eide. Geopolitikken var oppheva, alle skulle vere saman. Det var sjølvsagt ein illusjon. Det var eigentleg Gorbatsjov som hadde visjonen om eitt Europa, sa Wilhelmsen. Det var ingen konspirasjon som Putin seier, men medviten tenking der Nato hadde omfatta Russland hadde endra mykje. Demokrati kjem ikkje med provestlege leiarar. Mafiastat er kanskje rett namn, men ikkje undervurder korleis regimet har følgt med på kva som rører seg i folket, og dyktige til å ta det i bruk når det passar. Medier er viktig her. I den andre Tsjetenia-krigen var pressa ikkje fri, og fienden fekk ikkje eit ansikt, etter Putins ønske. Lenin og Stalin var langt større intellektuelle kapasitetar enn Putin, sa Grønn. Putin hadde ikkje formulert ein setning han meinte var god.

Putin var tidleg opptatt av historia til det russiske imperiet, Stor-Russland. Putin koopterer alle maktpolar i det russiske samfunnet sa Wilhelmsen. Demonstrasjonane mot Putin i 2012 hadde innslag av nasjonalistiske standpunkt, det blir raskt innslag i talane hans. Då kom au dei første lovane mot utanlandske agentar. Russarane har villa utrydde ukrainsk språk og kultur i 300 år, sa Grønn. Wilhelmsen nyanserte biletet med å vise til at Stalin var georgiar, og mange mange russarar mista livet i den tida.

Eide hadde opplevd russarane på same vis i Sovjettida og i dag. Som frykten for å bli innringa av ei fiendtleg omverd. Avspenninga kom ikkje av at ein var glad i kvarandre, men fordi det blei for kostbart og for farleg å halde fram som før. Tida etter 1991 blei kalt la belle epoque – den skjønne tida – men for russarane var det grusomt og audmjukande. Tidleg totusental var Eide Nato-ambassadør, og kampen mot iranske atomvåpen var ei sak, og USA ville bygge atomskjold mot Iran – og basane skulle ligge i Polen og Tsjekkia, nabolanda til Russland. Slikt skaper angst. Me var ikkje spesielt sofistikerte den perioden.

Wilhelmsen peika på krigen mot internasjonal terrorisme som kom før utvidinga av Nato. Då USA blei ramma i 2001 ringte Putin til Bush og sa «No står me saman». Han ba om eit partnarskap mot terror, det blei utveksling av etterretning mv. Putin venta seg mykje meir, og var aleine om det i Russland – det var ikkje stemning for det elles i landet. Med Irak-krigen og utviding av Nato opplever han det som eit svik. Frå den tida får me anti-vestleg retorikk.

Psykologiseringa av Putin kan vere vår måte å superforenkle noko me ikkje forstår, og Wilhelmsen hadde sjølv lurt då invasjonen i Ukraina kom. Grønn sa Putin førte vidare gutteklubbopplegget frå KGB-tida for å bli rik sjølv. Derfor kalte han det eit mafia-opplegg. Finst det opposisjon? Nei, dessverre sa Wilhelmsen, Ingen følgte opp Prigozjin td. Ho var skeptisk til mafia-forklaringa. For det er meir der. Putin er på toppen som ein maktmeklar. Det er mange teknokratar som er misnøgde med krigen.

Wilhelmsen trudde ikkje Vesten ville tillate at ukrainarane trappar opp for mykje krig med dronar mv inn i Russland. Og det finst opposisjon, som er i eksil td og i fengsel.

Korleis vil krigen ende? Eide frykta stillingskrig i lang tid. Droneangrepa i Moskva mv gjør alt uføreseieleg, feilmarginane er små. Det kan eskalere, kjernevåpen og cyber-våpen. Håper på forhandlingar, men slikt tar tid. Han var positiv til det kinesiske initiativet som hadde komponentar russarane mislikte sterkt. Men dei kan ikkje ignorere dei. Russland-Afrika-møtet kan heller ikkje ha vore spesielt hyggeleg for Putin. Verken me eller russarane har råd til å halde fram. Krigen har kosta oss for mykje, og vil koste enormt etterpå.

Wilhelmsen er livredd for at ho ikkje gjør nok for å forhindre tredje verdskrig. Ukraina ser ut til å bli ein katastrofe me ikkje kan klare å leve med. Me veit ikkje kor mange som dør, er lemlesta, kor mykje land som er øydelagt. Me sender våpen, men ikkje kroppar. Ho var skremt når det blir sagt at våpen er einaste vegen til fred. Politikk skal løyse utfordringar, men no er det ikkje fokus på sak, men oss eller dei. Verdspolitikken blir geopolitisert. Ho ser ikkje nokon som held igjen. Eide viste til Kissinger som kalla stoda lik den før første verdskrig, med krigen i Ukraina, og tilhøvet mellom USA og Kina, og bruken av kunstig intelligens i våpensektoren. Me mistar kontrollen. Me må tilbake til det me gjorde på syttitalet. Han håpte noko fornuftig skjedde bak kulissane.

Morten Stensland frå Tritonos-gruppen stod for lyden.

Valkyrien Allstars
Torsdag 17. august 2023

Valkyrien Allstars har vore på farta sidan 2002, og var i Bakgården i juli 2006. Dei har seks plater bak seg, siste var «Slutte og byne» i 2020, og snart kjem ei ny. Dei har fått sju prisar, Spellemannsprisen for plata frå 2020.

I går kveld kom dei på scenen straks etter debatten: Tuva Livsdatter Syvertsen (fele, hardingfele, song), Erik Sollid (fele, hardingfele, mandolin, song), Martin Langlie (trommer, banjo, song). Magnus Larsen (kontrabass og fele).

Dei kallar seg «et solid og lekent liveband som aldri spiller to like konserter.» Dei leverer tradert folkemusikk, overlevert frå generasjon til generasjon, men blandar inn jazz, blues, soul, rock og reggae. Tuva sjølv lagar i tillegg rap og skriv for teater. Frå scenen i går leverte dei tolv melodiar, rytmisk og flott, og det var mykje lyd på mange av dei, der teksten ofte forsvann. Instrumenta kan dei bruke, og bassen la på ein djup suggererande lyd under på fleire, som på Pipa med nynorsk tekst, der Sollid brukte både fingrar og boge på fela.

Tuva Syvertsen ymta fleire gonger om Skattetaten, og ymse krav, tilgang til Altinn mv, men lurte på vitsen då bare ein rekte opp handa på spørsmål om folk frå Skatteetaten.

Dei hadde laga ein heilt ny melodi – Slemt/frekt. Her var teksten tydeleg, og Syvertsen spelte tangentar. Snakkes var roleg og var, og her kom den djupe bassen igjen, der Larsen au brukte boge på bassen. Stor applaus. Drømte vi var ein skilsmisselåt. Lind var ein eldgammal roleg melodi frå Hedmark, der tri av dei song. Det var vakkert, og stor applaus igjen. Siste nummer før ekstranummeret var Slutte og byne, tittelsporet frå siste plata. På ekstranummeret Sånn er det stilte Sollid, Syvertsen og Langlie ved sida kvarandre utan mikrofon. Det fungerte strålande.

Øystein Etterlid med hjelp av Mikkel Syvertsen stod for lyden.

Om kommunane og handel med useriøse og kriminelle
Torsdag 17. august 2023

Kjetil Staalesen styrte seansen om kommunale ressursar og verktøy – eksisterande og nye – for ikkje å handle med leverandørar som er involverte i sosial dumping og arbeidslivskriminalitet. Kva slag informasjon bør dei få og korleis, dei som står for innkjøp til det offentlege? Finne dei seriøse og utelukke dei andre?

Først ut var Tanja Huse-Fagerlie (biletet over), leiar i Anskaffelsesforum i Kommunenes Sentralforbund (KS), ho skulle legge fram stoda og problemstillingar som grunnlag for debatten. Tilsette i kommunar og fylkeskommunar er redd arbeidet blir dumpa over på dei, at dei skulle få ei overveldande og umauleg oppgave som etterforskarar i tillegg til alt anna. Og det var ofte dei store byane og dei statlege aktørane som blei trekt fram, og dermed la grunnlaget for debatten, men verda ser noko forskjellig ut i ulike kommunar. Oslo har tjue tilsette på området, og hentar inn store summar. I ein liten kommune kan innsyn for ein innkjøpar gi innsyn i lønnsslippen til naboen hans. Ho bad om samarbeid på tvers av kommunegrenser for å ruste opp og gi nødvendig kompetanse, ressursar og verktøy for å kontrollere: arbeidskontraktar, timelister, utdanningsnivå, pensjonsordningar, skattebetalingar osv. Dei har ikkje heimel til fullt innsyn i dag. Noko av ansvaret bør ligge hos etatar som alt har kompetansen, oversikten, heimel og erfaringa til å sjå avvik, og ikkje minst må det vere på tvers av kommunegrensene, slik dei useriøse au jobbar. Det trengst ein felles oversikt og lett tilgjengelege digitale system. Nokon med kompetanse og mandat må ta avvik vidare. Eit nasjonalt krafttak mellom kommune, fylke og stat.

Neste ut var Nina Melsom, direktør for arbeidsliv og tariff i NHO; Trude Tinnlund, LO-sekretær; og Beatrice Dankertsen Hennyng, advokat i KS. Melsom var opptatt av det som fungerte. Produksjonen av regelverk blir for stor, og kontroll og oppfølging tung. Ho hadde bedt om ein Norges-modell i 2019, no fekk me kanskje tri modellar, ein for kvart nivå og det blir overveldande. NHO vil ha ein modell for heile landet. E-beviset må brukast og det kontrollane finn må delast, gjørast kjent for dei som skal gjøre jobben. Trude Tinnlund sa LO var godt fornøgd med Norges-modellen, at med bruk av 740 mrd årleg til innkjøp, då må det offentlege gå foran. Strengare modellar gir betre effekt. Me må kompetanse, ressursar og samarbeidsfora. Oslo oppretta samarbeid mellom LO, NHO og dei ulike etatane i kommunen ved innføringa av modellen. Det finst andre stader, og bør komme lokalt over alt. Og Anskaffelsesakademiet er oppretta for å bygge kompetanse.

Beatrice Dankertsen Hennyng: KS har ønska Norges-modellen velkommen. Den er krevande, sjølv om ein skal kontrollere reglar som alt er der. Då blir innkjøparen ein tilleggskontrollør til dei som har tilsynet i dag. Ho var sjølvsagt einig i at det trengst ressursar og kompetanse. KS vil ha enkle reglar og verktøy med klart ansvar og pliktar. Og treffsikre verktøy som ikkje gir personopplysningar på avvegar.

Ordstyraren lurte på om problema for små kommunar var argument for kommunesamanslåingar, men lot det ligge. Alle var samde om å bruke og intensivere triparts-samarbeidet. LO og NHO var for strengare reglar, mens KS såg ikkje det som vegen, me må bli gode på eksisterande reglar. Reglar kostar au for leverandørane og gi høgare prisar.

Så kom skattedirektør Nina Schanke Funnemark; Lars Peder Brekk, direktør for Brønnøysundregistra; og David Norheim, avdelingsdirektør for forretningsutvikling, Brønnøysundregistra. Korleis blir det enklare å velje seriøse leverandørar? Schanke Funnemark sa det var eit samfunnsansvar. Skatt og Brønnøysund sit på informasjon som ville gjøre det enklare for dei som har ansvar lokalt. Samla info på tvers er viktig for å vurdere seriøsiteten til ein leverandør. Brønnøysund og Skatt samarbeida alt sa Lars Peder Brekk, men har ulike roller. Han namnga ulike teknologiske løysingar som e-bevis og Tilda som alt finst og fungerer godt. Me treng i tillegg heimlar på plass. David Norheim meinte det var manglar. E-bevis har avgrensa innhald. Og det er manglar rundt gjennomføring av regelverket. Det er problem på kommunenivå, og mellom bedriftene. Det er opplysningar som ikkje er lov å dele. Det trengst altså regelendringar eller ny lov. Det må leggast tilrette. Det krev samarbeid på tvers for å løyse sa Funnemark. Etatane må og kan samle inn, men kommunane må samle seg og bygge kompetanse, sa Brekk.

Ordstyraren: Når 354 kommunar har problem, korleis skal den enkelte borgaren te seg når ho eller han skal skaffe seg seriøse folk til å pusse opp badet td? Korleis skal folk vurdere data de legg fram? «Mitt anbud» finst, sa Norheim. Og andre blei nemnt, der dei hadde visse problem med namna. «Handle hvitt» finst sa Funnemark. Men etatane har heller ikkje full oversikt og kontroll. Den enkelte må gjøre eigne vurderingar. Ordstyraren ønska seg ein app ala deite-appar – slik og slik skal badet vere, og den og dei har tariffavtalar osv. Brekk sa den enkelte må ta ansvar. Og det vil komme private aktørar som utviklar tenester. Funnemark viste til at all informasjon ikkje var tilgjengeleg for alle.

Tuva Moflag, stortingsrepresentant for Arbeiderpartiet var einaste politikar. Når kjem endringane var spørsmålet? «Det blir jobba med i departementet» sa ho med eit hint til vanlege politikarsvar. Mykje bra er gjort, men alt kan ikkje skje samtidig, og ikkje over natta. Skillelinjer i politikken her? Litt skryt fekk Høgre av ho. Bøter og straff. Men det er gråsoner, det er ikkje svart/kvitt. Faste stillingar, færre midlertidige, innleige osv handlar au om å redusere gråsonene der møkk blir gøymd. Arbeidet her er utvikla i samarbeid med fagrørsla og dei som er ute på arbeidsplassane. Er endringane på plass neste år i Bakgården? Dilemma: Evt tilgang til detaljert og sensitiv informasjon, nødvendig avgrensing er det dei jobbar med i departementet. Det kan løysast med regionalt og nasjonalt ansvar for slike område. Ho ville heller ikkje opne for debatt om kommunesamanslåing.

Bak arrangementet stod som vanleg Samarbeid mot svart økonomi (SMSØ), LO, NHO, KS, Virke, YS, Unio, Skatteetaten. Atle Stornes og Roger Andersen frå Arendal Lydsystemer stod for lyden.

Frå uventa overraskingar til ekstra rullebane på Kjevik
Onsdag 16. august 2023

Dei skulle ifølgje programmet snakke om det meste, Harald Stanghelle og Nicolai Tangen i går kveld. Det blei ein del tema. Stanghelle viste til at Tangen uttalte følgande til CNN i januar i år: «Det er det uventa som overraskar oss.» Det er manglande mental beredskap som lot oss bli overraska forklarte han i går. Med spaltemeter om alt som truar er det viktig å kjenne på og analysere frykten, særleg innan finans. Han hadde tilsett psykolog og antropolog i Oljefondet, første rapporten frå antropologen kom snart etter at ho hadde arbeidd bortimot eitt år med å snakke med dei tilsette. Det var sikkert ting å rette på i organisasjonen. Og rapporten vil bli offentleg «på eit vis».

Den eventyrlege avkastinga oljefondet i tjuefem år kan ikkje halde fram; det er mykje som er uvisst. Verdien av fondet er høgare enn samla verdi av alle hus, hyttar og bil mm minus gjeld. Ein kan kjøpe heile Sverige. Verdiutviklinga hadde vore heilt lik. Ein blir fartsblind av slike tal. Men me må ikkje bli blinda av tala, kronekursen påverkar dei. Og vedtaket som oljefondet og handlingsregelen er eit av dei beste som er gjort. Alt er så opent og transparent; i år er me kåra til den mest transparente fondet i verda, der Kanada vann i fjor.

Tangen ville ikkje uttale seg om utdeling av fondspengar til folket, eller borgarlønn. Men det var ein dårleg ide. Fondet var ei honningkrukke som mange ville ha del av, men var ein attraktiv eigar som jobba langsiktig, kom godt førebudd til møter, og det var klart fem dagar på førehand korleis dei skulle røyste i konkrete saker. Det var ein strategi og eit styringsverktøy at standpunkt ikkje skulle komme overraskande første gong på eit møte, det skulle vore lufta før på ein eller annan måte. Dei hadde påverka og endra selskapa; i Japan hadde dei fått kvinnelege leiarar; i USA tatt fatt i leiarlønningar utanfor all fornuft.

Hedgefondet han hadde jobba med var ganske likt oljefondet og ulikt andre hedgefond. Han var imponert over offentleg sektor i Norge, skikkeleg flinke folk som vil det beste. Ting som var blitt politiske i andre land er det ikkje i Norge, som klima mv.

Det er eit stress å jobbe i bransjen, halde seg i form, ha nokon å snakke med, som psykologar. Og fokusere på prosessen. Ungdom i dag blir for mykje dulla med, det er for lite tæl. Alltid vore slik, men verre i dag.

Er folk i finansbransja griske? Det var positivt å ha lyst til å skape verdiar. Men opsjonar og leiarlønningar kan bli alt for høge. På andre sida er det filantropar som ikkje må ha meir heile tida, som gir vekk pengar.

Det er ein del grådigheit bak prisar som har auka meir enn nødvendig. Men me har fått ei kopling mellom klima og prisar, me har gått frå global warming til global boiling, det er dårlegare avlingar, det kostar meir å produsere, og det er for varmt å jobbe midt på dagen. Produktiviteten har gått ned pga klima.

Oljefondet fekk 1000 mrd frå Equinor etter eit fjorårsresultat som gjør at britane og svenskane kallar oss krigsprofitørar. Den geopolitiske krisa dreiv prisane opp.

Kunstig intelligens – KI – er fantastisk og vil forandre nesten alt. Fondet har prosjekt på gang med mål om effektivitetsauke på 10 pst neste periode, eit mål tatt ut av lufta for å ha eit mål. Perspektiva med KI er flotte, men samtidig urovekkande.

Og utstillingsrommet i Kunstsiloen er den finaste som er laga. Det krev ein rullebane ekstra på Kjevik.

Morten Stensland frå Tritonos-gruppen stod for lyden.

Tal og tendensar er ulike ting
Tirsdag 15. august 2023

I fjor avslutta dei, i år opna dei Arendalsveka i Bakgården: Ein time med Harald Stanghelle og parhestane Sofie Høgestøl og Hans Olav Lahlum om USA i går kveld. Lahlum for fjerde gong, og Høgestøl altså for andre. Høgestøl sit i hovudkomiteen for veka, og Lahlum var «cand alt» om USA, sa Stanghelle. Bakgården var fylt opp då Harald Danielsen ønska folk velkomne på og foran scenen.

Stanghelle starta med to tal: 82 og 78, alderen til Biden og Trump ved neste presidentinnsetting. Korfor er der ingen yngre? I tillegg var det truleg den eldste kongressen i moderne tid, var dei samde om. I eit land med 330 millionar innbyggarar tar det tid å bli kjent, skaffe seg støttespelarar. Og i delstatane er vala ofte avklart på førehand ved tilpassing av grensene for valdistrikta – gerrymanderinga. Og det er litt dobbeltmoral hos veljarane – dei seier dei vil ha yngre folk, for så å velje dei gamle.

Kva vil skje om Biden snublar i ei flytrapp? Og kva med forsnakkingane hans, og det han gløymer? Han må halde seg på beina. Helse var eit problem for Clinton i 2016, så det ligg der klart som problem.

Demokratane er trygge på Biden, det er ingen andre, ingen kronprins, og lite truleg nye kan dukke opp. Obama slo seg opp før sosiale media tok over for pressa, som i dag er splitta. Republikanarane tar Kamala Harris, ho er lett å angripe. Lahlum meinte det kanskje kom eit generasjonsskifte i 2028.

Stanghelle meinte Biden hadde lykkast godt med økonomien, det var låg arbeidsløyse, men han fekk ikkje betalt for det. Bernie Sanders frå venstresida har sagt Biden er den mest progressive på hundre år, med industrisatsinga td. Høgestøl sa folk flest i USA ikkje var fornøgde med sin situasjon. Lahlum sa Biden var meir radikal i dag enn før, om samkjønna ekteskap, og industripakka. Når prisane går ned og arbeidsløysa er låg, peikar det mot attval. Einskilde tal og tendensar er ulike ting. Trump segla høgt på god økonomi i 2016. Det vil vere rart om me får ein valkamp som dreier seg om førre val.

Korleis kunne Trump gjøre det republikanske partiet til ei sekt så raskt? Det var små marginar i det såkalla rustbeltet i 2016, og han hadde blitt ein parentes om han hadde tapt, sa Lahlum. Om demokratane vann ikkje mellomvalet, det var republikanarane som tapte. Trump kallar motstandarane sine i partiet for klovnar og anna mindre fint. Dei vanlege spelereglane er oppheva. Det fungerer. Han ligg 40 – 45 pst over rivalane sine. Pence brukte to år på å tenke seg om.

Trump kan få fleire rettssaker mot seg. Han kan få ein dom i Georgia der han forlangte dei skulle finne 11.780 røyster til han. Presidenten kan ikkje benåde personar som er dømte i delstatane, bare på føderalt nivå. Kan landet få ein valt president som sit i fengsel i Georgia? Men Trump kan bli valt, sjølv om ein del seier dei ikkje vil røyste på han om han blir dømt. Men ein anna republikanar i presidentstolen kan bli pressa til å benåde han. Men det er ikkje sikkert det kjem ein dom før valet.

Det er synkande støtte til krigen i Ukraina. Før ville republikanarane klart støtta, men Trump har endra partiet, det blir sett nærmast som ein regional konflikt i Europa.

Det er økonomien og dels underliggane religiøse undertonar bak stoda i dag, folk kjenner seg marginaliserte og trur ikkje på ei betre framtid – det håpet som har vore i det USA-nske DNA-et. Det fell saman med framvoksteren av sosiale media, med polarisering på individnivå, folk trur alt om sine motstandarar.

Er det positive teikn? Høgestøl peika på Bidens subsidiar til industrien, og inflasjonen som går ned. Det ligg proteksjonisme her, men au vilje til å tenke nytt. Og det er ein teknologikonkurranse med Kina. Lahlum viste til den rekordhøge valdeltakinga i 2020, og sa igjen at det kjem eit generasjonsskifte.

Morten Stensland frå Tritonos-gruppen stod for lyden.

Minor Majority
Fredag 11. august 2023

Ti minutt etter skjema kunne Ole Johan Lillegaard ønske velkommen. Bakgården var heilt fylt opp, med eit aldersspenn omlag midt på treet.

Minor Majority starta opp i som ein duo i 1999, fekk nye medlemmer, blei oppløyst i 2010, kom tilbake i 2014, og kom med ny plate i 2019, 2021 og i 2022. I dag er desse med: Roar Nilsen (gitarar og song – til venstre), og Martin Andersen (gitarar, tangentar og song – til høgre). Pål Angelskår (gitar, song og låtskriving) har vore med frå starten, gitt ut soloalbum, ei diktsamling og ei novellesamling.

Musikken deira blir kalla lågmælt, vemodig, melodisk pop. På dei første melodiane i går stilte Angelskår utan instrument. Dei fekk ofte spørsmål om kva songane handla om, det var ikkje lett å huske, teksten blei lirka til sa han til latter frå publikum. Men inspirasjonen til første nummeret – Don’t say you love me – var TV-serien Six feet under først på 2000-talet.

Kiss off er tittelsporet frå 2022-plata. Og slik gjekk dei fram og tilbake i tid på melodivala sine. Ingen dansa til Dancing in the backyard. Angelskår elska duettar, hadde høyrt mykje på Boston-gruppa Lemonheads i ungdommen. Denne melodien der Karen Jo Fields hadde vore med på refrenget blei ein (uventa) radio-slagar i 2002 då dei blei nominert til Spellemannspris. Den prisen fekk dei først i 2006 for plata Reasons to hang around.

Andersen gjekk innimellom til tangentane sine, gitarar blei bytta, og problem avslørt: Det var ofte mykje tekst og masse ord, sa Angelskår, mannen bak tekstane. Eit lite jubileum i går, første gongen på turneen han hadde komme gjennom heile Another year utan å synge feil eller blande kjønn. Melodien Lucy var ikkje så lågmælt og melodisk, og Roar Nilsen fekk applaus for heftig gitarsolo. Etter femten nummer prøvde dei gå av scenen, men måtte ut med to nummer til – In a way og Supergirl. Bakgården var ein kul stad, sa dei før dei baud fram LP-ar til fornøgde folk.

Ørjan Bjørnevik stod for lyden med assistanse av Atle Stornes.

Steinar Albrigtsen Trio – med bonus; i regn
Torsdag 6. juli 2023

Sjefen sjølv (på scenen, ifølgje kona) var her i 2005 med Andy Nesblom, og i 2010 med Tom Pacheco og Monika Nordli (som han gifta seg med i 2013). I går kveld stod han på scenen i Bakgården saman med kona og Ernst Nikolaisen – dei var Steinar Albrigtsen trio. Alle tri trakterte gitar. Albrigtsen vart fødd i Hammerfest i 1957; oppvekst i Tromsdalen. Monika Nordli er frå Nissedal, er utdanna sosionom. I dag bur paret i Oslo. Ernst Nikolaisen er frå Helgeland, har budd dei siste førti åra i hovudstaden, er programmerer og produsent.

Jan Kløvstad ønska dei og publikum velkomne til ein Bakgård prega av regn – overrislingsanlegget som han sa med eit hint til skjerpa brannvernkrav. Musikarane gjekk rett på med Best kept secret før Albrigtsen sa seg veldig fornøgd med å besøke det bløde (og våte) Sørlandet, og med Botox, slankeoperasjonar, fettsuging og treningsstudio på mest alle gatehjørne, då var det strålande å sjå ei forsamling som rett og slett gav f…. Slik smiger gjekk sjølvsagt heim. Dei gjekk vidare med We’ll find a way frå den nye plata i Pacheco-prosjektet. Monika Nordli hadde familie blant publikum, mellom anna faren som var myklending, og som tidleg hadde lært ho at det var kåntri som gjaldt. Major Mode. Så fornøgd klapping då dei gjekk over til She belongs.

For ein del år sidan skreiv Nordli ein minnesong til mora si – Dear angels: «Dear angels sing her my songs tonight / And I will join you from down here». Vakkert. Albrigtsen har omsett/gjendikta fleire songar av Jim Croce, me fekk Torsdag og seinare Heilt aleina. I can’t get close to you hadde vore tolka som han mangla klede til kona … Her etterlikna Albrigtsen innimellom Willie Nelson. Nordlis Svarte ravn var ein vikingblues om mental vårreingjøring, på nynorsk. Så song ho Skammens stein, det er ein stein som står ved Ris kjerke i Oslo, for å minne om overgrepa staten gjorde mot tatarane, eller romanifolket.

Etter pausa fekk me Sjelevenn som dei hadde sunge i bryllupet sitt, istadenfor å halde talar. Og imitatoren Albrigtsen mora publikum og seg sjølv med både Jonas Fjeld og Ole Paus, og legge inn svenske vers på Stay with me till the morning comes, og det var tilløp til allsong her. Big road blues var lært under inntak av absint for mange år sidan. Her, som på fleire andre melodiar fekk Nikolaisen applaus undervegs for spelet sitt. Meir drikkevarer: Puppy blues hadde opphav om HB-nasking som konfirmant i Nissedal.

Og så kom eit bonusnummer: Frolendingen G. Thomas frå Bodø kom på scenen mens Nordli gjekk av, og me fekk servert Living in the west som han hadde sunge med Bellamy Brothers. Arrangørane fekk takk før Albrigtsen trio heiv seg på tri heftige bluesmelodiar som punktum for ein varm og god kveld i hustrig vêr, og det blei allsong og klapping igjen. Folk koste seg både på og foran scenen, og musikarane var fornøgde med lyden Tore Steen frå Arendal Lydsystemer leverte.

Thom Hell med bonus
Torsdag 15. juni 2023

Sesongopninga i Bakgården i går kveld var annonsert med Thom Hell, men då tida var inne kom Einar Fadnes ut og starta ballet. Det var ein ekstra bonus til eit noko fåtallig publikum. Tromøybuaren gav ut ny plate for ein månad sidan (The Waiting Game), men sa mest alt han laga var prega av flo, fjøre, sol, vind; nostalgi og sentimentalitet – litt mørkt, men med lys i tunellen. Den fjerde og siste melodien (Shallow waters) laga han etter ein tur på Tromøya der han samla fem posar med plastavfall.

Thom Hell kom på saman med Ronny Yttrehus og Robert Post, han lova dempe den lystige tonen til Fadnes noko. Og slik – med lune og vridde kommentarar til triste tekstar tok dei Bakgården med gjennom tolv melodiar, frå gamle og nye plater. Som See the sun – den var positiv om ein såg bort frå sjansen til solkreft, og Leave om det kanskje grønnare graset på andre sida av gjerdet (som innimellom kunne vise seg vere nymalt). Og sjølv om lyden innimellom blei for høg, briljerte dei med song, samspel og handtering av instrument.

Dei blei sjølvsagt klappa fram igjen etter siste nummer, med Don’t leave me Heather før Fadnes blei henta opp frå publikum. Kjenningane frå
Jim Stärk-tida serverte Down that lonely road; Not around og Rain comes for eit fornøgd publikum som så kunne kjøpe av platene dei hadde med.

Harald Hole stod for lyden med hjelp av Tore Steen.

 

Styring av krafta, Ukraina, Palestina
Onsdag 3. mai 2023

Thor-Åge Christiansen la ned krans på minnesmerket for dei som fall under andre verdskrig.

I talen sa han mellom anna at dei kjempa for fridommen, og det er for at ukrainarane skal få same fridommen me står saman med dei.

«De som vi dag minnes kjempet for vår rett til å leve frie liv gjennom å forsvare landet, folket og naturressursene våre til felleskapets beste. Friheten vår er ikke til salgs! Og det er friheten vår som står på spill når Stortinget og Regjeringen gir fra seg kontrollen på våre naturressurser hvor det mest synlige eksemplet er vannkrafta. Vannkrafta blir styrt av en børs bygd på kapitalistisk tankegang som verken tar sosiale hensyn eller sikrer konkurransekrafta til industrien og andre næringer som sikrer oss arbeidsplasser.»

Arendal Ungdomsmusikkorps var med under arrangementet, som blei avslutta med Internasjonalen og Seiren følger våre faner til musikk frå kjerketårnet.


Det regna til og frå, innimellom mykje, og det var surt. Det saman med langhelg kan vere forklaringa på litt mindre tog enn i fjor, drygt 130, ned rundt tjue frå 2022.

Hovudparola var: Politisk styring av kraften. Resten var slik: Alle innenfor, ingen utenfor. Arbeid for alle || Fritt Palestina || Teknologigigantene må temmes || Slitne kvinner, skadde menn. Vi krever likestilte yrkesskaderettigheter || Anstendig arbeid og mindre ulikheter || 100.000 klimajobber nå || Anerkjenn Palestina NÅ! – Hva venter vi på? || Pensjonsgapet mellom kvinner og menn øker – rett til heltid nå || Fordi fellesskap fungerer || Krafta er vår. Nei til EØS || Russland ut av Ukraina NÅ.

På grunn av regnet blei appellar og hovudtale flytta til Thon Hotell.

Mette Gundersen frå LO i Agder sa me alle var ulike og kom frå ulike stader, men ønska det same: Frihet, likhet og solidaritet, som er verdiane rørsla vår er tufta på. Og me må ikkje kvile, den kampen tar aldri slutt. Og det er gjennom kollektiv kamp, som i streiken no, me når fram. Det er 133 dagar til valet, og me treng ei sterk venstreside for å føre kampen vidare.

Jakob Tørå Hæier frå Arendal AUF viste mellom anna til støtta til Ukraina, men sakna same engasjement og støtte til land som Afghanistan og Palestina. Palestina har vore akkupert i 75 år – me må anerkjenne det som eit fritt og sjølvstendig land. Stoda der nokre måander inn i 2023 er ille, der mange er drepne. Det manglar handlekraft her – Norge stemmer avholdande i FN og Oljefondet aukar sine porteføljer. Å anerkjenne Palestina vil vere eit første steg mot fred.

Christin Haslestad frå Fagforbundet fortalde ho var stolt ambulansearbeidar, og ønska at offentleg tilsette skulle få meir tillit til å skape betre helsetenester, eldreomsorg og oppvekstvilkår. Manglande helsepersonell er ei godt varsla krise, og me kastar bort fagkompetanse. Fagarbeidarar blir undervurderte, der tradisjon trumfar reell kompetanse. Me veit at betre kvalitet krev heiltid, og arbeidsmiljølova, hovud- og tariffavtalar er avgjørande for arbeidstakarane. Lange vakter er ikkje løysinga. Det er krisetider der me treng ei sterk fagrørsle, skape betre tilhøve gjennom politisk, sosial og økonomisk utvikling for heile laget.

Hovudtalar var ordførar Robert Cornels Nordli frå Arendal Arbeiderparti. Me må huske at vår tid og våre løysingar kviler på skuldrene til tidlegare kampar; tidlegare generasjonar som har kjempa dei fram. Frå ei tid der det var enorme skilnader i makt og rettar. Det er nok å nemne 8-timarsdagen, retten til ferie og pensjon som dei fekk gjennom. Men arbeidet stansar aldri, nye oppgaver står foran oss der me må sikre universelle ordningar for alle. Me må løfte dei som tener minst, ikkje toppen. Og solidariteten vår kan ikkje kjenne grenser. Ukraina er den største saka i Europa, men utanfor har me td Afghanistan og Palestina.

 

Sesongslutt i Bakgården
Lørdag 27. august 2022

Tidlegare år har Amatørene både opna og avslutta sesongen i Bakgården. No har dei hatt koronapause i to år, men i går kveld var dei tilbake. Dei åtte Amatørene er: Lise Marie Lunde Bygland (tangentar), Anders Thomassen (gitar, song), Karen Tobine Faret Løvsland (song), Anitha Tvede (song), Thorbjørn Clausen (gitar, song), Anita Wroldsen (gitar, bassgitar, song), Olav Slaattene (trommer), Leif Arne Danielsen (song). Sistemann er den einaste som har vore med frå starten i 2004, same året som Frank Kvarstein tok over etter Eirik Sørsdal. Tom Samuelsen stod for lyden.

Det regna før konserten, men det roa seg heilt ned nøyaktig då han starta! Dei heiter Amatørene fordi dei ikkje er proffe; men dei har lidenskap for musikk seier dei. Det smittar. Dei vandra frå det sprelske til det vare og såre, køntri, viser, songar med og utan trøkk. Og folk song med, klappa takten til songane, og gav tilrop og applaus. Tjuesju nummer i alt. Dei starta med Rumba med Gunn, gjekk vidare med Sondre Bratlands vakre tolking av Hank Williams med Luftslott i det blå. Seinare kom mellom anna Vår herres klinkekuler; Sjå sole; og Leif Arne Danielsen hadde skrive tekst til ein stolen melodi: My old friend.

Karen Tobine (til venstre over) og Anitha opna etter pausa med Løgnaslagets Barndomshjemmet – Per Inge Torkelsen hadde sett godkjentstempel på den! Me fekk Jonas Fjelds When morning comes to America for andre gong i sommar. Den toler det. Dei avslutta med Bare så du vet det, men folk forlangte meir og fekk Lay down Sally – til regnet som starta igjen. Publikum gjekk smilande ut i regnet. Om det er siste sesong eller ikkje, så var det ein flott sluttstrek.

Gjensyn med Rudolf Nilsen
Torsdag 25. august 2022

– og med ei noko revidert På stengrunn-gruppe i Bakgården i går kveld. Lars Klevstrand presenterte medmusikantane sine: professor emeritus Steinar Ofsdal, tidlegare kontorsekretær Kari Svendsen, Carl Morten Iversen-vikar Edvard Askeland, dosent Jon Arne Corell, og foryngingsledd Pål Moddi Knutsen. Lillebjørn Nilsen har trekt seg ut, men meldodiane hans var sjølvsagt med. Billettane var utselt onsdag kveld, og eit litt grånande publikum gav stor applaus frå første stund.

Rudolf Nilsen skreiv artiklar og dikt om klassekampen; kampsongar, satire; om kjærleiken; og ikkje minst kjærleik til byen, Oslo. I 1919 var han på fjelltur og skreiv heim til ein kamerat: «Byen er allikevel festlig i forhold til fjeldet. Byen tar imot med aapne arme, fjeldet er frastøtende og knugende. Fjeldet er bare for gamle og syke folk. Det er dødt, men byen er levende.» Men han skreiv vakkert om naturen i byen, då. Diktsamlinga På stengrunn kom i 1925, På gjensyn i 1926, og Hverdagen i 1929, etter at han var død.

På stengrunn gav ut plata med same namn i 1973. I 2019 kom På gjensyn med dikt som tidlegare ikkje er sett melodi til. I 2021 gav Jon Arne Corell ut første del av biografien om Rudolf Nilsen: Rudolf Nilsen – arbeiderklassens poet.

Men aller først helsa Ottar Johansen frå Forumfestivalen som har femtiårs-jubileum i 2024. På stengrunn var eit hovudinnslag den gongen. Eirik Sørsdal, hovudmannen bak festivalen, var til stades og fekk stor applaus. På stengrunn og Rudolf Nilsen hadde på mange vis definert vår generasjon, sa Johansen, og vore inspirasjon for kampen for ei betre verd.

I alt tjuefire songar kom, utan pause, ei blanding av kjente frå 1973-plata og nye frå 2019. Musikarane fekk nesten dacapo då dei la i veg med På gjensyn, med kraftfulle songstemmar: «Et hjemlig sted på jorden / er ganske godt å ha, / så kan man si: På gjensyn, / når man drar derfra. / Og er det blott en gatesprekk: / man lenges dit når man er vekk.» Så kom Midt i byen – «lenge var mitt hjerte uten sang …» Lillebjørn Nilsen har laga melodien til Gategutt. Folk blei stille og lytta fasinerte til Storbynatt. Før Bjerkene ved Nybroen (1922) fekk me litt av historia om Bloksberg-turen til Nilsen og Arne Paasche Aasen; dei hadde gått på skole saman, og læraren hadde bede dei dra nettopp til Bloksberg.

Moddi kjente 1973-plata godt, men hadde au funne andre sider ved Nilsen, som Underveis; togtur og sovekupe på veg til Sovjet, der Kari Svendsen laga toglydar til. Dacapo. Nilsen heldt fram teknologi og det nye – som i Radio. Rivalen er ikkje heilt det ein kan tru – det er maskinene på fabrikken som syg kreftene av dei unge jentene: «Du kom fra maskinen, hvis merker / av rasende kjærtegn du bar.»

Jon Arne Corell song Første mai på Karl Johan der dei andre kom med; så kom Løfte (Lillebjørns melodi); Viggo villmann; Fedreland (» Vi elsker gaten – ja vi elsker landet, / som vi befolket her så altfor tett.»). Ta det rolig hadde bakgrunn i ein mislykka handletur med Ella Hval i Paris. Det lysner i Washington er bitande satire, reglar for ubåt-krigføring er lagt: «Men neste gang den norske sjømann torpederes / Og flyter om i Nordsjøen på en planke / Så kan man trøste seg med denne tanke / Det var da efter regelen at jeg ekspederes».

Og vakre Jeg hadde tenkt; ikkje mykje lyd frå publikum, men å sjå til song mange med for seg sjølv, og stor applaus igjen. Det same fekk sjølvsagt En sørgelig vise, om sekretariatet der dei er dyktige til å prate. Klevstrand hadde ein gong tatt den på eit Samorg-jubileum – ein ilsk bergensar ville utvise både visa og Klevstrand. Jon Arne Corell leverte ei litt forkorta utgave av Nr 13, og folk krevde meir. Som ekstranummer kom Revolusjonens røst – folk song med. Folk var lykkelege over gjensyn og møte med nye tekstar og melodiar.

Bakgårdskonsertene og Forumfestivalen var arrangør, og Atle Stornes styrte lyden.

Kva skjer i USA?
Lørdag 20. august 2022

Det var siste arrangement i Arendalsuka, og for tredje gong på torsdag var det fullt i Bakgården. Harald Stanghelle skulle uteske Sofie Høgestøl og Hans Olav Lahlum om stoda i USA. Det mest positive? Det var litt meir samarbeid i kongressen, sa Høgestøl, med våpenforliket. Lahlum var einig, og sa i tillegg at det var ein tendens til meir miljøengasjement blant ungdom.

Abortsaka endte som venta etter at det vart eit nytt fleirtal i høgsterett; det var djupt problematisk at ei samling juristar skulle avgjøre slike apørsmål, det skulle vere politikarar som avgjorde. Stanghelle peika på at abort vart akseptert etter den såkalla Roe mot Wade-dommen i 1973, men utpå 1980 starta ulike pro life-rørsler og det gjekk gale vegen. Lahlum samanlikna med Norge, der abort blei innført med ein stemmes overvekt, men høgrebølgja som kom aldri ramma abortretten. Det er klart fleirtal i folket for abort i Norge, slik det er i USA.

Stanghelle gjekk vidare til polariseringa som har skjedd. Her la dei to USA-ekspertane i veg i lagtempo, der dei veksla på å dra, svare den andre eller stille pørsmål. Stanghelle sa det var lett å vere debattleiar når dei tok over, og utan å få betalt for jobben. Såkalla kjensleparameter viste at polariseringa hadde eksplodert i USA, sa Høgestøl, den du var ueinig med var eit dårleg menneske. Lahlum viste til YouGov-målingar der folk deligitimerer standpunkt dei er ueinige i; dei andre er fiendar som truar liv og veremåte. Derfor slepp folk som Trump unna med alt. Dei såkalla svingveljarane – delen av veljarane som kan ende på begge sider – har sunke frå ein gong stabile tjue til fem prosent. Då dreier valkamp seg om mobilisering og frammøte, ikkje politisk diskusjon om ulike løysingar.

Alle er samde om at det går feil veg, bare ikkje om grunnen. Reagan la grunnen til den store statsgjelda, men folk merka mindre til det. I dag er prisstigninga og økonomien eit stort problem for folk. Biden blei ikkje valt for det han var, men fordi han ikkje var Trump. Når apparatet rundt Biden fleire gonger slepp ut stoff som seier «ikkje dement» om Biden, seier det sitt.

Alder er problem for både Biden og Trump. Skulle Trump seie nei til nytt val alt i dag, ville kampen i det republikanske partiet starte no. Her er det lite igjen av dei som var motkandidatar til Trump i 2016, det er blitt Trumps parti, sjølv Mike Pence står fram og forsvarer Trump i dag!

Republikanarane var eit livskraftig og på mange vis desentralisert parti, korleis kunne det endre seg slik? Lahlum meinte veljarane var overvurdert, dei hadde falle for ein vellykka forretningsmann; det var tea-party-rørsla som retta seg mot eliten. Ingen av motkandidatane fekk breidde nok tidleg nok i kandidatvalet. Høgestøl peika på korleis dei samla seg mot Bernie Sanders i det andre partiet. Trump kunne spele på konspirasjonsstrengane, og det blei på eit vis meir snakk om individ framfor parti.

Finst det i det heile tatt eksempel på tidlegare presidentar som oppførte seg noko i nær det Trump har gjort, personkultusen og alt, som kallar seg sjølv eit stabilt geni? Lahlum: Langt tilbake, Andrew Jackson som sat frå 1824 til 1828. Høgestøl meinte at ikkje alt blei tatt bokstavleg, men som morosamt, som humor. Og energien. Men folk liker ikkje dårlege taparar, sa Lahlum.

Stanghelle viste til at synet på framtida hadde endra seg i USA – 63 pst trur barna får det verre, den amerikanske draumen er slokna. Trump har trigga den misnøyen, som det er grunnlag for, sa Høgestøl. I mellomvalet må Trump vise om han har kontroll på partiet, viss ikkje er mykje endra. Stanghelle peika på tri sentrale emne for valkampen – dokumentasjonen og høyringa rundt 6. januar; mobiliseringspotensialet i abortsaka; og inflasjonen. Lahlum viste til gerrymanderinga som er utbreidd, begge parti gjør det, men republikanarane er verst. [Flytting av grensene for valdistrikt til eiga vinning.] Når alle er på val, er det viktigaste å samle pengar til valkamp, ikkje jobbe klart politisk, sa Høgestøl.

Arbeidsløysa er den viktigaste økonomiske faktoren, sa Lahlum. Mange meiner det er ein fordel for demokratane om Trump stiller i 2024, og han har framleis overtak i partiet. Ein utfordrar kan velje å la Trump stille for å tape. Og etter storminga – vil institusjonane halde ein gong til? Ja, meinte Lahlum, dei er sterke. Høgestøl syntest det var skummelt, demokratiet var under press.

Arendalsuka var arrangør. Atle Stornes styrte lyden.

Verdsarven frå Setesdal
Fredag 19. august 2022

Torsdag i Bakgården: Annbjørg Lien tok ein fullsett bakgård med på det lange og kronglete arbeidet med å få musikk, song og dans frå Setesdal inn på Unescos liste over immateriell kulturarv. Norge ratifiserte avtalen i 2007, så jobba dei på initiativ frå enkeltpersonar som Hallvard T Bjørgum frå 2012; samla materiale og laga arkiv over song og spel – det var søknadskrav. Dei fekk avslag i 2012, og nytt avslag i Kulturrådet i 2015 – dei hadde heller ikkje arkiv på området. Så blei arbeidet og arkiva finpussa, ny søknad sendt i 2017. Den blei godkjent, og søknaden sendt vidare. Så endeleg godkjent av Unesco i 2019. Fylkeskommunen sette ned i arbeidsgruppe som skulle sjå på korleis arbeidet skulle bli tatt vidare, der Lien skreiv forprosjektet. Resulatet blei prosjektet Setesdalsfolk, der Lien har fått prosjektstilling i tri år.

I motsetning til den materielle arven som bygningar, arkiv og anna, som får milliardar, er det null til den immaterielle. Unesco seier at kultur er fredsarbeid, og truar du kulturen, truar du freden. Setesdalsmusikken er lista saman med klinkbåten, den som byggast utan teikningar og andre mål enn dei handverkarane har i eige hovud. For Setesdals del dreier det seg om hardingfela, munnharpa, steva (det finst 30 000 av dei på 40 ulike melodiar), stevjinga (når to stevar til kvarandre), og gammaldans. Klinkbåtmiljøet er i god vekst, og i Setesdal veks det sjølv om dei er få og pensjonistar – to på lønn frå Staten (Hallvard T Bjørgum og Kirsten Bråten Berg). Nitti prosent av tilveksten er frå utlandet, Canada og Sverige. Dei tri Setesdalskommunane vurderer å få med to til. Dei har eit opplegg for barnehaganew kalla Gorrlaus. Dei må få fleire frivillige inn. Dei leiger ut feler, og dei har fått ei rad med munnharpesmedar.

Så kom Kirsten Bråten Berg, arendalitten som gjorde Setesdøl av seg, ho er sølvsmed og speler harpeleik med meir. Daniel Sandén-Warg er rockemusikaren som blei fanga av Setesdals-spelet og flytta frå Sverige. Han speler hardingfele, munnharpe, sekkepipe, og er au sølvsmed. På hardingfele og harpeleik la dei ut med Brureslag saman med Annbjørg Lien på hardingfele. Det var forførande vakkert.

Harpeleiken blei pakka ned, det var fuktig luft under duken. Så kom Sordølen med song og munnharpe. Så to bånsullar og Skjoldmøyslaget. Innimellom her sleit Sandén-Warg med tarmstrengane på fela, dei likte heller ikke fukt. Han har lært seg dialekta der han bur, og det kom ei historie om då Hallvard T Bjørgum køyrde drosje i Oslo. Sjåføren ville vite kva land han kom frå. – Eg er då frå Norge, sa han. – Då må du ha vore lenge i utlandet, sa den andre.

Kirsten Bråten Berg hadde funne ein middelalderballade på eit voksrullopptak frå 1919, Rideboll og Gullborg, ei riddarvise om ho som følgde hjertet og drog med riddaren. Sekkepipa blir misoppfatta som eit eintydig skotsk instrument, men finst i rundt 180 varaiantar rundt om i Europa. Svenskane i Dalarna spelte sekkepipe før ho blei sett som djevelens reiskap saman med fela. Ho blei gjenoppdaga i ei kasse på Nordiska Museet i Stockholm. Siste som spelte slik døydde i 1943. Sandén-Warg hadde med seg sekkepipe, med to piper. Den vanlege skotske har tri. Me fekk to melodiar – han tråkka takten til, slik han gjorde til fela og munnharpa. Før dei siste melodiane fotograferte Bråten Berg publikum; ho hadde ikkje tid til å snakke med alle kjente. Så tok ho fram harpa – kjerringutstyret sa Sandén-Warg – og dei gav i veg med Valseslåttar etter Ella og Sigurd Fjeldstad frå Holt. Fem kvarter med historie og framifrå musikk og song.

Arendalsuka var arrangør, og Atle Stornes stod for lyden.

Kunstens posisjon
Fredag 19. august 2022

Bakgården torsdag: Carlos Catun (over) frå Guatemala i ein kunstnarposisjon. Saman med Sara Marielle Gaup Beaska og Risten Anine Gaup framførte han ein del av «Hyl i hælen», eit møte mellom samisk og maya-kultur som blei vist på Riddu Riddu-festivalen. Dei hadde lagt ut leikar, klistra opp gule lappar, og lagt ut lappar på stolar og anna. På ein av lappane stod det: «Den her tunge følelsen / I kroppen / Er fortidens vrede / Som trykker oss ned.» Det drygt halvtimes lange innslaget starta alt mens publikum kom inn, prata og helsa på kvarandre. Dei tri joika, gjekk rundt, la seg ned til leikebilar, spelte fløyte, sa fram: «Ein gang va’ jeg lykkelig, bilen va’ Gud, jeg hadde familie og venner…» Dei fekk applaus, og stolar sett på plass; Bakgården var full.

Elisabeth Sjaastad frå Norsk Filmforbund og Kunstnernettverket la opp til diskusjonen. Under pandemien var det kulturen som først blei stengt ned og som fekk opne sist. Vanlege yrke som bussjåfør og sjukepleiar kom fortent i eit nytt lys. Kulturen møtte uføreseielege krav, det seier litt om status. Å velje slike yrke er økonomisk risikosport. Kva for rolle skal det offentlege ha, og kva for ansvar som kjøpar og arbeidsgivar på området? Og innhaldet i den lenge meldte kunstnarmeldinga?

I panelet var Odin A. Bohmann, statssekretær KUD; Åslaug Sem-Jacobsen, SP, andre nestleder familie- og kulturkomiteen; Kathy Lie, SV, medlem familie- og kulturkomiteen, Tage Pettersen, Høgre, familie- og kulturkomiteen; Grunde Almeland, Venstre, leiar famile- og kulturkomiteen. Sp trudde ikkje statusen var høg, men hadde ingen enkle løysingar for å heve han. Ap var samd, og meinte sikringsordningar på fleire felt måtte til og inn i kunstnarmeldinga. SV var heilt einig, kulturen er ei stor næring med dårlege ordningar, og ville ha Skuda-opplegg for fleire. Høgre sa ja og nei, det var ulikt rundt forbi fordi det var stor breidde. På makronivå er me best i verda, men under pandemien traff me feil. Venstre var usamd i premisset. Statusen var ikkje låg, men kunstnarane måtte få sikringsnett som i arbeidslivet elles, at dei ikkje treng uroe seg for arbeidsvilkår, sjukdom mv.

Om kunstnarane skal få sikringsnett og rammer som andre, trengst det faktisk særordningar. Kunstnarane er ofte fråverande i arbeidet med slike. Ap meinte det var lite usemje om at det offentlege skal bruke pengar på området, eller om at kunsten skal vere fri. Det vart vist til ymse tiltak i land me kanskje ikkje samanliknar oss med til vanleg, der td Sør-Korea hadde satsa på 3000 kunstnarar, men det er prosentvis liten del. Med kanskje var det grunnlaget for sterk popkultur og eksport som td Maskorama. SV peika på at kåra for kunstnarane høyrde inn under mange departement. Vidare at kunstfeltet var ei næring. Det var Høgre heilt med på, og såg stort potensiale, då måtte sosiale rettar sikrast.

Kunstnarmeldinga: Aps ambisjon var at kunstnarane skulle bli som andre arbeidsfolk; det skulle vere tilgang på kunst og kultur overalt; fleire og sikre arbeidsplassar. Det var rørande semje om offentlege pengar. Sp minna om at det au var folk som måtte legge grunnlaget for, og bringe ut kunsten, dei var ein viktig del. SV peika på at stipend og anna følger med pris- og lønnsutvikling, og Skuda igjen for musikk mv – ordningar som sikrar folk mellom oppdrag. Høgre peika på rotete ordningar, og at slike må sikre alle område for kunstnarane. Venstres visjon var at det skulle vere like lett å vere kunstnar som å vere tilsett elles i landet.

Viktige tiltak: Høgre ville gjøre det lettare å mobilisere privat kapital inn i kunstfeltet, gaveforsterkingsordninga var vinn/vinn, og inviterte Ap/Sp med. Ap var ikkje avvisande. SV peika igjen på Skuda. Og straumpris: Kunsthandverkarar blr hardt ramma. Sp ville heve kultur som eksportvare.

Straks etter møtet skulle kunstnarane gi sin dom over politikarane på eit møte på Lindvedske Hus.

Arrangør: Kunstnernettverket med 19 organisjonar bak seg. Atle Stornes styrte lyden.

Regionale kulturfond
Fredag 19. august 2022

Onsdag i Bakgården, og Linda Dyrnes frå FolkOrg ønska velkommen til debatten. Ho viste til at regionale kulturfond står i Hurdalsplattforma, men treng konkretisering. Slike fond må styrke regionalt kulturliv og tilhøvet mellom frivillige og profesjonelle; styrke tilhøvet til publikum; styrke alle ledd i utøvinga som sceneteknikk og anna. Og dei må komme i tillegg til eksisterande ordningar. Det er nemnt 50 mill. kroner i 2023 opp til 150 mill. i 2027. Krig, inflasjon og flyktningar er kriser, men kulturlivet står au i krise etter pandemien. Undersøkingar viser at færre folk går på kulturarrangement.

Harald Haugsbø leia debatten, der Tor Helge Reinsnes Moen, styreleiar i Norsk kulturforum og i Alta i Troms og Finnmark plasserte ballen for panelet: Det er ikkje bare krise. Men frå 60 til 80 med i musikksommarskole for ungdom til to – 2! – i år er krise. Det er stor tilbakegang i oppslutninga om fotballturneringar. Det må byggast opp igjen – det dreier seg om helse og livskvalitet. Me må få ressursar, og det er eigentleg snakk om små beløp i den store samanhengen. Femti millionar fordelt likt rundt ville gitt Alta 198 000 kr, og kommunen søkte aldri på noko under 250 000. Søknader til regionale fond må bli enkle og ubyråkratiske, og treffe profesjonelle, amatørar og samarbeidet mellom kultur- og næringsliv.

Neste ut var Arja Rødseth som heldt appellen til Remi Brodal frå Odal Rockeklubb: Rocken kan leie bygdene, han er allemannseige, han er inkluderande og samlar lidenskap. Han samla i si tid svarte og kvite i USA, og er i dag eit internasjonalt språk. Han utfordrar og filleristar jantelova, lar folk vere seg sjølv utan å bry seg. Han lar deg vere deg sjølv, og er samtidig den første samlande musikksjangeren. Bygdene dør, rocken kan redde dei.

Kristin Danielsen som er direktør i Norsk kulturråd, og frå Arendal, tok forsamlinga med tilbake til byen i 1982, og stoda her i dag: Kuben på Langsæ var eit støvete bygg; i sentrum hadde me rutebilstasjonen der kultur- og rådhus står idag; på veg til Barbu hadde me ein tom silo der Vitensenter og anna er i dag; det var teppefabrikk på Bomullsfabrikken; Biblioteket låg lite og trangt bortgøymt i Nygata. Det nyttar å satse, og bak satsinga var det ein slags infrastruktur med dramatisk selskap og anna. Ville Arendalsveka vore der utan satsinga? Kultur skal finne stad, og kultur finst bare lokalt. Regionale fond må komme i tillegg til og ikkje i vegen for det som alt er. 150 millionar er lite, og bør aukast.

Haugsbø fekk opp Åslaug Sem-Jacobsen (Sp), stortingsrepresentant og medlem av Familie- og kulturkomiteen og Anette Solli (H), gruppeleiar i Viken Høgre (til høgre over). Begge ville ha slike fond. Sem-Jacobsen var usikker på kva form dei skulle ha – biletet var ulikt frå region til region sa begge, og ingen av dei ville ha eit nivå mellom sentrale og regionale fond. Fonda må komme i tillegg til eksisterande ordningar.

Styreleiar Borgundvaag i Norsk Musikkråd frå publikum fekk ordet: Han la vekt på ei ubyråkratisk ordning; at ho måtte gjøre livet meire føreseieleg for alle ledd; og kanskje andre enn fylkeskommunen kunne forvalte ordninga?

Det siste ville ikkje Solli ta stilling til, mens Sem-Jacobsen var open for det. På spørsmål frå Kuturalliansen om samarbeidsprosjekt mellom lokale og sentrale ledd som alt er litt lukka, der det alt er manglar og hol, sa Solli at det måtte komme reelle nye midlar til å dekke nytt og til gamle hol, mens Sem-Jacobsen sa det var eit viktig spørsmål ho ikkje kunne ta stilling til der og då.

Haugsbø ville vite kva dei to såg for seg av pengar. Det kom ikkje konkrete svar utover Hurdalsplattformas eine prosent over fire år. Solli ville jobbe for meir ressursar. Sem-Jacobsen viste til kutta vegprosjekt for å dekke opp andre prekære område, men Solli sa dei kunne spart 300 millionar på å la vere løyse opp Viken.

Arrangør: Arrangørforum – FolkOrg – organisasjon for folkemusikk og folkedans, Norsk jazzforum, Norske kulturarrangører, Klassisk, Norske kulturhus, Norsk viseforum, Norsk Bluesunion, Norske Festivaler, nyMusikk, NOKU, Creo, NOKU, Norsk musikkråd. Atle Stornes stod for lyd.

Den nye føydalismen
Fredag 19. august 2022

Onsdag i Bakgården, og Bendik Hofseth snakka med Maria Schneider. Ho komponerer og leiar jazzband. Albumet «Data Lords» er siste bidraget hennar i kampen mot dei store i data og tech som har tatt kontrollen over musikkdistribusjon og anna. Saksofonisten Bendik Hofseth spelte i si tid i kultbandet «Steps Ahead» i New York. Han er solist, komponist og professor i musikk ved UiA. Han har hatt styreverv i TONO, NOPA, by:Larm og fleire internasjonale organisasjonar.

You Tube og andre har i praksis gjort utøvande musikarar til leilendingar – plateselskapa har seld seg til slike selskap, som igjen er tatt over av big tech: Data Lords. På eine sida er musikken blitt dyrare å lage, dei som skaper den får langt mindre enn då det var eit forhold mellom musikant og plateselskap – på andre sida snevrar algoritmane til selskapa inn rommet for å tråkke utanfor den musikalske allfarvegen. Det hadde skjedd ein enorm konsentrasjon av makt, musikaren har alle kostnader sjølv, og det er tilsynelatande ein fordel for dei som konsumerer musikken. Men dei er au på eit vis leilendingar, og gjort til vare – selskapa bruker kunnskapen om dei inn mot reklamefeltet og anna.

Opp mot det ville Schneider lage kollektive løysingar der musikarane sjølve hadde kontrollen, eigde musikken, der publikum gjekk direkte til ei kunstnarkontrollert nettside for å skaffe seg musikk, og i tillegg få eit breiare spekter av musikk. Og der pengane gjekk direkte til dei som lagde han. Folkefinansiering kunne vere ein veg til dette, men dei to var samde om at det måtte vere breidde og tyngde bak slike kollektiv om dei skulle lykkast.

Arendalsuka, Norsk jazzforum, og Østnorsk jazzsenter stod bak arrangementet, og Atle Stornes styrte lyden.

Unikt
Onsdag 17. august 2022

Bjørn Tomren var i Bakgården i 2016 og i fjor (sjå oppslag lenger ned). Etter det vann han Stjernekamp, der han hadde kona med. Tomren har tatt Norge på langs på ski, til fots, padlande og roande. I eit intervju fekk han spørsmålet: «Hvis du må gjøre det igjen, ro Norge på langs eller ny runde i Stjernekamp?» «- Ro Norge på langs», var svaret.

Åse Britt Jakobsen var med i går kveld, ho er frå Lyngdal. Undervegs fekk me vite at det var vesentlege kulturforskjellar frå Tomrefjord til heimbygda hennar. Når dei krangla blei han kalla «pjåsemikkel», og ho sa slikt som at ho aldri ville vore i ein menighet der han styrte.

Saman leverte dei strålande til eit storfornøgd publikum eit kvarter etter debatten om svart arbeid. Drygt tjue melodiar spreidd frå strupesong og jodling til ei vakker salme utan musikk: Eg er framand, som dei starta med, med jodling frå begge og strupesong til slutt. Så rolege Bad Science Fiction der begge song. Hank Williams’ song Long gone lonesome blues fekk hoing og vill applaus. Ny roleg melodi med My pony, my rifle and me før Sveitsisk jodel, begge jodla. På Jackson song dei saman og kvar for seg på ulike vers. Så ein song frå Tomrefjord (som han hadde skrive sjølv), om kva Weissflogs hoppsuksess i 1994 førte til. Folk gav seg over og gaplo. Før Ekko i Romdalshorn frå 1942 fekk me ei lang historie om ecstasy, Tsjernobyl, kjerkebrann og fleinsopp. Drinking in Helsinki var frå ein lang padletur i Finland. Så fleire med Jakobsen aleine, ho har ein vakker stemme! Den eldre garden fekk etterpå He’ll have to go frå 1962. På ei salme frå Tomrefjord fekk han publikum med på å synge omkvedet – å hildrande de for ein skapar me he.

Når dei to ikkje krangla, slo dei av lyset og tente talglys og song. Her fekk publikum nydelege Peace in the valley. Rett over i ei lang historie – han hadde deltatt i VM i strupesong i Tuva, og lært ein song om ein analfabet, ein gorilla (ein utkledd mann i eit bagasjerom), og slag med ein jekk, der han i framføringa gjekk gjennom det meste av musikalske sprell han kan varte opp med. Tilløp til dacapo, og for tredje gong løfta han på lua og tørka panna. På ein punka song frå Tomrefjord om stoff og langing fekk dei folk med på å klappe over hovudet. Og etter Whitney Houstons I wanna dance with someone klappa dei dacapo. Dei takka veldig fornøgde for seg med He’s in the jailhouse now. Det var konsert med breidde og spenn, snaut nokon andre kan levere det dei gjorde i går. Publikum elska det.

Atle Stornes styrte lyden.

Handlingsplan eller strategi mot svart arbeid?
Onsdag 17. august 2022

Den borgarlege regjeringa hadde ein strategi mot arbeidslivskrim, mens me no skal få handlingsplanar for ulike sektorar og område. Kva bør bli verande, kva nytt trengst, forbetringar? Det var problemsstillinga Samarbeid mot svart økonomi la fram i Bakgården i går kveld. Dei hadde henta inn tolv personar til å ta den for seg – ein til å oppdatere stoda til 2022 (meir eller mindre same tema gjennom år), og så kom elleve personar frå ulike etatar, organisasjonar og parti porsjonsvis på scenen.

Dag Nordhagen Selsjord, seksjonsleiar i Arbeidstilsynet (over), fekk sju minutt på seg. Arbeidslivskrim i dag er først og fremst arven etter pandemien, mange som sleit skal bygge seg opp igjen. Her kan dei trø over sjølve; nye bransjar som varelevering er i vekst, og tilsette blir utsett for useriøse eller regelrett kriminelle. Dei har ikkje tid til opplæring av tilsette, eller gidd ikkje. Om dei blir tilsette, mange blir «sjølvstendig næringsdrivande». Støtteordningane under pandemien fekk kriminelle på banen med fiktive tilsette. Og i skyggen av Ukraina-krigen: Flyktningar er sårbare. Heldigvis er det få tilfelle her, men mange fleire som har ramma flyktningar frå andre område. Me kan ikkje slappe av her. Gjengkriminalitet har vandra inn i yrkesrelatert kriminalitet, med kvitvasking av eigen personhistorikk, narkotikapengar og bedrageri. Dei er rå mot arbeidstakarane. Me kan nok ikkje stoppe all arbeidslivkriminalitet, men me må ikkje stoppe opp.

Først ut var Trude Tinnlund, LO; Nina Melsom, NHO; Hans-Erik Skjæggerud, YS; Mille Haslund Mellbye, Virke. Dei var samde om det meste. Men: Tinnlund sa det var mykje ord i strategien frå den borgarlege regjeringa, NHO ville bygge vidare på den og sa LO kunne ha komme med innspel, mens Skjæggerud sa det viktigaste var kva som blir gjort, og at tilknytningsformen var viktig – blir arbeidstakarane tilsett eller ikkje. Haslund Mellbye sa useriøse arbeidsgivarar var eit alvorleg problem, og at sentra mot Akrim måtte styrkast. Men me treng ikkje meir byråkratiske krav – tiltak må treffe utfordringane. Ho ville au ha lån framfor støtte i straumpriskrisa, og blei støtta av Skjæggerud.

I neste gruppe kom Nina Schanke Funnemark, Skatteetaten; Trude Vollheim, Arbeidstilsynet; Hans Christian Holte, NAV; Bjørn Vandvik, Politidirektoratet; Pål Lønseth, Økokrimsjef. Her stod ID-spørsmål, og deling av data og informasjon på tvers sentralt, slik dei har vore tidlegare år i desse diskusjonane. Me må sjå totalen, og sette fokus på arbeidstakarane, særleg dei utanlandske, dei var mest sårbare. NAV brukar 500 mrd kroner i året, tilliten til systemet blir svekka av useriøse aktørar. Nye truslar dukkar opp, og me treng forbetringar på dei store systema; det manglar mykje på området informasjonsutveksling og delingskultur – slik det au er sagt tidlegare år. Men må ikkje bli for ambisiøst med å breie for mykje. Me må ikkje bare vente på heimel til å digitalisere, men bruke det rommet som er der. Det avheng langt på veg av leiarane.

Sist ut var Marte Mjøs Persen, arbeids- og inkluderingsminister, og Aleksander Stokkebø, stortingsrepresentant, Høgre. Å styrke det organiserte arbeidslivet var det viktigaste verktøyet mot dei useriøse sa statsråden; og gi arbeidsfolk meir makt over kvardagen; og ein handlingsplan mot sosial dumping, td i transportsektoren. Allmenngjøring av avtalar trengst, og samarbeidet mellom etatane har fungert. Stokkebø skrøyt av innsatsen til den borgarlege regjeringa, dei hadde bygd opp åtte Akrim-senter over heile landet, auka strafferamma osv. Akrim går stadig meir på tvers, eit overordna opplegg for alle etatar er viktig.

Kjetil Staalesen leia debatten, og Atle Stornes styrte lyden.

Stanghelle møtte forsvarssjef Eirik Kristoffersen
Tirsdag 16.08.2022

Arrangementet starta ti-femten minutt før tida: Bakgården var alt fylt opp. Samtalen mellom Harald Stanghelle og forsvarsjef Eirik Kristoffersen skulle eigentleg gått av stabelen 16. august i fjor, men blei avlyst pga stoda i Afghanistan. Kristoffersen dro til eit feltsjukehus og kommandosentral i Kabul der dei samordna spesialstyrkar og evakueringsstyrke; soldatar frå Norge, USA og Taliban måtte kontrollere folkemengda som ville til flyplassen, kven som skulle ut, sørge for nordmenn og afghanarar som var trente av nordmenn. Så kom ein sjølvmordsbombar. Situasjonen var surrealistisk. Kristoffersen hadde brukt to år i landet, og meir tid utanfrå. No gjekk det gale vegen i landet. Stanghelle viste seinare til at USA hadde lurt verda om at Irak hadde masseøydeleggingsvåpen, og Kristoffersen sa det var årsaka til at tjue år med krig i Afghanistan hadde slått feil, utan nærmare resonnement.

På Kirkeneskonferansen i februar 2021 sa forsvarsjefen me måtte ha meir dialog med russarane, sjølv etter annekteringa av Krim. Stoda med Kolahalvøya og søk- og redningsteneste i Barentshavet er viktig. Men etter krigen i Ukraina, som eine og aleine er Putins ansvar, er det endra. Med pandemi, Afghanistan og Ukraina har det vore eit langt år, og ingen trudde vel Sverige og Finland skulle inn i Nato då. Ukraina-krigen var eit strategisk feilgrep av Russland, der det var ein fryktbasert kultur i militæret som han samanlikna med Tyskland under Hitler. Stanghelle lurte på om nordmenn burde vere redde? Nei, bekymra, var svaret – makta får rå i verda, den regelbaserte verdsordninga som vart bygd opp etter krigen er borte. Etter arrangementet sa forsvarsjefen til Dagbladet at situasjonen likna på tida før første verdskrigen. Krigen i Ukraina ville vare lenge. Energi og inflasjon fører til at interessen for det som skjer i krigen dalar. Putin veit det, og det vestlege samhaldet vil svikte. Men krigen er ikkje langt borte – det er kortare frå Arendal til Ukraina enn frå Arendal til Kirkenes. At Nato har trua Russland er ikkje sant, Putin trur ikkje på det sjølv; mest alt av styrkar er i Ukraina, mest ingen igjen mot grensene elles.

Elles var Kristoffersen opptatt av ansvar for eiga læring. Det hadde han lært av ein lærar på ungdomsskolen – «De må gjerne sove i timen, men ikkje snorke og forstyrre andre.» Motsett av pugginga på barneskolen – at du lærer deg noko, er eit val om å ta eige ansvar.

Varslingssakene og handteringa av dei var det som hadde skuffa han mest i all tid som militær. Forsvaret har verdiane respekt, ansvar og mot, som skal etterlevast. Forsvaret er eit hierarki, makt kan misbrukast, men hierarkiet kan vere til hjelp nettopp her, ved å gjøre sjefane ansvarlege. Handteringa hadde ikkje tatt for seg konekvensar og oppfølging og historikk, og var ikkje konsistent på tvers. Men det var færre slike saker i forsvaret enn i samfunnet elles, med 1,7 mot 4 prosent. Men slike saker gir tap av tillit, og forsvarsvilje.

Stanghelle sa oppslutninga om forsvaret var sjeldant høg i Norge no, og hevda at til og med Rødt og SV ville ha meir pengar inn. Det var godt sa forsvarsjefen, som elles meinte verneplikta var grunnlaget for den høge oppslutninga. Men det var eit problem at stadig færre blei kalt inn – bare tretten til femten prosent. Og forsvaret er dyrt fordi bare det beste er godt nok. Men dei har potensiale for sparing, og har kutta ned på høgare offiserar med 25 prosent.

Dei beste eigenskapane til forsvarssjefen var godt humør; han var ikkje langsint; og han kunne innrømme feil. Men han måtte vise meir tålmod, bruke tid og ikkje gløyme dei tilsette i prosessen, skynde seg sakte. Når alle var med, var det full fart. Elles hadde han vore på opningskonserten til Karpe – den stod til ein femmar som lukta på seksaren: han fekk ikkje heilt med seg historia, den raude tråden.

Arendalsuka var arrangør, og Atle Stornes styrte lyden.

Skotsk, nordisk og litt anna
Tirsdag 16. august 2022

Skotske Sarah-Jane Summers og finske Juhani Silvola opna Arendalsuka i Bakgården. Dei bur saman i Oslo. Ho frå Inverness er ei dei fremste på fele i landet ho kjem frå. Ho har master i norsk folkemusikk og improvisasjon frå Norges Musikkhøgskole, med fem solo-album med både tradisjonell og eksperimentell musikk. Spelt med m.a. Susanna Wallumrød, Highasakite, Quatuor Bozzini og GRIT Orchestra. Han speler gitar, levde dei første åra sør i Finland før familien flytta til Tromsø der han fekk resten av oppveksten sin. Han komponerer elektroakustisk samtidsmusikk og er plateprodusent. Tri soloalbum, har turnert med Nils Petter Molvær Group og speler med m.a. Frode Haltlis Avant Folk.

Saman har dei to gitt ut tri plater, og vart nominert til Spelemannsprisen i fjor – første gong utanlandsk tradisjonsmusikk oppnådde slikt. Det fortalde Frank Kvarstein som starta med å fotografere ein godt fylt bakgård.

Det blei skotsk og nordisk tradisjonsmusikk, med enkelte andre innslag. Dei starta ut med Polskat, tri tradisjonelle finske låtar, med opphav tilbake til 1700-talet. Neste var Summers’ Godmother’s Walz der ho brukte bogen og fingrane vakkert på strengane. Tradisjonelle Lassie an sillor frå Skotland var laga av ein slektning til Summers på 1800-talet. Slik veksla dei mellom tradisjon og nytt, men applausen var heile tida begeistra, med fornøgde rop innimellom.

På Silvolas Silver spring reel stod dei, og me fekk fingerspel på fela igjen. Skotske No. 81 var frå ei notebok frå 1700-talet, eit svært kort notat nærmast, og alt den gongen kalt «gammal». Tha M’ Aigne høyrdest ganske trist ut, men var eigentleg ein ganske glad melodi sa Summers, tekst og melodi laga av ein gammal mann som flytta til fastlandet – ei kjærleikserklæring til øya han flytta frå. På Firefinch blanda Silvola svensk polka med ørkenmusikk frå Mali. Herring set var frå det skotske innvandrarmiljøet i Canada. Så jødisk klezmermusikk i Itzikel – den var kanskje ikkje heilt autenstisk: Silvola hadde den frå ein irsk felespelar som hadde lært han av eit svensk band. Slik vandrar no eingong tradisjonar. Nesten dacapo.

Før siste nummer takka dei alle for at dei fekk komme, og dei som hadde gjort konserten mauleg. Summers Spike on a bike med Silvola aleine på gitar innimellom. Publikum klappa med undervegs og endte med dacapo: Her kom finske Kaukkulammen; Summers hadde fleire gonger ymta om dans, og her hoppa to damer fram, og publikum klappa fornøgd for dans og flott musikk.

Arendalsuka var arrangør, og Atle Stornes styrte lyden.

Frøkedal & Familien – med familie
Torsdag 11. august 2022

Anne Lise Frøkedal er frå Etne, og Familien ho har med seg er ikkje alltid lik. Men i går var det verkeleg familie. Blant publikum var det tri tanter og tri onklar, og på scenen hadde ho med seg søstera Linn på keyboard, gitar, i tillegg til Torjus Nevland på trommer/perkusjon, Selma French Bolstad på fele mm, og Olav Christer Rossebø, fele, mandola. Ho har spelt med ulike band før, gitt ut fleire plater, og på nettet kan me lese at ho er representert i novellesamlinga «Og alle ting vert nye» (Samlaget, 2021). Dei hadde med seg plater til sal, og eiga songbok. Ho hadde vore ofte i Arendal; det var ein av dei siste stadene dei spelte før koronaen, og ein av dei første då det opna opp.

Musikken har røtter i folkemusikk heime og ute, rock og anna – og ikkje heilt til å sette i bås. I dyreverda, i fjøset, går ein frå båsar til lausdrift, og slike frislepp gir seg vakre resultat i musikkverda. Det var melodisk og flytande, og innimellom meir rocka, som I don’t care. Dei var gode med instrumenta sine; dei to felespelarane markerte seg sterkt på Lonely robot, som var om teknologiangst. Innimellom kom det norsk tekst, dei fleste tekstane var på engelsk. Dei dreiv litt kampanje for vals, med middels suksess blei det sagt. Dårleg i Bakgården, ingen våga seg utpå, til Spinners. Til gjengjeld fekk me ein nydeleg feleduo frå Bolstad og Rossebø før resten kom med for fullt. På Hybel spelte Frøkedal orgel og Rossebø slutta seg til lillesøstera på keyboardet.

Etter femten nummer utan pause gjekk dei av scenen, og blei klappa fram igjen. Det tok dei som prov på at folk var blitt litt klokare – eit hint til slagordet som heng i Bakgården. Walls og I see you kom heilt til slutt, og publikum var fornøgd. Atle Stornes styrte lyden.

Ein eldre ungdom tilbake i Bakgården
Fredag 15. juli 2022

Jonas Fjeld kjenner Bakgården godt frå fleire tidlegare konsertar, og folk kjenner Jonas Fjeld. Derfor blei det fullt i går kveld. Sist var han her i august 2019. Som alltid gjekk han rett på, utan utanomsnakk: Han hadde ikkje fornya seg, til og med enkelte av vitsane var nok kjent, sa han då han entra scenen saman med gitarist Ben Basgård. Dei starta med Nerven i min sang, og så rett over på Naken hud. Det siste terningkastet var laga saman med Henning Kvitnes i 2008. Etter gitarbytte og litt stemming kom Hendene synger det hjertene ser, opprinneleg ein duett med Mikael Wiehe.

Eit knippe knytt til Drammen: Konnerud; mange musikarar har problem med å finne fram til han – ikkje Øystein Sunde. Til gjengjeld fann han ikkje vegen heim igjen. Og Tordensky er som kjent om dama som køyrde feil og endte hos han og blei forelska, trass i hårtapet hans og verre ting. Folk song forsiktig med, han kutta applausen og vifta fram allsong før musikken kom tilbake. Fjeld blei far første gong 45 år gammal – Sigve har tekst av Ole Paus.

Meir Drammen etter pausa med Svarte elva, om ymse sprell under bybrua mellom Strømsø og Bragernes i tenåra. Ein publikumar hadde ønska seg Drammen i regn; den høyrde eigentleg saman med piano, men han prøvde seg med gitaren. Det klarte han fint, sa han etterpå. Tilrop frå dame på siste rad: – Han va’ flink på gitaren han andre au!. Og det er sant.

Frozen north er frå Winter Stories saman med Judy Collins, plata som blei nr 1 i USA. Han har hatt gitaren på magen i over 50 år, og altså aldri jobba. Men han angra litt på nokre av songane han hadde gitt vekk, som Till the morning comes til Steinar Albrigtsen. Me fekk (den innimellom fuktige) bakgrunnshistoria til samarbeidet med Rick Danko og Eric Anderson på 90-talet, før dei framførte When morning comes to America. Så meir Drammen om den ulykksalege jeansbuksa frå Samvirkelaget: Texas-Jensen. Han annonserte siste nummer. Tilrop: – Trudde du! Og så nei-rop då dei gjekk av scenen. Dei kom tilbake med Engler i snøen. (På nettet kan ein lese at Jensen før jul siste året planla ferie i Portugal; han var ikkje så glad i snø.) Her blei det vakkert blanda-kor med publikum igjen. Så heilt til slutt Hjem. Han skal nok heim til Drammen, men i september fyller han 70 år! Då startar han turneen «I 70-sonen».

Eit noko grånande publikum gjekk veldig fornøgde heim. Bernt Åge Nyborg med Tore Steen styrte lyden.

Heftig norsk-cubansk fusjon
Torsdag 7. juli 2022


Ovanfrå og ned: Sverre Indris Joner, piano; Ole Marius Melhuus, bass; Sergio Gonzalez, song; Ruben Pirela, congas, Eduardo Cedeño, timbales; Erik Eilertsen; trompet.

Duken var oppe i går kveld, men regnet heldt seg borte under konserten. Ole Johan Lillegaard var veldig fornøgd då han kunne ønske velkommen til ei stor forsamling, og til norsk musikk i cubansk klesdrakt.

Hovedøen Social Club har eksistert i 15 år, har gitt ut tri plater. Dei har som mål å spreie cubanske rytmar og noko ukorrekte versjonar av norske slagarar til det norske folket, seier dei sjølve. Eldre og nyare norsk musikk blanda med cubansk musikk, salsa og litt vriar. Ei herleg blanding, og stemninga blei høg. Lista var på eit vis uttrykk for guilty pleasure, sa Joner – melodiar du helst ikkje vil innrømme du liker.

Dei kom som perlar på ei snor; Hovedøen, Jeg tror på sommeren, Tanta til Beate, Alle venter på sommeren, Neste sommer, Kjærlighetsvisa, Voi voi, Det kommer en båt med bananer, Den du veit, Dum og deilig, Rompa mi, Svake mennesker, Bysommer, En natt forbi, Splitter pine. Dei turnerte instrumenta sine framifrå, og med smil og glede. Gonzalez stod mest aldri still, og innimellom kasta han hatten. Joner oppmoda stadig folk til å hive seg ut i dansen. Ein full Bakgård er ikkje heilt staden for dans, men opp til fleire våga seg utpå.

Andre stod oppe og rørte seg til musikken, andre rørte seg i stolane, andre igjen sat stille med fasinerte smil og følgte musikken. Alle klappa takten undervegs på enkelte melodiar, song med. Applausen etter kvar melodi blei lang. Dei takka for seg og blei klappa fram til Livet er for kjipt. Ståande applaus og nytt ekstranummer: Jeg vil ha en blå ballong.

Kurt Langemyr styrte lyden.

Tradisjonsmøte
Torsdag 30. juni 2022

Eit litt fåtallig publikum kunne gle seg over eit møte mellom norsk og (vest-)afrikansk musikktradisjon i går kveld. Dei tri på scenen var Liv Ulvik (vokal), Ibou Cissokho (kora/vokal) og Becaye Aw (gitar/vokal). Liv Ulvik har solid bakgrunn som utøvande folkesongar, dommar på landskappleikar, jobba på Zanzibar. Fødd i Oslo har ho no busett seg på slektsgarden i Lærdal. Becaye Aw på gitar var med og grunnla Samspill, fødd i Mauritania og oppvekst i Senegal, studiar i Polen. Ibou Cissokho er fødd i Senegal, og speler kora, han hadde med to variantar. Som gruppe har dei eksistert sidan kort før koronaen, men har kjent kvarandre og spelt saman til og frå før.

Me fekk åtte framføringar. Konserten opna med Cissokho og Aw aleine; så alle tri med Sumama der Du skal ikkje sova burt sumarnatta var det norske islettet, der alle song innimellom. Vakkert. Så Ingrid Sletten/Pulloori. Så kom Liti Kjersti – her kunne Aw fortelje at verda ikkje så skilt og oppdelt som mange trur: Han hadde spelt saman med Steinar Ofsdal, og nordmannen hadde funne sterkare musikalsk slektskap med mannen frå Senegal enn ein annan frå Elfenbeinskysten. Det var au ulike språklege fellestrekk, i lydverk og meir i dialektane.

Så kom Cissokho med ein solo på den tradisjonelle koraen han hadde laga sjølv, det var veldig enkelt, påstod han: kropp av kalebass med geiteskinn som dekke, strengar av fiskesnøre, og resten av mangotre, med 21 strengar som han trakterte med to stykk tommel og peikefinger. Han hadde lært spele- og byggekunsten av sin far som hadde kunnskapen frå sin far; slik gjekk det vidare bakover i mange generasjonar. Dei to afrikanarane kjem frå ein vestafrikansk tradisjon – ein griot syng, speler, fortel historier i alle viktige samanhengar i livet, kan vere rådgivar og slektsgranskar.

Cissokho hadde laga Miniumba, om ei dame som blei redda av ein slange som forlangte at ho til gjengjeld skulle kalle opp barnet sitt etter han. Aw hadde laga Majili – i 2002 forliste eit passasjerskip frå Gambia utanfor Senegal med tusenvis omkomne. Eit skip i dårleg stand, med korrupte eigarar. Her kom Ulvik inn med ei skillingsvise om dampskipa Norge og Bergen som forliste utanfor Kristiansand i 1855, og smått bisart: Uttrykket «Eg e’kje fra Norge, eg e fra Bergen» skal visstnok ha sitt opphav her – frå ei Bergens-dame som blei plukka opp av sjøen.

Så avslutta dei med Vetleguten, ei samling stev frå Setesdal, tileigna Cissokho fordi han var minst. Ein flott konsert der Kurt Langemyr styrte lyden.

Randi Tytingvåg Trio
Torsdag 23. juni 2022

Randi Tytingvåg Trio i Bakgården i går kveld. Dama har vore i Bakgården før, ho er songar og låtskrivar frå Stavanger, og ho skriv ein del av tekstane sine saman med lyrikar, forfattar og psykolog Helge Torvund som bur på Jæren. I trioen har ho med seg Dag Vagle (gitar, vokal, koring – til høgre over) og Erlend E. Aasland (banjo, tenorgitar, mandola, koring). Han var i Bakgården i 2016 med Tønes. Gitaren og mandolaen var bratsj-stemte, sa han.

Dei miksar og lar seg inspirere av jazz, folk og viser, sa programmet. Dei hadde bare éin mikrofon i saman; den var handlaga på ein liten fabrikk i Portland, Oregon. Lydmann Theodor Fjalsett trudde ikkje den eine mikrofonen gjorde jobben enklare, men det gjekk veldig bra.

Dei fleste melodiane var frå siste plata, “Trøsteviser for redde netter», og på Stavanger-/Jærdialekt. Tytingvåg syntest det var heilt fint å bli møtt av skrikande måker då dei la ut med Redde netter; det var då sommar. Vingespenn handlar ifølgje Torvund om å ta vare på flygeevnen. Dans var ein song som hadde gått frå engelsk, til ein bokmålsversjon etter innspel frå Anita Skorgan til den dialektversjonen me fekk.

Fleire av melodiane var sterkt personlege. Eit stykke inn i pandemien viste det seg at dotten Tytingvåg hadde i høgre øyre var ein svulst. Den var ikkje livstruande, men skapte ei identitetskrise – kva med eit liv utan hørsel? Torvund laga Trøstevise – «… hold rundt meg, hold meg i alt som kan skje…». Då ho dro frå Haukeland sjukehus med intakt hørsel og ansiktsmuskulatur, var ho ein glad sosialist som lovpriste det norske helsestellet.

Røtter og vinger kom til etter eit visst press for å skrive norske tekstar, og råd frå Torvund. Det var hennar versjon av You were always on my mind, ikkje ei omsetting eller gjendikting. I Kroppens teater var me igjen i sjukehistoria hennar, når hjerne og kropp ikkje vil samarbeide, når kroppen ikkje vil det hjernen ønskar eller omvendt. Her blei stilen råare, naknare, litt Brecht/Weill-aktig.

Uro var ein korona-blues; etter tri veker heime med ungar og mann og «alt blir bra»-maset. Ein engel og ei sorg var ein hyllest til Leonard Cohen, og i Liljevilje (au ein av boktitlane hans) hylla Torvund påskelilja. I Aleina fekk me møte Tytingvåg då mannen køyrde ho til sjukehuset til operasjon, der han ikkje kom med falsk trøst – «… eg må gå aleina, ingen andre kan». Så sist ut kom Muren, der broren henta ho frå Bergen og heim, ikkje til eit koronaramma sjukehus i Stavanger, då ho endeleg kunne starte tenke at det kan gå bra.

Dei blei klappa fram igjen, og Tytingvåg hadde funne den ultimate avslutninga, kveldens einaste på engelsk: We’ll meet again, der Vagle og Aasland kora. Det var vakkert. Litt fåtallig publikum, men ein strålande konsert.

Jazzikalsk Beatles-blasfemi
Fredag 17. juni 2022

Frå venstre: Bård Helgerud, Håvard Fossum, Torstein Ellingsen som presenterte gruppa og musikken, Jens Fossum.

Ole Johan Lillegaard var veldig glad då han kunne ønske velkommen til ein tilnærma normal Bakgårdssesong i går kveld.

Rubber Soul Quartet har tatt namnet sitt frå Beatles-albumet som kom i 1965. Når dei då kaller musikken sin blasfemi, er det sjølvsagt ein hyllest, på jazzvis leika dei med originalutgavene, la til hopp og sprett og omvegar. Kvartetten gav ut første plata Blackbird i fjor, og har fått fine meldingar. I april spelte dei inn plate nummer to, som kjem til hausten.

Det blei ei humørfylt stund med dyktige musikarar. Dei skrøyt av byen, Bakgården og akustikken, av eit lyttande publikum, og lydmannen. Det gjekk sjølvsagt heim. Dei leverte femten melodiar til eit publikum med eit vesentleg innslag av grått hår. Kanskje det var grunnen til kvissen om titelnamn og anna innimellom.

Alle fire i Liverpool-gruppa fekk sitt. Dei starta ut med I feel fine, så Here comes the sun, før dei annonserte siste del av første sett som ein hyllest til Paul McCartney som er 80 år lørdag 18. juni: She’s leaving home, I follow the sun (der Bård Helgerud briljerte, han kunne både synge og spele samtidig, sa dei). Så kom Drive my car, Honey pie, Eleanor Rigby. Før den siste hadde Ellingsen sommerlektyre-framlegg til publikum – ein murstein av ein biografi om Paul McCartney av Philip Norman.

Den minst blasfemiske kom som første ut etter pausa – Nothing’s gonna change my world med Bård Helgerud og gitaren aleine, mens resten kora nennsomt, og publikum kom med til og frå. Etter Norwegian Wood kom Fool on the hill med følgespørsmålet: Kva for eit uvanleg instrument blei brukt på plata?

Etter George Harrisons Something gjekk Ellingsen av scenen då resten spelte Blackbird frå 1968. Tilbake igjen kom Come together med tilløp til allsong. Så Yellow Submarine. Dei takka for seg, og arrangør og lydmann før siste låt: Ob-La-Di, Ob-La-Da med fleire vriar. Ein i publikum kjente igjen Charlie Parkers Anthropology her.

Publikum var strålande fornøgde. Kurt Langemyr styrte lyden, og konserten var eit samarbeid med Arendal Jazzklubb.

Håp, skam, mikrotonal musikk og ringar i vatnet
Søndag 12. juni 2022

Lørdag kveld og meir litteraturfestival. Steinar Nielsen snakka med Hans Grelland og Benedicte Meyer Kroneberg om håp i krisetider. Grelland er professor emeritus i kvantekjemi ved Universitetet i Agder. Han har au master i filosofi med fleire bøker om emnet. Han har eit vidt interessefelt, og er særleg opptatt av kjenslelivet. Benedicte Meyer Kroneberg bur på Hisøya, og siste boka er «Svalbardnotatene», som er om relasjonane mellom menneske. Om ei kunstnardame som slit med å ta stilling til ei utstilling på Svalbard, med familietilhøva til ei dement mor med ei mørk fortid – ho ber på ei skam. Med ein far som er ein annanrangs polfarar og ei datter som er opptatt av veksande klimaproblem som bestefaren ikkje vil forstå. Hovudpersonen har litt av barndommen på Svalbard, som i dag opplever store og dramatiske endringar på grunn av endra klima.

Grelland sa kjenslene var lite forstått. Dei er viktige og ber på verdiar. Dei er intelligente, og uttrykk for det me er. Me kan bli redde av klimaendringane, og det gir håp. Faren i boka til Kroneberg er redd for å miste den verda han elskar, og vil ikkje sjå. Den handlar au om kunnskapen i det som ikkje blir sagt, men observert, som i passusen forfattaren las om hovudpersonen som les moras tilstand ut frå måten ho reagerer på. Omverda er viktig sa Grelland, me opplever au det blikket ikkje er retta mot. Og skam – skam får oss til å sjå på oss sjølve som verdilause.

Etterpå kom «Ung og håpefull» – Oscar Andreas Haug på trompet. Han er son til musikarparet Camilla Susann og Lars Andreas Haug på Hisøya, og var på scenen i Bakgården i 2018. Han er 22 år og har spelt trompet i femten av dei. Etter jazzlina i Trondheim studerer han til ein master i København, og har gitt ut plate med bandet Bliss. Han jobbar frilans. Trompeten hans har fire ventilar, noko som gir fleire tonar å spele på enn den vanlege, med ein oktav på 24 tonar. Han var spesielt opptatt av mikrotonal musikk, han vil utforske ulike klangar og lydar, ved å fortelle historier der alt er improvisert. Alt ifølgje Miree Abrahamsen som introduserte han. Folk lytta fasinert og gav applaus.

Jan Kjærstad likte trompetspelet. Han kunne blitt musikar sjølv, hadde spelt bass, klassisk piano og elgitar og keyboard. Han såg samanhengar mellom alle kunstformer, sjølv gjekk han ofte turar og studerte arkitektur. Elles har han studert teologi, og bur i Oslo. I samtalen med Hilde Elise Bie kalte han seg sjølv eit sjenert og nærmast asosialt menneske som liker å vere aleine, men den sosiale nedstenginga under pandemien blei for mykje sjølv for han. Det er utgangspunktet for den siste boka hans, «En tid for å leve». Her møter lesaren tolv personar som går på teateret for å sjå Hedda Gabler, der me steg for steg i mange lag får sjå at alle tolv har sine problem og knutar, som dei på ulikt vis får løyst opp i ved å vere i ein nesten ikkje-verbal sosial samanheng, gjennom å sjå og sanse, tenke. Det kjemiske og elektriske. Då han var liten kasta han stein i vatnet for å sjå korleis ringane greip inn i kvarandre. Det er slikt som kan skje mellom menneske i sosiale samanhengar. Det er viktig å forstå for alle som skriv, og det er viktig pirke borti alle sider ved sanseapparatet, om musikk, mat, alt det taktile, det me kan kjenne på fysisk. Me er dyr.

Kurt Langemyr styrte lyden, og Kraft Litteraturfestival var arrangør. Høyers bokhandel var der begge dagane og selde bøkene til forfattarane som var med.

Om å finne dei rette orda og så sette dei i rett rekkefølge
Søndag 12. juni 2022

Fredag kveld ønska Miree Abrahamsen velkommen til Kraft Litteraturfestival og årets første arrangement i Bakgården. Benedicte Meyer Kroneberg fortalde at den opprinnelege planen blei pandemi-ramma våren 2020, og så igjen på hausten.

Først ut var Linn Ullmann som hadde fått eit kvarter til å levere ei Kraftsalve, ei oppgave ho krangla med og turnerte i åtte punkt. Ho sa det var tjuesju væpna konfliktar i verda i dag, ikkje bare den i Ukraina som starta i 2014. At alle krisene rundt oss trua sansane våre. Det var viktig å roe ned, ta tida tilbake. John Cage hadde skrive eit stykke for orgel som skulle spelast ASAP – as slow as possible. Ei kraftsalve kunne etter ordboka vere ei skyllebøtte, men «salve» kunne au bety «ver helsa!».

Hilde Elise Bie snakka med Birger Emanuelsen og Bruno Jovanovic (over) om å finne håp i mørke tider. Jovanovic som kom frå Bosnia til Arendal som barn har skrive boka «Etter hvert vil øynene venne seg til mørket» – om den bosniske flyktningen Damian med ei mentalt sjuk mor som han tar heim fordi ho ikkje får hjelpa ho treng. Samtidig skal kjærasten hans flytte inn. Damian er ein håplaus karakter som går fysisk til verks når han ikkje klarer uttrykke det viktige. Hovudpersonen i boka til Birger Emanuelsen er taleskrivar for ein statsråd (slik forfattaren har vore) og sit på ein stubbe i skogen gjennom boka mens ho vurderer jobben sin og livet, før ho bestemmer seg til å vere tru mot seg sjølv, frigjøre seg frå det meiningslause, frå språket til makta. Der ligg eit håp, opning for endring, sa forfattaren.

Espen Larsen skreiv Hope på bestilling til Canal Street i si tid. Det er i fire delar, mest jazz, men ei blanding av alle typar musikk han liker. Jazz-fusion, sa han før konserten. I kvartetten hadde han med seg Rasmus Solem på tangentar, Ole Kelly Kvamme på bass, og Tom Rudi Torjussen på trommer. Dei fekk fortjent applaus under og etter framføringa av ein godt fylt bakgård.

Benedicte Meyer Kroneberg snakka med Linn Ullmann om «Håpets rolle i politiske og personlige kriser». Kroneberg er sjølv forfattar med åtte bøker bak seg. Ullmanns siste bok er «Jente, 1983» som er nominert til Nordisk Råds litteraturpris. Innimellom las ho utdrag frå boka. Den er om sekstenåringen som går seg vill i Paris i 1983, møter ein mann på 45 som ho får eit maktskeivt forhold til. Ei bok som delvis er sjølvbiografisk, og som ho har slitt med å finne formen til gjennom mange år. Det ein har gløymt eller ikkje huskar gir opning for å tenke seg hendingar. Å vere forfattar er å finne dei rette orda, og så sette dei saman på rett vis, sa ho med orda til Virginia Woolf. Boka er den andre i ein trilogi, den første hadde minne som tema, her var det raseri, som først og fremst var ei sterk kraft i sjølve skriveprosessen, sa ho. Fortellinga går i sirklar mellom Paris i 1983 og Torshov i dag. Ulike ståplassar og blikkretningar gir utgangspunkt for ulike syn på livet. Det gir håp.

Kurt Langemyr styrte lyden, og Kraft Litteraturfestival var arrangør.

1.mai-dagen i Arendal
Mandag 2. mai 2022

Thor-Åge Christiansen er organisasjonsarbeidar i Fellesforbundet, og som start på maidagen måtte han stanse vegarbeid i regi av fylkeskommunen. Rundt seksti menneske var møtt fram då han la ned krans og heldt minnetale ved støtta for dei som fall under andre verdskrig.

Me er fri til å feire 1. mai takk vere dei som fall under krigen, sa han. Det er den same fridommen dei kjempar for i Ukraina. Me må stå saman, uavhengig av hudfarge, språk, kjønn, religion. Det er bare ved å stå saman me kan vinne fridom for alle.

Arendal hornorkester frå Frelsesarmeen spelte før minnetalen, og etterpå song dei frammøtte Internasjonalen og Seiren følger våre faner akkompagnert av kjerkeorgelet som tona ut gjennom tårnet.

Seinare på dagen gjekk toget frå Fagforeningenes Hus til Sam Eydes plass. Det er tri år sidan sist. Etter Arendal Ungdomsmusikkorps gjekk det drygt 150, bak tretten parolar.

Hovudparola var: Mer politisk styring, mindre marked. Ta strømmen tilbake!

Russland ut av Ukraina! || KRAFTA ER VÅR! NEI TIL EØS! || Ingen utenfor, alle innenfor. || Arbeid for alle! || Teknologigigantene må temmes! || Økt grunnbemanning – heltid – 30 timers uke! || 100 000 grønne klimajobber, NÅ! || Slitne kvinner. Skadde menn. Vi krever likestilte yrkesskaderettigheter! || Mangfold ut av journal – inn i jobb! || FRITT PALESTINA! || Velferd for alle – en offentlig oppgave! || JORDA TIL DEN SOM ARBEIDER PÅ DEN! || Styrk det offentlige helsevesenet!

Palestina- og Ukraina-parola samla flest folk. På Sam Eydes plass var det appellar og hovudtale. LO som arrangør hadde fått med fleire organisasjonar i arbeidet, og det ville dei føre vidare, sa Steinar Rasmussen, leiar i LO i Østre Agder.

Vigdis Lavik er styremedlem i Norges Handikapforbund Agder. Ho framheva retten til arbeid. Nær halvparten av dei funksjonshemma kan og vil jobbe, men må kjenne på å stå utanfor. Sjå oss som ressursar, ikkje som utfordringar, snakk med oss!

Hege Haraldsen er leiar i Arendal på Skeiva, og var au opptatt kor viktig arbeid er, det er ein arena for folkehelse. I 2018 blei levekåra for skeive undersøkt i Agder, det skal vere unikt. 60% av bifile, 47% av homofile menn og 45% lesbiske skjuler seksuell orientering på arbeidsplassen. Over ein tredjedel av transpersonane er ikkje i arbeid. Over tretti prosent av dei som er i arbeid er ikkje opne. Dei møter meir negative haldningar og trakassering frå kollegaer og kundar enn frå arbeidsgivaren. Ho såg ut i verda, til Bangladesh der ein LHBTI*-redaktør blei hakka i hel og homofile torturert i fengsel; i Tyrkia risikerer du fengsel for å arrangere Pride; Russland har ei lov som forbyr positiv omtale om homofile. Ho håpte å ha folk i ryggen når dei skeive kjempa for eit likestilt arbeidsliv, heime og ute.

  • LHBTI står for lesbiske, homofile, bifile, transpersonar og interkjønnspersonar.

Christin Haslestad er styremedlem i avd 743 i fagforbundet på sjukehuset i Arendal. Me har fleire kriser, men kriser kan løysast. Krigen i Ukraina er brutal statsterror, og må stanse umiddelbart. Ho snakka om dei som må prøve gjøre jobben under slike forhold, i helse og skole. Krig og klimakrise gir ein usikker verdsøkonomi. Me må redusere forskjellane, og ta ein for heile laget. Faste heile stillingar må vere hovudregelen.

Mimir Kristjansson frå Rødt var hovudtalar. Frå 1945 til 1989 gjekk forskjellane i Norge ned, i åra etterpå har dei auka, med grotesk rikdom og varig fattigdom som resultat. Her las han Maistjerna av Halldór Laxness på islandsk og norsk, i eiga omsetting. Krigen i Ukraina er eit imperialistisk åtak og eit grovt brot på folkeretten. På andre sida er den imperialistiske alliansen Nato som har stått bak og støtta ei rad med krigar og vil binde oss til masta.

Me må hugse kven me er, og at me kan snu utviklinga, til meir rettferd og meir demokratisk styring. Vanlege folk kan ta makta tilbake frå utanlandske fond som eig og styrer med norske naturressursar. Kampen mot forskjellar og undertrykking er ikkje ny. Han siterte bibelen, Jakobs femte brev, vers 1 til 6, der det mellom anna heiter:

«Men høyr: Ho ropar høgt, den løna de heldt att frå arbeidarane som skar åkrane dykkar, og klageropet frå dei som haustar inn, har nådd fram til Herren Sebaots øyre. I luksus og overflod har de levd på jorda og gjort hjarta dykkar feite til slaktedagen. Den rettferdige har de dømt og drepe, og ingen gjer motstand mot dykk.»

Unni Wilhelmsens trio eller kvartett
Lørdag 28. august 2021

Fredag kveld og Unni Wilhelmsen hadde med seg Reidar Opdal på tangentar (og innimellom song) og Ronny Yttrehus på gitar. Mens det var overskya og litt vindig påstod yr.no hardnakka at det var full sol, men det blei stor stemning som ho lova frå scenen. Ho har vore her fem gonger før, og noko mangla om ho ikkje blei invitert.

Dei starta ut med June, stillferdig og vakkert, og folk klappa forsiktig gjenkjennande i starten. Ho hadde eit stilig og eit kleint jubileum – tjuefem år på scenen og sjølv blitt femti! Applaus. Ho hadde turnert i verda og Norge, der det kunne vere bra å ha eit fly å rekke på nachspel med bråkjekke mannfolk med kassegitar. Ho budde saman med Terje Borg (som gjekk bort i 2013), men han sette ord på slike opplevingar i Rødt hjerte. Og det her er sommaren for tilrop frå publikum: – Den va’ fin!

Ho hadde oppretta Kindereggprisen – den gjekk til publikum som klarte tri ting: vere stille mens ho song; juble når songen var over; og le av vitsane hennar. Og dama har meir enn éitt talent. Ho hadde med seg bilete – teikningar/collage? til sal, fleire av dei hadde stått på trykk i Klassekampen.

Så fekk me ein song om finanskrisa i 2008 – eller kanskje ikkje. I 2009 skulle ho spele ein song – gratis – i speilsalen på Grand Hotell for dei rikaste innan finans og næringsliv i landet, og for å få den godt vaksne gubbegjengen til å legge frå seg kalkulatoren, meldte ho ein song om finanskrisa. Det hadde ho ikkje; ho snakka ikkje før ho tenkte, men ho tenkte fort, og serverte dei ein fersk og uferdig song på engelsk – Space opera. Ho var framleis usikker på kva den handla om, men dei må ha kjøpt det…

Ho spelte innimellom ulike gitarar, bass på Dusjeteksten før folk fekk pause og sleppe til teikningane.

Dama snakkar minst like mykje som ho syng, før Hurricane’s eye om ei endra verd der brev med kulepenn ikkje lenger var normen, men Facebook og Messenger. Om kjønnsforskjellar der damer/jenter kunne gi deg eit to timars svar, mens det stod «stengt under ombygging» i panna på hankjønnet. Folk lo, og blei stille då ho snakka om sjølvskading og verre ting – så kom Hurricane’s eye. (… There’s no colours in here …)

Og smått utruleg: Etter ein de Lillos-konsert blei ho urettvist skjelt ut på nettet, tok til motmæle – og samtlege (både dei som hadde vore der og resten!) bad om orsaking og forstod dei hadde vore troll! Seinare kom Prikkedøden med bakgrunn i oppvekst og fråstolen sykkel og anna.

Dei var eigentleg ein kvartett ettersom lydmannen Tore Gustavsen hadde noko han skulle sagt, og han hadde valt ut Peruvian Silver. Etter ein konsert i Trøndelag vart ho konfrontert av ei ikkje heilt edru dame som kritiserte det lange håret hennar. Folk skulle ha oppklipt hår. Det blei duell, og Wilhelmsen snakkar ikkje før ho tenker, men tenker veldig fort, men her tapte ho duellen. Won’t go.

Til meg var til dei ugifte blant publikum, om å fri. Den hadde ho brukt på ein lunsjkonsert med røyrleggarar i Oslo. Dei tinte først då ho røpa at Willy Wilhelmsen var faren hennar, han hadde vore formann i røyrleggarforeininga i mange år.

Me fekk to ekstranummer – Siste reis av Henning Kvitnes med hennar vri på teksten. Før aller siste takka ho alle – publikum som fekk Kindereggprisen, arrangør, dugnadsgjeng, og lydfolka – Tore Gustavsen hadde assistanse av Kurt Langemyr. Så fekk me Drøm, som me kunne bruke til kva me ville. Etterpå fekk ho selt ein del av bileta sine.

Det var ein flott slutt på nok ein korona-amputert sesong i Bakgården. Publikum og scene var strålande fornøgde.

Gisle Børge Styve trio
Lørdag 21.08.2021

Torsdag kveld og siste arrangement i Bakgården i Arendalsveka. Trioen opna med Short people (… got no reason to live …) av Randy Newman. Songen skapte forståeleg nok rabalder då den kom. Rabalderet slutta då Newman dukka opp i fjernsynsstudio til debatt – han var 1,46. Her bidro trompetisten med melodika i tillegg. Per Willy Aaserud er frå Gran i Hadeland, og bassisten Helge Harstad frå Gjøvik. På Here right now song alle tri, og trompeten fekk applaus undervegs for spelet sitt.

Dei laga litt låtar sjølv, men leita først og fremst etter andres, og dei hadde funne ein skatt! – hintet til debatten rett før hadde Styve tenkt på lenge. Dei var tipsa av Eldar Vågan om skatten, ei engelsk vise frå 1968 om ein telemontør, og Finn Tokvam hadde gjendikta han til norsk: Summetonemannen. Så forhandsstemte Styve gitaren og fekk publikum med seg til å synge Skigardsvise.

Styve er frå Sunnfjord, vaks opp med ei mor som spelte piano kvar laurdags morgon. Ho kunne ikkje spele, men når han høyrde ho spele, visste han det var laurdag. På But not for me demonstrerte han både sin og moras måte å spele på; til slutt med store papirserviettar i hendene. Samtidig bidro trompetisten med å dra papir rytmisk over låra, men bassisten klappa på dei same kroppsdelane.

Handyman var om han som kunne alt for damene, til og med fix the broken hearts. Folk klappa undervegs, og song med på omkvedet. Som ekstranummer kom Pengegaloppen.

Frode Larsen styrte lyd med assistanse av Atle Stornes.  Arrangør var Samarbeid mot svart økonomi.

Den svarte økonomien
Lørdag 21. august 2021

Frå venstre: Marta Johanne Gjengedal, Odd Woxholt og Pål Lønseth.

Torsdag kveld, og Samarbeid mot svart arbeid ønska tungvektarar i Norge velkommen til debatt: Om evnen – eller heller mangelen på evne – til å få inn pengane frå økonomisk kriminalitet. Sjølv der folk blir tatt og dømt skjer det altfor ofte: Etter sona dom kan dei hente fram pengane dei har skjult. Kjetil Staalesen leia seansen.

Inger Coll frå Norsk økokrimforening sa det dreidde seg om rundt 108 milliardar kroner årleg, og på verdsbasis rekna til rundt sju prosent av total BNP. I Norge klarer me dra inn 100 – 200 millionar av dei 108 milliardane, altså får me ikkje ram på den grove kriminaliteten, og me klarer heller ikkje drive inn alt der folk faktisk blir tatt og dømt. Og det biletet har ikkje endra seg på femten år. Det krevst kompetanseheving på alle ledd. Og tankekors: Slike saker er forelda etter ti år, mens for alle andre følger økonomiske krav heile livet. Ho kunne tenke seg å opprette eit fond av pengar som var trekt inn der politi og andre etatar kunne søke midlar til arbeidet mot denne kriminaliteten. Ho ville ha såkalla sivilrettsleg inndraging av pengar i tillegg til den strafferettslege. Viss det var femti prosents sjanse for at pengar stamma frå økonomisk kriminalitet av det eine eller andre slaget måtte ein kunne ta pengane.

Marta Johanne Gjengedal frå Skatteetaten: Breitt samarbeid mellom alle etatar er nødvendig. Me må sørge for at ein bedrift ikkje kan fortelle ulike historier til Brønnøysundregisteret, skatteetaten osv. Politikarane må fatte vedtak slik at me får ei historie, som gjør det vanskelegare å skjule seg for kriminelle. Me må ha oversyn og vere på alle digitale løyper, offentlege og private.

Odd Woxholt frå Skatteetaten peika på at det først og fremst er dei tunge kriminelle på området innsatsen må rettast mot, gjennom betre rammeverk og samarbeid på alle nivå: Me treng eit totalforsvar som involverer alle etatar og den enkelte borgaren. Det må omfatte deling av informasjon mellom etatane. Og konkurs som verktøy for økonomisk kriminalitet: Ved konkurs må det offentlege betale tilbake eventuelle pengar det er tatt hefte i.

Organisert kriminalitet, arbeidskriminalitet og økonomisk kriminaltet er samanfiltra og overlappar kvarandre sa Pål Lønseth frå Økokrim. Det bryt ned tilliten i samfunnet. Men det blir gjort mykje bra arbeid frå etatane, og politiet kan ikkje klare jobben aleine. Han peika au på at dei kriminelle har ei «utgiftsside» – ein som har svindla for 800 mkr har hatt utgifter til nettverket sitt, og har dermed eit mindre beløp.

Trude Tinnlund frå LO såg på forholdet mellom 108 mrd og 185 mkr, og understreka behovet for sivilrettsleg innkreving! Det er dei ressursterke kriminelle som slepp unna, og me må følge pengane for å ta dei. Nina Melsom frå NHO peika på at næringslivet må sikre seg at dei handlar med seriøse firma; behovet for sanntidsinformasjon om selskapa, og behovet for sanksjonar mot useriøse – å kunne ta pangane og retten til å drive frå kriminelle. Mari Aasen Svendsrud (Ap) var opptatt av digitale system, der selskapa må stå fram med éin identitet. Solfrid Lerbrekk (SV) sa det mangla verktøy, og at regelverket var for firkanta til å kunne ta dei kriminelle. Mahmoud Farahmand (Høgre) viste til Irland som hadde hatt suksess med å opprette ein eigen etat med folk frå ulike fagfelt. Det var statleg.

Atle Stornes styrte lyden,  og arrangør var Samarbeid mot svart økonomi.

– Det ufrie feltet
Torsdag 19.08.2021

Onsdagens siste debatt var om det såkalla frie feltet – dei musikarane som er sjølvstendige næringsdrivande, utan fast stilling og lever frå hand til munn, som Gry Bråten frå arrangørane sa. Det var ein debatt som skulle vore på den avlyste Arendalsveka i fjor, og så på ein avlyst konferanse i haust. No skulle debatten gjørast unna på halvannan time.

Dei sette søkelyset på kor pengane havna, på fordelinga mellom institusjonar og utøvarar, på kartet og terrenget. Marte Bjerke sa terrenget var vanskeleg, og at politikarane tok mangfaldet i kulturen for gitt. Kor lett blir det ramma ved sjukdom, graviditet, pandemi. Fakta er at 80 pst går til institusjonane og 20 pst til «det frie feltet». Slik har det vore gjennom år, før og etter den sittande regjeringa, med små avvik. Me har fått ei rekke tiltak og meldingar på kulturområdet, og etter mange år og ord står me igjen med at musikarane står med ein nedgang på 15 pst til eit snitt på 185.000 kr i året mens resten har fått 23 pst meir.

Hans Ole Rian frå Creo, Bjarne Dæhli frå Norsk Musikkråd, Tone Østerdal frå Norske konsertarrangører snakka først om organisering og virkemidlar. Analysar viser samfunnsnytta av musikken dei siste tjue åra – det gir betre læring på alle område, færre er einsame. Så musikken er nyttig og har eigenverdi. Det må sikrast lønn og pensjon for dei som jobbar frilans. Då pandemien stengte ned arrangørane spreidde kollapsen seg bakover i alle ledd. Arrangørar må få justert minstesatsar år for år. Me treng sjå på heile musikkfeltet som eit heile. Det frie feltet må få meir utan å legge ned operaen.

Marte Bjerke leia diskusjonen med politikarane: Freddy Andre Øvstegård (SV), Anette Trettebergstuen (Ap), Aslaug Sem-Jacobsen (Sp), Stian Omdalsmoen (FrP), Kristin Ørmen Johnsen (H) og Emma Lind (V).

Først om 80/20-fordelinga. Ap dei ville sette ned eit ekspertutval, og at det hadde vore åtte tapte år kulturløftet, mens debattleiaren peika på at forholdet var likt under dei raud-grøne. FrP sa alle ville ha mangfald i musikken. Venstre gav ei historisk forklaring med institusjonsbygging då resten leid. Det må startast eit langsiktig arbeid når me samlar kunnskap etter pandemien. Det er eit mangfaldig felt, og dei som klarer seg sjølv må bidra for resten.

Høgre sa institusjonane var viktige for det frie feltet, og me har informasjon og treng ikkje ekspertutval. Tiltaka må komme nedanfrå, og det må bli det frie feltets tiår. SV sa det var eit mangfald trass i fordelinga, og ingen vil kutte i institusjonane. Me må sjå heile kjeden i bransjen. Me må auke opp til 1 pst, og reversere ABE-kutta. Sp sa dei var ganske samstemte med Ap. Vil ha reelle løft lokalt. Det trengst midlar ut over 1 pst. Folk må ha lønn, sjukepengar, pensjon og ein betre kvardag. Kulturmomsen må tilbake til 6 pst. Musikken må bli eksportvare. Ap viste til det som er satsa siste åtte åra; det er ikkje fett å vere musikar – og sette ord på det: – Det ufrie feltet. Dei midlertidige koronaordningane må forlengast ut året. Me må satse på det me veit fungerer – fleire og auka stipend, indeksregulering.

Høgre var for regionale kulturfond, men halde fast på ein nasjonal infrastruktur med lokale, regionale og statlege institusjonar. Institusjonane må ha plikt til å bruke dei som jobbar frilans. Så trudde Høgre på grynderane, kulturen er den nye olja, det må skapast før ein kan fordele. Kulturfondet må fagfellebvurderast, og norsk musikk må bli eksportvare.

Elles ville dei fleste ha noko tilsvarande Skuda for musikken, Venstre ville bruke det me har. Alle var for pensjon frå første krone.

Atle Stornes styrte lyden, og arrangør var Arrangørforum og Creo i samarbeid med Vossa Jazz

Gjermund Larsen Trio
Torsdag 18.08.2021

Viss du er urven i skolten etter koseprat med ein næringslivsguru og kulturdebatt, og ny kulturdebatt ventar, då er Gjermund Larsen trio ei lise. Gjermund Larsen lagar folkemusikk med element frå kammerjazz, bluegrass, klassisk og samtidsmusikk. Dei har gitt ut fire kritikarroste album (det nyaste er «Salmeklang» frå 2016). Dei har vunne Spellemannsprisen og andre prisar for musikken sin. Midtvegs onsdag var dei i Bakgården. Han sjølv speler fele, og hadde med seg Vegard Bjerkan på piano og trøorgel, og Sondre Meisfjord på bass.

Larsen er frå Verdal og bur i Oslo. Dei starta med ein vals som var ein hyllest til heimstaden, og hadde fått namn etter skiltet på flyplassen: Arrivals. Så Midnattsdrøm med trøorgel og bassisten såg lykkeleg ut når han handterte strengane. Larsen likte hausten, og me fekk Regntung dag og November. April litt lystigare – komponert då barnehagane endeleg opna, og fire ungar og ein komponist blei glade. Bassisten hadde bassboge i pilkogger på bassen, og her kom den fram. Dei hadde ein Ny menuett, og Køntri som vart laga etter at dei hadde spelt med køntrilegenda Mark O’Connor. Han misunte svenskane polskan, og hadde prøvd seg – Kind of polska. Den siste heitte Trøstesang – då tvillingane var små kunne han roe dei med pianoet, der var fela ikkje brukande.

Det var ikkje plass til ekstranummer, men dei fekk fortent applaus frå publikum.

Atle Stornes styrte lyden, og Arendalsuka var arrangør.

Den fråverande kunstnarmeldinga
Torsdag 19.08.2021

Først på scenen tidleg på onsdag var britiske Kate Pendry, skodespeler, performancekunstnar og dramatikar. Ho snakka om det udokumenterte i ei overdokumentert tid; om å ta ting på direkten. Og om oppveksten i eit fattig arbeidarstrøk, der alle visste heile tida at kunst var viktig. Så kom Maggie Thatcher, ho sa au at kunst var viktig, men samtidig sa ho: «Korfor skal me betale for at dei driv med hobbyen sin?» Kunsten var ikkje Pendrys hobby, men noko ho var fødd med og ei plikt. Men folk må seie oss kva dei treng, så me kan gje noko tilbake. Ho avslutta med Churchill frå krigens dagar. Forsvarsgreinene ville ha meir pengar og hente dei frå kulturfeltet. Churchills svar: «Kva i h…. fører me denne krigen for då?»

Kunstnernettverket spør så partia: Kva ville stått i kunstnarmeldinga om du bestemte? Det var ei historisk forsamling på scenen, alle damer. Ekstrem og hyggeleg kvotering, men usikkert om det blei mindre ullent prat. Det var Kjersti Stenseng (Ap), Aslaug Sem-Jacobsen (Sp), Maren Njøs Kurdøl (Rødt), Kristin Knutsen (MDG), Kristin Ørmen Johnsen (H), Emma Lind (V). Elisabeth Sjaastad leia debatten.

Kunstanarane har fått svekka inntekt mens resten har fått vekst. Venstre sa det måtte vere legitimt, og tryggare å vere kunstnar. Kunstnarmeldinga var gryteklar, men vart utsett pga koronaen, og det var usikkert kva utslaget ville bli, og no måtte dei samle fakta. Trudde verkeleg nokon at koronaen skulle føre til betre kår for kunstnarane?? Høgre ville prioritere, og halde kunstlivet flytande, ikkje lage nye strukturar, men auke stipenda. MDG ville sikre eit rammeverk. Rødt var mest konkret: Sikre sjukepengar, auke stipend og fleire stipend over fleire år, garantiinntekter, statlege institusjonar må ha faste stillingar på tarifflønn. Sp ville sikre kultur over heile landet. Ap ville ha inn meir pengar, og etter alle pengane brukt på infrastruktur, måtte dei no ta for seg levekåra for kunstnarane.

Kristin Ørmen Johnsen (H), Emma Lind (V) måtte gå vidare til nye møte etter første runde. MDG ville ha utstillingshonorar som ein del av driftsstøttatil museer og institusjonar. Ho fekk støtte av Rødt, som meinte Høgres snakk om den frie kunsten var bare prat og fine ord, sett opp mot haldninga til stykket «Ways of seeing». Sp viste til at det var takka vere press frå Stortinget at kulturens del av nasjonalbudsjettet hadde gått opp under koronaen. Og det ville komme meir pengar ved regjeringsskifte.

Skuda tilsett skodespelarar og dansarar, som kan permitterast til oppdrag og komme tilbake, og slik tjene seg opp rettar. Dei slepp eit utrygt liv som sjølvstendig næringsdrivande. Alle ville ha liknande ordningar for andre delar av kulturlivet. Sp var opptatt av å få inn ordningar for svangerskap og fødsel, og alle av pensjon frå første krone.

Til slutt: Kva ville dei ta fatt på som kulturminister: Ap ville reversere ABE-kutta dei siste åtte åra, og gi betre levekår. Sp ville sikre løft lokalt slik dei lova for åtte år sidan, og dei ville ha Stortingsmeldingar for alle ulike delar av kulturlivet, og dei ville satse på eksport av kulturen vår. Rødt ville finansiere den frie kunsten ut til folket gjennom td den kulturelle skolesekken, og legge opp til statlege innkjøp av kunst. MDG ville løyse klimakrisa med kultur – det forbruket må opp, resten ned.

Atle Stornes styrte lyd, Kunstnernettverket var arrangør.

Stanghelle møtte Stordalen
Torsdag 19.08.2021

Dei to hadde møttest før på Almedalsveckan på Gotland der Stordalen blei fagna av svenskane for leiinga si av dei svenske bedriftene. Han var den største superkommunikatøren i svensk næringsliv. Tirsdag kveld møttest dei igjen – Arendalsuka var fantastisk den au, sa Stordalen, der kunne du drikke kaffi ved nabobordet til statsministeren og slå av ein prat med kommunisten Moxnes på gata.

Kva ligg bak stoda etter alle pandemimånadene? Det er ikkje olja, men tilliten som rår – det er gull. Han er ikkje redd for å ta opp kontroversielle ting, fremme mangfald og integrering. Han gjorde flyktningen Ali Bhopal til årets medarbeidar i Sverige, og oppretta Ali-hjelpa for liknande saker. Det var ikkje fordi Stordalen var snill, men trong arbeidskrafta. Han hadde den beste kulturen i heile restaurantbransjen, sa han. Takhøgde, humor var viktig. Då han sneik seg på kontoret trass i koronareglar, møtte respesjonisten han med å spele siste melodien før Titanic møtte isfjellet. Han elska det.

Stordalen og folka forstod koronaproblemet ville bli vanskeleg, og sette krisestab tidleg. Dei ville gå frå ein milliard pluss til to minus. Permitteringane var omfattande, mange var no tilbake, men han var ikkje fornøgd før alle var på plass, i alle selskap. Her er det ikkje deg og meg, men oss.

Han hadde ikkje gått i fistel om formueskatten som Dagbladet skreiv, skatten kunne ramme urimeleg, men den hadde tatt for stor plass i debatten. Me hadde fantastiske politikarar og embetsfolk i Norge. Det var dei siste som var limet, ved regjeringskifter kunne det komme ønske om endringar og byråkratane i finansdepartementet sa dei måtte sjå på det. Etter nokre månader endra dei kanskje på eit par mrd, men det meste var på plass. Det er vel det som nokon kallar den djupe staten?

Han omtalte seg sjølv som konfliktsky, ville helst vere einig. Skape magiske møteplassar. Han slo alltid resten av familien i Monopol: Ikkje kjøp dei dyraste gatene, ta over dei som andre har bygd på mv. Stanghelle lova han varianten Stanghelle real estate game frå USA – der du er på landsbygda og ikkje i byen.

Seinare på kvelden vart Stordalen intervjua av NRK om hotellnæringa. Han var oppgira over stoda med Arendalsuka og det han såg; det var som når kyrne slapp ut om våren sa han. Det er nok ein del menneske som er skeptiske til om folk oppfører seg etter korona-standard denne veka, men Stordalen kan umauleg ha sett vårslepp av kyr. Og han ville uansett ikkje ønska dei inn på hotella sine.

Atle Stornes styrte lyd, og Arendalsuka var arrangør.

Kornstad og Aghamir tilbake
Torsdag 19.08.2021

Tirsdag ettermiddag, og saksofonist og operasongar Håkon Kornstad og pianist Reza Aghamir var tilbake i Bakgården og leverte fjorten melodiar – opera-ariar, songar og improvisasjon. Dei kan faget sitt, og dei er ikkje sjølvhøgtidlege.

– Så vakre de er, sa Kornstad til publikum, og dei to starta med Sweden, der han lagde magi med loopen, som var vanskeleg å sjå i solsteika. På O del mio dulce amor starta han aleine med saksofon før Aghamir kom forsiktig inn med pianoet. Song og loop igjen. Aghamir heiv no vesten, og Kornstad sakna lue. Stambogsrim / All the things you are er Ibsen og Grieg og over i Fitzgerald: «Jeg kaldte dig mit lykkebud / jeg kaldte dig min stjerne …».

Som tjueni år gammal stjernesaksofonist starta Kornstad lære seg opera: Andre gongen han var i opera (første gongen sovna han) fekk han ståpels og grein, og starta så ta timar hos Pamela i New York. Etter halvannnan time sa ho: «I think there’s a voice in there somewhere!» Resten er historie. Som perler på snor kom Di tu se fedele, Ideale, L’ultima Canzone – på den siste song han plutseleg: «Jeg glemmer teksten, men hva gjør vel det!»

Aghamir song og spelte aleine ein melodi med engelsk og persisk tekst, med stort tempo. Han er ein studie i seg sjølv, sit lågt og ligg over tangentane han mest ikkje ser på. Så serverte begge fransk opera med En fermant les yeux, og det som er mest kjent som tårnarien frå Tosca av Puccini: E lucella le stelle. Før det siste annonserte nummeret Mareciare takka Aghamir for at dei fekk komme, og sa det hadde vore ei glede å leike for publikum. Dei fekk ståande applaus, og tok E la solita storia som ekstranummer.

Atle Stornes styrte lyden, og Arendalsuka var arrangør.

Tomra Pjolter & Salmesangforening
Torsdag 19. august 2021

«Siste skrik innen vokalmusikk» stod det på programmet. Det blir neppe siste skrik frå Bjørn Tomren og Hallvar Djupvik. Tirsdag vandra dei frå norske salmeskattar til Jim Reeves-svisker via jodling og strupesong i det dryge timelange programmet dei presenterte i Bakgården.

Begge er frå Tomrefjord i Møre og Romsdal. Tenoren Hallvar Djupvik (til høgre over) er utdanna på Musikkonservatoriet i Kristiansand og Operaakademiet i København. Jobba på Den Norske Opera og Ballett, i dag som solist i inn- og utland. Han er prisbelønt. Bjørn Tomren er kjent frå duoen Polkabjørn & Kleine Heine og bandet Kniven På Strupen med Ole Paus. Han kjem igjen i Stjernekamp i NRK.

Tomren starta aleine og utan musikk med Eg er framand, ei salme frå Setesdal på slutten at syttenhundretallet. Han glei over i strupesong og Djupvik kom inn med song, så endå djupare strupesong. Så Barndomsminne frå Nordland, folk lytta med andakt, og Tomren erklærte at det var eit kjekt publikum så langt. Dei eldre i forsamlinga vart tildelt He’ll have to go med gitar og mandolin og innimellom ekstra patos. Smil og latter. Long gone lonesome blues etter Hank Williams blei krydra med jodling – den handlar om han som skulle drukne seg etter ei ulykkeleg affære, men elva var uttørka. Jubel. Neste ut var Himmelske Fader av Elias Blix. I O sole mio kom Djupvik litt ut av det og tok ny start. Å brennande d for ein skapar me he var eit salmeframlegg frå Tomren. Begge song. Så kom ein song på russisk om ein analfabet og ein gorilla, med lynrask tale og song. Tomren sa no at med eit par unntak var det eit kjekt publikum.

Sola fekk tak, og Djupvik måtte låne solbriller. På ein bryllupsjodel Tomren hadde sunge i Austerrike (dei vart skilde) ville dei ha forsamlinga med på å jodle. Ikkje heilt suksess. Harlem River Blues var ein ny elve-historie – «Going down to the Harlem River to drown…».

Ein i publikum bad om Reinert med beinet, Djupvik var ikkje stø på teksten. Her stilte Tomren opp med teksten på mobilen. Tomren kunne så fortelle at strupesong er kjent frå Sibir, Grønland, Canada, Mongolia – og Louis Armstrong. Nedi vester soli glader er av Anders Hovden som var venstremann og visstnok pla ende i fyllearresten i Oslo. Jeg vet en hvile så skjønn og lang går til ein folketone frå Ryfylke. Så avslutta begge med Del Shannons Runaway, med gitar og mandolin.

Før konserten song Djupvik O sole mio for køen på utsida frå vindauget i tredje etasje, og etterpå song han Jeg råde vil alle i ungdommens dage med fem-seks stykker på første og andre rad. Ein stor konsert.

Atle Stornes styrte lyden, og Arendalsuka var arrangør.

Ein suksess
Torsdag 19.08.2021

Det var mandag og første dagen i den tiande Arendalsveka, for tiande gong i Bakgården. Reiersrud var her for femte gong, og for første gong hadde han kona med seg. Knut Reiersrud er ein suksess i Bakgården, sa Frank Kvarstein då han ønska velkommen.

Reiersrud starta aleine med Proceed og Looking for religion. Så kom kona på scenen, og delar av det tekniske til Reiersud slo seg vrangt, utan at det hadde samanheng. Mens han prøvde få liv i utstyret, gjorde kona framlegg om at folk kunne helse forsiktig på sidemannen mens dei venta.

Marit Halvorsen har bakgrunn frå folkemusikkmijøet, er biletkunstnar og lærar. Reiersrud hadde klart å lage to plater i pandemitida, ei med Kork og Beethoven og Dvoržak, og ei med kona og dattera Tuva. Marit Halvorsen hadde malt omslaget på den siste. På Long forgotten shore avslørte ho ein vakker stemme. One tribe var om ei oppdelt og skilt menneskeslekt som eigentleg er ei – «One tribe under one sky we are / One Tribe divided in free fall / A thousand creeds, a thousand tongues at war / Lessons forgotten will return / Once more, we fall». Så gjekk det over i instrumental med Hesteleitaren. Han bytta på gitarane sine undervegs, og musikken perla og flaut, og stemninga under duken ute i Bakgården var nesten andektig. Så kom drivande taktfaste Monstermaster, før utstyret slo seg vrangt igjen. Så Wicked flood frå familieplata, den handla om sjukdom.

Fiona Talkington frå BBC har fått ti musikarar frå ulike land til å lage musikk knytt til historiske bygg i hovudstaden sin, og så fått laga ein app som via sensorar rundt desse bygga automatisk sette i gong musikken på mobilen din. Reiersrud valte Domkirken i Oslo; det gav mange pensjonspoeng framfor dei som evt hadde valt den historiske familiehytta i Nordmarka. Før Mr Bojangles lærte han forsamlinga å nynne med til songen han og kona framførte. Det blei vakkert. Peps Perssons Falsk matematik gjekk heim, folk smilte og klappa takstfast med: «Ska de’ va så svårt att fatta / Att det e falsk matematik / Som gör den fattige så fattig / O den rike så förbannat rik».

Lille måltrost/Agrilama var Prøysen kombinert med ein syrisk folkemelodi. Folk forlangte meir, og fekk Reiersrud aleine med Grandma’s hands.

Ein flott konsert, men det må vere lov å seie at me gjerne hadde høyrt meir til Marit Halvorsen.

Atle Stornes styrte lyden, og Arendalsuka var arrangør.

Samtalen mellom Harald Stanghelle og forsvarssjef Eirik Kristoffersen som skulle vore seinare på kvelden blei avlyst pga stoda i Afghanistan.

– Den va’ gørrfin den au!
Torsdag 12. august 2021

Litt støy frå nabobygget då konserten starta i går kveld. Thom Hell med mannskap starta roleg ut med See the sun – «(…) I remember your kiss (…) I gonna wake up early, see the sun». Då applausen i Bakgården stilna, kom det no klappsalvar frå nabobygget.

Mannskapet til Hell: Robert Post, bass, vokal, keyboard; Bjarte Jørgensen, trommer, vokal; Ronny Yttrehus, gitar.

Hell var fornøgd med godt alderspenn blant publikum, han merka alderen og det var greit han kunne kjenne seg litt yngre. Dei skulle presentere eit utval av melodiane hans frå starten til i dag. Han er popartisten som skriv songar med i seksti- og syttitallsstil. Han har bak seg ti album, fleire Spellemannsprisar, og har jobba saman med mange andre artistar i ulike samanhengar.

1985 var han som niåring under oppveksten på Hånes i Kristiansand. Her kom det ny applaus frå nabohuset. Så kom den triste Missing – han var både glad i triste melodiar og «relativt lykkeleg». Då applausen i Bakgården stilna, løfta han hovudet avventande mot naboen – det kom ingen applaus.

For over tjue år sidan hadde han ein jobb, mislikte å stå opp og gå på jobb som andre folk og skreiv song om det – Tired. Nydeleg spel med to gitarar, koring og nennsam bruk av tromme og keyboard. Han likte synge den fordi det minna han om kor teit det går an å bli. (Det var forresten ei 30 pst stilling.)

Innimellom gjekk Post til keyboardet når Hell greip til gitaren. Dei serverte au låtar med trøkk i, som Try og Good Things. Etter Love is easy blei det ropt: – Gørrfint!. Og kveldens tristaste med lystig melodi: Killing me, om forhold som sprekk. Nytt tilrop: – Den va’ gørrfin den au! Kommentarstilen har spreidd seg langs ukjende smittevegar sidan konserten for ei veke sidan.

Så slutta dei av med Rain comes, før «me går av scenen og er klare til ekstranummer». Applausen forlangte det. Hell kom tilbake aleine med Another lovesong, og så over i Over you der alle var med. Før aller siste låt takka han for høvet for å spele for folk, for at folk hadde ledd av vitsane hans. Så kom triste Don’t let go som han hadde spelt både i bryllup og gravferd. Fortent applaus, og dei samla seg og bukka takk til publikum. Harald Hole styrte lyden med assistanse av Kurt Langemyr.

– Det va’ heilt fornydeli!
Torsdag 5. august 2021

Fadnes opna aleine i går kveld med Change it back, og Save me from a rainy day. Så blei lydbiletet og mannskapet utvida steg for steg, og tri nummer seinare var det fire mann på scenen, med eit vart, variert og vakkert samspel. På I know there’ll be a time kom Kristian Frostad med, og gitaren til Fadnes fekk selskap av pedal steel gitar. På Life is just a dream kom Eugene Guribye og sampleren hans med, og på Goodbye stranger Ole Kristian Wetten med bass. Den melodien handla om å ta adjø – «… you never did me no good, you never understood…». Folk klappa, ein i publikum ropte: » – Det va heilt fornydeli!» Latter og klapping. Fadnes har budd her nede i seks år, men uttrykket var nytt for han. Så My time is now – om lengt etter tida som relativt ubekymra ti-åring.

Fadnes druknar aldri vokalen, om han ikkje kjem ut av teksten då. Det skjedde fleire gonger, først på I heard your name in a song. Han koste seg for mykje og slappa av. Då kan det dette merkelege ting ut av munnen på folk, det er eit visstnok eit universelt fenomen. Det var ekstra pinleg fordi eit par på første rad tydeleg kunne tekstane hans.

Two-chord love song kom til fordi han ville lage ein låt med bare to akkordar og ein enkel tekst, vart utgitt digitalt og så trekt tilbake. No vart tempoet sett ned til ein femtedel. Folk song med på refrenget.

Fadnes aleine igjen – med Going down that lonely road, som ein gong førte til ekstrem klining etter eit frieri, og Morning song om problemet mellom eit morgongrettent og eit A-menneske – «.. tell me what to do, and what to say». Folk klappa taktfast og smilande til songen, så kanskje er problemstillinga velkjent? Han fekk eit nærare forhold til naturen då han flytta til Spornes, Shallow waters hadde lang fartstid på spelelista til NRK. Den var om eit indre og eit ytre miljø.

Etter at dei var i Bakgården i fjor, hadde det blitt få, men fine konsertar. Bakgården var hyggeleg, og dei takka arrangørar og lydmann Kurt Langemyr før dei avslutta med The wind in the trees. Etter ståande applaus kom Fadnes aleine med It’s all right som stamma frå tida hans i Rio de Janeiro. Femten nummer utan pause, og med fornøgde folk på og foran scenen.

Frå Bangalore og Helgeland til Bakgården
Torsdag 15. juli 2021

Ole Johan Lillegaard var veldig glad då han endeleg kunne ønske velkommen til ein av dei finaste scenene i Norge. Publikum og måkene slutta seg straks til.

Camilla Susann Haug var på scenen her i 2017 og 2018. Etter opningnummeret Kalyani fortalde ho at dei siste to-tri åra har ho vore på ei reise til Bangalore, inn i ein sør-indisk songtradisjon, tatt timar i indisk song. Delar av programmet i går var samansmeltinga av den tradisjonen med visejazzen hennar. Ikkje minst ved hjelp av musikarane som ho presenterte undervegs.

Arild Nyborg er hallingdøl og bur i Arendal. Mens Camilla Susann Haugs India-reise var mental, har han faktisk vore der og studert tabla (https://snl.no/tabla) i 2002. Håvard Bendiksen har spelt gitar med ei rekke av dei store norske, og så er han helgelending som dama sjølv. Sebastian Gruchot kom med klassisk fiolin frå Polen i 2004, og leverte etter kvart masteroppgave om rytmisk felespel. Han hadde med seg vanleg fele, bassfele og elektrisk fele i Bakgården. Lars Andreas Haug har vore ektemannen hennar i 21 år. Sidan dei møttest på musikkhøgskolen har han fylt på ei eksisterande samling instrument med tubaer, piano etc med stadig nye heile tida, og utruleg nok fekk alle plass i det lille huset dei flytta til i Kolbjørnsvik. I går stilte han med tuba og bass-saksofon.

I den indiskinspirerte delen smelta Camilla Susann Haugs særeigne tekstar – med eit par parti indisk? tekst – og stemme saman med musikken. Det var rytmisk, flytande, lågmælt og vakkert. Som Sjelas speil, og Vi er stjernestøv («… vi har fått utdelt sekunda …»). Musikarane fekk innimellom applaus.

Det var ikkje lågmælt heile tida. I Paraplyen fekk me til fulle den mektige lyden frå bass-saksofonen til Lars Andreas Haug (siste innkjøpet, har plass i eit stativ på bordet). Det var flott.

Egentid var til ei venninne som var evig optimist, og i tillegg blant publikum. Om ein båttur – «endeleg er eg i båten min (…) endeleg er eg i sona mi (…) egentid er kjekt å ha». Så blei ting verre før det blei bra. Dama reiste seg og bukka takk for songen.

Kurt Langemyr styrte lyden, og som takk blei han fletta inn i den siste melodien! Etter tolv nummer utan pause blei det klappa til ekstranummer; det blei Tusentrinnstrappa frå 2017. Men dei hadde ikkje beregna sitt publikum. No kom taktfaste rop: «Meiå! Meiå! Meiå!» Spelelista var ikkje lengre, og ekstra-ekstranummeret blei Absolutt aleina ein gong til. Folk var strålande fornøgde, og gav dei ståande applaus.

01.05.2021
1. mai i Arendal sentrum

For andre året på rad ein 1.mai-dag utanom det vanlege, utan frokost på Fagforeningenes Hus, og utan tog og talar.

Thor Åge Christiansen stod for kransenedlegginga ved minnesmerket for dei som fall under andre verdskrig. I talen etterpå lurte han på kva dei ville tenkt om stoda i dag, dei som fall den gongen:

«Verftene og fiskerinæringen langs hele kysten er fulle av arbeidsfolk som sitter hjemme i Polen, Romania og andre land og venter på at mobilen skal ringe og de får beskjed om å komme hit og jobbe for pillråtne lønns- og arbeidsvilkår.

For ikke å snakke om renholdere, au-pairer og ikke minst de som dyrker og høster jordbærene våre som vi helst ikke vil betale noe for. De må også sitte og vente på at vi trenger dem til lavest mulig lønn.»

Og til sist: «Hver for oss er det bare de få som vinner. Det er bare gjennom å stå sammen at vil alle kan være vinnere, slik at alle får den friheten vi har fått som var så dyrekjøpt.»

Før kransenedlegginga var det gudstjeneste der politikarar frå venstresida og faglege tillitsvalte bidro. Og det var song med Rebekka Lundstrøm.

Og før og etter tona musikken ut frå kjerketårnet, med Internasjonalen, Seiren følger våre faner, og Ta hverandre i handa og hold, og dei frammøtte song.

20.08.2020
– Godt å sjå ukjente!

Låtskrivaren og musikaren Einar Fadnes hadde med seg Kristian Frostad (pedalsteel, el-gitar), Ole Kristian Wetten (bassgitar), Tom Rudi Torjussen (trommer/perkusjon) i går kveld. Sjølv song han og trakterte eit par gitarar. Etter nærmare tjue år i Jim Stärk gav den naturaliserte Tromøymannen ut si første eigne plate i april. Det var han glad for i dag, sjølv om plata blei vurdert utsett.

Alle melodiane var sjølvlaga, alle tekstane på engelsk, nesten alle frå plata som kom i april. Det var melodiøst, flytande og vakkert – og vokalen drukna aldri. Ei underkjent problemstilling i musikkverda, dessverre. Han var ikkje kjent for glad-låter, sa han, men han hadde ein. Tittel: Save me from a rainy day.

Etter pausa song han to aleine. For fjorten år sidan blei han hyra inn til å akkompagnere eit frieri. Med flygel som instrument framførte han Going down that lonely road. Frieriet var vellykka, men det blei litt for mykje for Fadnes nettopp av den grunn.

Det var godt å sjå kjente og ikkje minst ukjente, sa han då konserten opna. Dei var underernærte på spilling og konsertar sa han då dei takka for seg.

Dermed er 2020-sesongen over i Bakgården. Det blir ein klisje, men det har mildt sagt vore ein spesiell sommar. Frå vanlegvis tjuetals arrangement og fleire tusen innom, til fem konsertar med få titals kvar gong. Men artistar har møtt publikum, og publikum møtt artistar. Og dei har vore fornøgde med kvarandre. Det er det som tel.

Jord og hav og himmel
Torsdag 16. juli 2020

Slik presenterte Tove Bøygard seg og dei to andre. Ho frå Skrindo i Ål i Hallingdal, rømte som syttenåring til Oslo, flytta tilbake godt vaksen. Ho var jorda. Tom Roger Aadland frå ei fjordbygd ved Haugesund, låtskrivar, gjendiktar og meir, han stod for havet. Og Freddy Holm, bur i Halden, produsent med studio, med på utallege plater, han stod for himmelen. Musikken deira er kalla contry/americana, andre seier grenseoverskridande. Etiketten er ikkje det viktigaste. Det var ein flott konsert på alle måtar.

Aadland var i Bakgården i juni 2010, dei andre to var her for første gong, på scenen. Tove Bøygard er styremedlem i NOPA, og har sett fleire debattar her under Arendalsveka. Ho trakterte gitar og guitalele, Aadland gitarar og innimellom løfta han kjapt på hatten og smatt munnspelstativet på plass. Munnspelet hadde to gir – Bob Dylan og Neil Young. Multi-instrumentalisten Holm veksla mellom fele, dobro og mandolin. Innimellom prøvde han å få skrikande måker med på laget, men han trudde dei var litt umusikalske.

Dei presenterte eigne og andres tekstar, og gjendiktingar. Me fekk det ein kanskje kan kalle heimstaddikting – Bøygards Jord, tittelsporet frå sjuande plata hennar, var ei slags flyttemelding, ho tok kjærasten med frå Oslo. Og Aadlands Farsfolket, som blei til etter at han besøkte garden i Fusa der faren kom frå. Det kom meiningssterke tekstar. Hjarte – Bøygard har undra seg over kor egoismen og høgrepopulismen kom frå – kor spora det tå, koss va det bar te, kor vart det tå hjarte? Hald meg kommenterer eit samfunn som utviklar seg mot større forskjellar og ein ny underklasse som får utrygge liv; Bøygard og Aadland har laga den saman. Flamma i ditt blod var au resultat av ei samskriving.

Kveldens sterkaste var utan tvil Koma heim. Bøygard jobba rundt tjue år som sosialarbeidar i Oslo, på gata med stoffmisbrukarar og prostituerte. Ein kald vinterkveld kom ei jente til kontoret i Tollbugata og bad om å låne telefonen. Ho ringte heim til mora og lurte på om ho fekk lov å kome heim, ho trengte bare ei varm seng, ho fraus og det var så kaldt og rått på T-banestasjonen på Tøyen. Orda var jentas eigne; Bøygard skreiv dei ned og sette melodi til. Jenta fekk kome heim, og dukka ikkje opp igjen på gata.

Dei hadde ein Hver-gang-vi-møtes-seksjon – dei ville gjerne dit – dei la ved søknaden Min beste ven på ein dårleg dag og Stille elv. Her trylla Holm fram eit nydeleg stillfarent orkester med fela og loopen sin. Sandharpesong med tekst av Kjartan Fløgstad og melodi av Aadland blei spelt i Bakgården for andre gong.

Nett som ei kvinne er Aadlands gjendikting frå Dylanplata Blod på spora frå 2009. Country-/folksongaren John Prine døydde av covid-19 i april, og vart hylla med to melodiar, Engel ifrå Seljord (Angel from Montgomery), og ekstranummeret Farten til lyden av einsemd (Speed of the Sound of Loneliness). Før det takka dei eit veldig fornøgd publikum og alle fordi dei fekk kome, og lydmann Atle Stornes fekk i tillegg gratulasjonar på 36-årsdagen sin.

Første gong igjen
Torsdag 9. juli 2020

Årets tredje Bakgårdskonsert i går, og for tredje gong var det første konsert etter koronaen for artistane. Elin Furubotn gav ut Blikk, den åttande plata si, i februar, og har mista tjueto konsertar. Ho var her første gong i 2011, og sa Bakgården var ein kjekk stad. Ho spelte gitar, mens Torbjørn Økland (ein av Vamp-grunnleggarane) trakterte gitar, mandolin og trompet, innimellom to av dei i same melodi, og med soloparti som fekk fornøgd og fortent klapping frå publikum.

Gjennom femten melodiar med ekstranummer fekk me tekstar med utgangspunkt i daglegdagse hendingar og nære ting. Det var sveip innom Sveio, i tekst og historier. Som at den religiøse mormora til Furubotn i si tid fann ut av Beatles slett ikkje var syndige, og at ho i ein alder av 98 takka nei til å kjøpe brannstige, men kunne tenkt seg eit tau ho kunne slengt seg ut med. Bønn fra en utflyttet sønn: Ikkje spør ka eg har spist kvar gong. Eller tittelsporet frå siste plata: Et blikk, om faren som gløymer stadig meir og veit det sjølv. Smilet ditt gjer så godt det kan, og skjule ein usikker mann.

Du veit godt koffer eg er sure på deg var ein replikk ho hadde snappa opp frå nabobordet på ein kafe. Furubotn var psykriatisk sjukepleiar før ho satsa for fullt på musikken for ein ti år sidan, og ho har skrivestove på Tonstad i Sirdal der ho hadde barndommen sin. Tvil hadde bakgrunn frå moras vankelmodige handleturar frå Sirdal til Egersund, Stavanger eller Kristiansand.

Munkebusiness var arrangør, og Jan Gunnar Andreassen styrte lyden.

Han var ikkje nervøs
Torsdag 18. juni 2020

Kim Rysstad fylte 39 år i går, og blei møtt med gratulerer!-rop, ståande bursdagsong og klappsalvar då han og Trym Bjønnes entra scenen. Han hadde tårar i stemmen – han hadde gledd seg kolossalt. Det var første konserten sidan tidleg i mars; då alt vart stengt blei jobbane borte; det var ei lykke å kunne spele for levande menneske igjen, han var ikkje nervøs, og skulle ikkje rappe eller danse!

Duken var oppe fordi meteorologane hadde trua med regn og hagl. Publikum kunne gle seg over den salige blandinga dei to på scenen leverte, folkemusikk, salmar, køntri, og den særprega stemmen til setesdølen. Alt levert med varme, alvor og humor – folk lytta andektig, og humra og lo.

Der var du med tekst av Trygve Skaug song han 22. juni i fjor då han gifta seg med Truls. Barndomsminne frå Nordland hadde ny meldodi av Trym Bjønnes. Makabre Hovassvisa etter Anne Askeland hadde Rysstad lært av Ånon Egeland. Margit Tveiten song salma Farvel, farvel jeg eder byder på voksrull i 1915. Den gravde Rysstad fram då han var i Kina og lengta heim. Heming og Harald kongen om skiløparen Heming som drap kongen har visstnok 200 vers i dei lengste versjonane.

Og Trym Bjønnes har songstemme – han hadde grave seg gjennom gamle opptak frå Bykle der han bur. Det var mykje tungsinn og streng religion. Men For mykji eller for liti, alt skal vere med måte viste seg vere noko anna. Publikum gaplo. Rysstad rauk ut av MGP i 2012 med Så vidunderleg, men etterpå var det einaste melodi som overlevde på radioen.

Kraviklyra heiter så etter garden Kravik i Numedal, har sju strengar og Kim Rysstad trakterte den på ein Lyremedley. Det var ein hyllest til tri damar han elska: Kirsten Bråten Berg, Dolly Parton (Coat of many colors), og Whitney Houston (I will always love you). Publikum klappa da capo frå start, og fekk Håvard Hedde og Adams vise som ekstranummer. Rysstad hadde iallfall ein tåre i auga då han takka for at dei fekk komme, og for at folk kom. Det var strålande.

Atle Stornes stod for lyden.

– Det skal meir enn ein pandemi til å stoppe meg!
Lørdag 13. juni 2020


Det sa Rebekka Lundstrøm då ho opna Bakgårdssesongen, og endeleg fekk halde sleppkonserten for plata Carousel som ho gav ut i mars. Halvtanna år etter ho slutta i jobben for å satse på musikken, etter seks månader til og frå i studio, så sette koronaen stopp for konserten som skulle vore 27. mars. Så ho hadde gleda seg vanvittig til konserten i går, og det såg ut som publikum delte den kjensla.

Men først: Ole Johan Lillegaard har tatt over ansvaret for Bakgårdskonsertane for kommunen, og han henta fram Frank Kvarstein som hadde jobben i atten år. Han fekk blomstar, og løfte om å halde på tradisjonen med mangfald, og å sleppe til musikarar frå området – med litt ny vri. Frank var glad for at han endeleg kunne ta si første øl i Bakgården, og at han kunne komme klokka sju og gå heim halv ti, i staden for halv fem og halv tolv.

Rebekka Lundstrøm spelte gitar og song; ho hadde med seg Simen Svanevik Bendiksen på gitar, Geir Emanuelsen på banjo, Andre Sandal Stenersen kora og spelte mandolin, Ole Kelly Kvamme kontrabass. Enyeto Kotori kora og spelte steel tongue drum – det er dei karibiske oljefata som har utvikla seg til to skålar sett saman med vakker lyd som resultat. Lydmann var Pål Asperheim. Alle frå Arendal.

Dei serverte i alt tolv melodiar der bare éin ikkje var Lundstrøms, og dei fleste frå plata Carousel. Den hadde namnet fordi livet ofte var ein karusell, men opphavet til ordet på spansk kan au  bety liten kamp. Det handla tekstane om – opp- og ned- og rundturar, og små kampar og motgang. Ho har ein sterk og vakker stemme, saman med musikarane leverte dei framifrå. Det var vakkert.

Covid-19 tok livet til country-/folk-songaren John Prine, og publikum fekk hans Angel from Mongomery som ekstranummer. Publikum gav dei ståande applaus.

Onsdag 17. juni kjem så Kim Rysstad og Trym Bjønnes.

Ein uvanleg sesong
torsdag 28. mai 2020

Det blir konsertar i Bakgården i sommar, men færre og med færre tilskuarar. Det blir selt maks 60 billettar per konsert. Rebekka Lundstrøm (over) frå Arendal opnar sesongen fredag 12. juni. – Det hadde vore tragisk med ein sommar utan konsertar, sa ho då programmet blei lansert i går. Ho gav ut Carousel 27. mars, og ho og dei andre bak debutplata har fått strålande meldingar både her heime og i utlandet, for tekstar og stemme, og for lydbilete. Ho gler seg til det som blir platesleppkonserten.

Ole Johan Lillegaard har tatt over etter Frank Kvarstein, og har hatt ein tøff start. Først hadde han fullt program på plass , så måtte det gjennom kraftige kutt. Men vekta på artistar frå området er der framleis. Etter Lundstrøm kjem Kim Rysstad og Trym Bjønnes onsdag 17. juni; Elin Furubotn og Torbjørn Økland (frå Vamp) onsdag 8. juli; Tove Bøygard og Tom Roger Aadland 15. juli; og Einar Fadnes med band 19. august. Han er frå Tromøya, og med på plata til Lundstrøm.

Alle arrangement startar kl 2000, og det blir selt maks 60 billettar per konsert gjennom billettsystemet TicketCo. Er det ledige plassar, kan du kjøpe billett med Vipps i døra.

Meir om programmet finn du på https://www.ibakgaarden.no.

1. mai i Arendal
lørdag 2. mai 2020

Flagget var heist på Fagforeningenes Hus i går, elles var ingenting normalt. Det summa ikkje av folk som åt frokost i ein fullsett sal i tredje etasje; ingen samla seg til tog utanfor huset på ettermiddagen. Maidagen har alltid vore ein spesiell dag, og gårsdagen var slik sett ikkje noko unntak.

Femten personar samla seg ved bautaen for dei falne ved kjerka. Thor Åge Christiansen frå Fellesforbundet la ned krans, og heldt ein kort tale. Han var opptatt av dei vanskane arbeidsfolk møter, sterkare med krisa i dag, og sa mellom anna:

– Skal vi lage kompliserte regler for løsarbeiderne eller skal vi jobbe enda hardere for at alle skal ha en fast jobb? Jo mer jeg tenker på det jo mer sikker er jeg på at en fast heltidsjobb til alle fortsatt må være det viktigste målet, og det er å håpe at enda flere kan organisere seg så vi står enda sterkere i den kampen. Hver for oss er det bare de få som vinner. Det er bare gjennom å stå sammen at vi alle kan være vinnere.

Korpset mangla, men hadde ei uvanleg erstatning. Det er ikkje kvardagskost å få Seiren følger våre faner og Internasjonalen med trompet og kjerkeorgel, tonande ut over byen frå kjerketårnet. Det var sterkt og vakkert, og løfta dagen.

Rundt om i byen var det fleire flagg å sjå enn normalt ein 1. mai. Kanskje eit teikn på at fleire ser at kampen for arbeidsfolks rettar, for små forskjellar, solidaritet, fellesskap og likeverd er viktigare enn på lenge?

Punktum med Amatørene
lørdag 31. august 2019

Amatørene opna ballet 5. juni, og avslutta det i går kveld, med ein rimeleg fylt Bakgård på ein litt tung seinsommarkveld. Ifølgje eigenreklamen deira er dei menneske frå det blide Sørlandet som ikkje er proffe, dei har lidenskap for musikk, er ganske gode, og dei vil gjøre sitt beste for at publikum skal senke skuldrane og nyte det dei serverer – viser, country, rock, norsk. Publikum senka skuldrane. Og spelelista var om lag som sist.

Men ikkje heilt. Anitha Tvede overrraska iallfall resten av Amatørene: Ho fekk med seg Marit Kjønhaug og Anne Tvede Mortensen (frå publikum og Øyestad-revyen) på to innslag frå den revyen – to fjasenummer kalte ho det sjølv.

Dei ni Amatørene er Lise Marie Lunde Bygland (tangentar), Anders Thomassen (gitar, song), Karen Tobine Faret Løvsland (song), Anitha Tvede (song), Thorbjørn Clausen (gitar, song – over til venstre), Anita Wroldsen (gitar, bassgitar, song – over til høgre), Leif Arne Danielsen (song), Olav Slaattene (trommer), og Conrad Coll stod for lyd.

Etter seksten konsertar og seks debattar/samtalar er 2019-sesongen i Bakgården historie.

Sandharpesongar
Torsdag 29. august 2019

– Det er stas å vere i Arendal, sa Kjartan Fløgstad; når han opna munnen, sa folk: – Du må vere frå Ærndal! Men han er frå Sauda, og på slike industristader smelta dialektar saman på ymse vis. Fløgstad har vore industriarbeidar og sjømann, og det har prega skrivinga hans, der han skildrar arbeidet, og arbeidsliv og klassekamp. Han gav ut to diktsamlingar før skjønnlitteraturen og saksprosabøkene sine, og han har gjendikta viser og dikt frå Sør-Amerika. Bøkene er krydra med dikt. Desse dikta har inspirert andre, til å tonsette og synge, og dei samla han i fjor i boka Sandharpesongar, og der songar, musikar mm Lars Klevstrand hadde ansvar for notane. I går sette dei kvarandre stemne i Bakgården, med eit knippe Fløgstad-tekstar og (gjendikta) viser av Victor Jara, Pablo Neruda, Daniel Viglietti og andre.

Latin-Amerika har betydd mykje for begge, det var eit magisk kontinent, med ein rik litteratur og songtradisjon. Klevstrand opna med Bønn til en arbeider av Victor Jara, med norske klede av Sigve Bøe og Torstein Bugge Høverstad. Klevstrand vart kjent med Daniel Viglietti frå Uruguay på åtti-talet, dei hadde jobba saman både her heime og i Sør-Amerika. Han døydde for to år sidan. Fløgstad las hans Sola er eit sår.

Slik veksla dei to med song og tale. Og ein svenske, men sjølvsagt knytt til Sør-Amerika – Evert Taubes Balladen om Ernst Georg Johansson. Omverda greip inn i introduksjonen til Klevstrand – sirena og ei lanvarig rullande salve i parkeringshuset under Tyholmen. Me blei med på dans på Folkets Hus i Stå med glans (ein titel det sprutar av) som vel er mest kjent med Vestlandsfanden.

E76 hadde Fløgstad rappa i Norilsk i Nord-Sibir. Han tråkka takten, vrei på kroppen, brukte armane til dei rytmiske og taktfaste orda. Det var magisk, eitt høgdepunkt:

På E76 over Haukelifjell
Brøytar dei opp vegen med nytt materiell
Det går best det går vest det går nord og ned
Alle som ikkje går mot går med

Ittepå i morå var på Ryfylkedialekt. Saudabuen har budd i Oslo i 35 år, og Klevstrand song heimstaddiktet Akevitt i Akerselva med melodi av Jørn Simen Øverli.

Til slutt kom Sandharpesongar. Ei sandharpe er det me kallar eit soll her i området, eit arbeidsreiskap som skal «skilja på grov og fin sand». På den måtte Klevstrand alltid skarre, og det gjorde han framifrå sa Fløgstad. Som ekstranummer kom fantastiske Slak line som Lars Bremnes har laga melodien til, ein tekst som kanskje handlar om å røre ved himmelen, men mest om det fysiske og materielle arbeidet, sa Fløgstad i eit intervju med Frelsesarmeen. Han fekk Tono-prisen for beste tekst i 2003 for den.

Eg vil høyra lina tala
Eg vil opp og strekkja tråd
vil ta i og dra og hala
ledningane til og frå

Då treng eg ingen englevenger
Eg har klør og eg kan gå
Høgt i tjørebreidde stenger
Vil eg klatra opp og stå

Sekstitals-perler
lørdag 24. august 2019

Herb Alpert & Tijuana Brass eksisterte frå 1962 til 1974, «og det ser ut som dei fleste her opplevde sekstitalet», sa Torstein Ellingsen då konserten opna i går kveld. Ein litt tynt befolka og gråhåra bakgård humra til påstanden. Ellingsen (elles kjent frå Magnolia Jazzband) speler trompet, med seg har han broren Eyvind Ellingsen (gitar, fløyte, vokal); som igjen har med sonen Ola Lømo Ellingsen (trompet); Sigurd Skogdal (trombone); Einar Thorbjørnsen (tangenter); Øivind Madsen (el-bass); Erik Jøkling (trommer). – Det er uvanleg å spele musikken til Alpert i dag, iallfall for folk i min alder, sa Ellingsen. Han er fødd på sekstitalet.

Dei starta ut med Tijuana Taxi, ein instrumental. På Our day will come frå 1966 fekk me song – Herb Alpert song ikkje mykje, gruppa på scenen prøvde legge til song og jazze opp melodiane hans for at dei skulle vare lenger enn 2,5 minutt. Jazzinga blei mottatt med applaus undervegs. Det kom gjenkjennande lyder frå publikum då A walk in the black forest blei annonsert – det var kjenningsmelodien til Fjernsynskjøkkenet med Ingrid Espelid Hovig.

Innimellom kom melodiar av mellom andre Burt Bacharach og Beatles – All my loving og Come Together. Ein flott kveld, og utan truslar om regn.

Breispektra trompetist
søndag 18. august 2019

Tine Ting Helseth (trompet, song), Jens Fossum (kontrabass) og Jarle Storløkken (gitar) avslutta fredagskvelden. Ho er først og fremst kjent som klassisk trompetist, ho har vore solist med dei store orkestra utanlands og her heime. Ho har Spellemannspris, og kritikar- og publikumsroste (salstall) plater. Frå 2016 har ho vore professor ved Norges Musikkhøgskole.

Det var ein litt kjølig kveld: Helseth plar spele barbeint, men her hadde ho på seg tynne ballerinasko. Det kom musikk frå ulike sjangrar. Dei starta med Blue Rondo a la Turk. Så blei gitaristen sendt på artistrommet for å hente pedalar: Dei brukar iPad i staden for noteark, det er praktisk på mange vis, dei blir ikkje tatt av vinden td. Men dei treng pedalar for å bla trådlaust.

Dei heldt fram med Kurt Weills Tango Ballad frå Tolvskillingsoperaen. (Det var bryllupsvalsen då ho gifta seg i fjor.) Så Att angøra en brygga (for andre gong i Bakgården i sommar.) På Moon river song ho – ho har songstemme. Det kom irsk folkemusikk, og Joni Mitchells Both sides now. Ein rimeleg fylt Bakgård fekk i alt nitten melodiar.

Arendalsuka var arrangør.

– Endring og forsoning er alltid mauleg
søndag 18. august 2019

Fredag i Arendalsveka samtalte Harald Stanghelle med Geir O Pedersen som er FNs nye spesialutsending til Syria. Historikaren har bakgrunn som diplomat frå 1985, han var i Kina i 1989, han har vore i Bonn, og så Beijing igjen i 2017. Dei snakka om korleis Syria før var ein fristad for krigstrøytte folk frå nabolanda. Stanghelle var FN-soldat i Libanon i 1979, og då reiste han til Damaskus for å kople av. No er det snudd, og folk drar til Libanon. Pedersen tok føre seg utviklinga i krigen frå 2011, med tap av menneskeliv som bare Rwanda-krigen kan slå, tal på flyktningar internt og utanfor, og korleis krigen vart snudd då Assad bad russarane med. Det har ført til at kravet om at Assad må gå ikkje lenger er aktuelt. Mandatet hans var å utvikle kontakten med det syriske samfunnet, både partane og det sivile samfunnet, kvinneorganisasjonar og religiøse. Frisetting av fangar er eit sentralt spørsmål – titusenvis er borte utan at familiane veit om dei er i live. Eit anna punkt er ein grunnlovskomite med femti personar frå regjeringa, femti frå opposisjonen, og femti frå sivilsamfunnet.

Syria er eit samansett samfunn – det er kristne, muslimar, drusarar, alawittar, kurderar (som i hovudsak er sunnimuslimar). Minoritetane har stort sett halde seg til Assad.

Pedersen er oppvaksen i Frelsesarmeen, og det kristne grunnsynet hans låg i botnen. Viss han ikkje hadde håp om å bidra til endringar, ville han funne seg ny jobb. Han viste til Kina, i 1989 var det store fleirtalet lutfattige og hadde lite personleg fridom, i dag er det snudd, det finst velstand og svært stor personleg fridom, men kommunistpartiet styrer stramt. Eit anna eksempel var Irland. Men vektige endringar tek ofte ein generasjon.

Av meir heimlege ting fekk me vite at Pedersen var på landsmøtet til Norges Gymnasiastsamband i 1973. Der stilte Harald Stanghelle (som ikkje var gymnasiast) som kandidat for høgresida. SV-aren Pedersen røysta på han, og han kom inn i styret.

Arendalsuka var arrangør.

Levande musikk med gamle instrument
søndag 18. august 2019

Annbjørg Lien og Ole Bjørn Rasch var tilbake i Bakgården, og avslutta torsdagen i Arendalsveka. Annbjørg Lien har turnert Norge og verda i fleire tiår og spelt med folk der ho har komme. Ole Bjørn Rasch er produsent, arrangør, komponist, professor i rytmisk musikk.

Rasch spelte eit trøorgel frå siste del av 1800-talet som orgelbyggaren Jan Erik Spigseth frå Nedenes hadde restaurert. Han var blant publikum og fekk applaus. Annbjørg Lien stilte med det svenske tradisjonsinstrumentet nøkkelharpe og sjølvsagt hardingfele.

Bakgården fekk ei blanding av tradisjonsmusikk og nyskapingar og sjangerblanding. Dei opna med slåtten Rosa av Hauk Buen. Ho snakka varmt om mannen ho gjekk og lærte hardingfele hos. Lien og Rasch hadde laga musikk i Paris der Kjell Nupen hadde laga skisser som utgangspunkt for komposisjonen. Slekta til Lien kjem frå Finnskogen, og ein leikande melodi var til dei lettføtte og dyktige tømmerfløtarane der. Lien/Rasch-familien feirer jul i Thailand, og tradisjonen med å sende opp papirlykter saman med gode ønske for framtida fekk melodien Kumlai.

Ein folketone frå Sunnmøre i tradisjon etter Blinde-Karl – «det auga ikkje ser, får eg att gjennom tonane», sa han. At dama kan synge viste ho i Kom heim – ei vakker salme, med rom for vidare tolking. Den takka ho Kirsten Bråten Berg for. Ei gammal rød folkevogn utan hjul førte Annbjørg Lien og broren dit dei ville då dei vaks opp – The old car.

Kjempe-Jo hadde ho lært av Salve Austenå frå Tovdal. – Det er det mest pønka eg har høyrt, sa Rasch første gongen han fekk den servert. Her blei trøorgelet traktert på vanleg vis, og med flate hender på sidene. Koma til deg har tekst av Marit Hjorthol og melodi av Sondre Bratland. Fønix – det gamle som blir fødd på ny i nye framtoningar, som musikken dei framfører, der tradisjonen, kunnskapane og handverket ligg i botnen.

Lien takka for at dei fekk komme, og oppmoda folk til å gå på konsertar; den levande musikken er hardt pressa. Dei opna konserten med ein hyllest, og avslutta med ein i ekstranummeret W punktum, til felespelaren og folkemusikaren Hans W. Brimi. Han var ein mann av få ord. – Hald fram med ditt og drit i resten, skreiv han til Lien då dei prøvde seg med el-utstyr og greier på nitti-talet.

Godorda sat laust då folk gjekk ut frå Bakgården.

Arrangør var Arendalsuka, Arrangørforum, Kulturalliansen, Kunstnernettverket, Museumsforbundet, Musikkutstyrsordningen.

Kulturstafett
søndag 18. august 2019

Torsdag i Arendalsveka var det Kulturdag i Bakgården, tri debattar frå formiddag til kveld. Først diskuterte dei utstyr, lokaler mv, misforholdet mellom at idretten får sju til åtte gonger så mykje som kulturen frå tippemidlene. I tillegg til alt som manglar er det eit enormt etterslep på slikt som vedlikehald – 80 prosent av lokala skal vere ueigna.

Så blei alle meldingane som har komme eller lova diskutert, om bruken og formålet. Kulturlivet må få del av det resten av samfunnet får. Digitalisering er eit heitt tema. Ikkje minst eigarskap og etikk. Får Google Arts eigarskap til det dei digitaliserer? Og ubalansen – det blir skrytt av digitaliseringa Munch-museet driv, men dei får 20 – 30 millionar til det.

Siste debatt var om ytringsfridom og danning, med mange spørsmål og få svar, om nokon. Er «danning» og ytringsfridom to sider av same sak, kva gjør eit menneske danna? Ordet folkeskikk var nemnt. Kva kan politikarane gjøre for å sikre ytringsmangfald? Eit konkret forslag: Eit prosjekt retta mot toppolitikarane og pressa så politikarane lærer seg tie når andre snakkar, og pressa må lære seg ikkje framelske slikt som til dømes partileiardebatten mandag.

Desse var med: Frida Blomgren (V), Anette Trettebergstuen (Ap), Arne Thomassen (H), Freddy Andre Øvstegård (SV), Åslaug Sem Jacobsen (Sp), Geir Toskedal (KrF), Anine Kierulf (direktør Norges nasjonale institusjon for menneskerettar), Henrik Syse (filosof), Ole Marius Hylland (Telemarksforskning), Hans Ole Rian (Creo), Hilde Tørdal (Norske Billedkunstnere).

Arrangørar var Arrangørforum, Kulturalliansen, Museumsforbundet, Balansekunst, Musikkutstyrsordningen, Kunstnernettverket, Arendalsuka.

Forbrukarmakt mot svart økonomi?
torsdag 15. august 2019

Aslak Bonde leia den timelange debatten i går kveld. Deltakarane var forbrukardirektør Inger Lise Blyverket (biletet); Heidi Nordby Lunde, Høyre; Per Olaf Lundteigen, Senterpartiet;
skattedirektør Hans Christian Holte; direktør i Brønnøysundregisteret
Lars Peder Brekk; Merete Bellingmo, dagleg leiar for Norske Anleggsgartnere – miljø- og landskapsentreprenører; Trine Tinnlund, LO.

Utgangspunktet var forbrukarmeldinga, og tiltak for å lage eit såkalla e-bevis . Blyverket var skeptisk til legge ansvar(et) på forbrukarane, dei var var alt den svake parten i eit assymetrisk forhold. Det er greit med dokumentasjon og gode råd som gir forbrukarane grunnlag for kloke val, som gjør det enkelt å handle kvitt. Det siste var alle einige i, problemet var kva eit e-bevis skulle innehalde.

Her sprikte frå at det måtte gi ein indikasjon (skattedirektøren) til at det måtte innehalde kalde fakta som kunne målast mot lovverket (Lundteigen). Og e-beviset var enkelt å lage reint teknisk, det som måtte til var eit vedtak om å lage det, så knytte saman moms-opplysningar osv. Lundteigen skilte klart mellom e-bevis som var knytt til bedrift, og HMS-kortet som var knytt til person, dei måtte ikkje blandast. Han forstod heller ikkje korfor forbrukarmeldinga kom frå Barne- og familiedepartementet, slike spørsmål høyrer heime under justis-, og arbeids- og sosialkomiteen.

Debattleiar Bonde sa problemstillingane ikkje var lette å forstå, det same vart høyrt sagt mellom fleire blant publikum.

Samarbeid mot svart økonomi (KS, LO, NHO, YS, Unio og Skatteetaten) var arrangør.

Fjeldstøtt
torsdag 15. august 2019

Dryge ti minutt etter debatten kom Jonas Fjeld på scenen. Det var koseleg å vere her igjen. Han var blitt ein gammal mann, så gammal at sjølv knekkebrød var vassdrivande, men han skulle nok klare den timen konserten stod på. Slik var tonen sett, uhøgtidleg, rett på. Ein litt hustrig kveld blei lun, og latteren sat laust.

– Det var ein puslete applaus, sa han etter Det siste terningkast (laga saman med Henning Kvitnes). Publikum korrigerte seg raskt med ny applaus og høge tilrop. Ingen nye klagar på applausen kom frå scenen. Rundt historier om det lille gule huset i Postveien på Konnerud der han bur (som bare Øystein Sunde fann fram til lett), fekk me Konnerud; og Tordensky (dama som køyrde feil og forelska seg). Her song publikum forsiktig med – derfor tok han ein ekstra runde og publikum auka volumet. Så den vakre visa om sonen Sigve, med tekst av Ole Paus. Den svarte ælva har opphav i ungdommelege påfunn under bybrua i Drammen på slutten av sekstitalet. Engler i snøen og Hun kom som en engel sit i reptilhjernen på dei fleste – folk song med. Han tok høgde for eit ekstranummer, sa han, men folk forlangte meir så det kom to.

Han hadde med seg gitaristen Ben Basgård, bror til Tordensky. Folk var strålande fornøgde med dei to.

Samarbeid mot svart økonomi (KS, LO, NHO, YS, Unio og Skatteetaten) var arrangør.

Solid sjangerlaust
onsdag 14. august 2019

Eit kvarter etter at USA-debatten var gått av scenen, starta konserten med Sigrid Moldestads kvartett. Då hadde delar av publikum blitt bytta ut, det var framleis kø ute, og tussmørket hadde lagt seg for alvor. Dei fire var Sigrid Moldestad (song, fele) Anders Bitustøyl (bass), Roald Kaldestad (gitar, mandolin), og villdyret frå Voss Kåre Opheim (trommer).

Moldestad frykta den varme sommaren me har hatt kan bli den kaldaste me får, og song Kanskje kjem det ein dag. Ho hadde tonsett dikt av Jan Magnus Bruheim til 100-årsjubileet for han i 2014 – det endte med plata Brevet til kjærleiken. Frå den kom Å kjæraste. Våtedalen var ein musikalsk hyllest til bygda ho vaks opp i, og det må verkeleg vere vakkert der. Om eg var deg kom til etter ein busstur i Bergen, her fekk ho publikum til å reise seg og synge med på refrenget.

Ein viktig inspirasjon for Moldestad er sterke kvinnelege felespelartradisjonar i området ho kjem frå. Ei farleg blanding, både den syndige fela og kvinner som ikkje ter seg som det er venta. Springaren Sambuline var ein hyllest til felespelaren Sambuline Seljeset som døydde i 1872, 68 år gamal. Og dama fekk ein song utan musikk til, før ho gjekk over til Ikkje kom og sei – innanfor same tema.

Ho erklærte seg som ein gammal sjel, opptatt av historia og banda bakover. Eg vil vere her var til bestemora som ville vore 110 år no. Siste ut var Haustkveld, nok ein Bruheim-tekst. Som ekstranummer fekk me Vise til far. Det var solid, vakkert, og sjangerlaust, og det solide ligg kanskje i banda til tradisjonen. Det var ein flott konsert, som dessverre blei forstyrra av stemmesurr frå toppetasjen på hotellet, eit surr som starta alt under USA-debatten.

Arendalsuka var arrangør.

– Økonomisk krise kan stanse Trump
onsdag 14. august 2019

Folk hadde stått i kø i over ein time for å høyre «Harald i Bakgården», og alle fekk ikkje plass. Øystein Djupedal ønska velkommen til samtalen, og hevda at amerikansk politikk var all politikks mor.

Harald Stanghelle leia samtalen med Anders Magnus og Hans Olav Lahlum. Først kampen om kven som skulle utfordre Trump frå Demokratane. Biden har vore med sidan 70-talet, det slår begge vegar. Og han har gjort og gjør mange tabbar, har ingen løysingar utan å ha det som under Obama. Dei ni som framleis står på lista kan bli redusert til fire i september i Houston: Biden, Warren, Sanders, Harris. Lahlum hadde lita tru på outsidar på partilandsmøtet 2020 – det skjedde i gamle dagar.

Hadde partia gått frå å jakte på svingveljarane til å mobilisere ytterfløyane? Svingstatane var viktige, sa Magnus, som au hevda at Warren hadde betre greie på ting enn Sanders. Lahlum sa at venstrekandidatar alltid hadde endt med katastrofe. Trump hentar støtte frå folk som mislikar mannen, men han gir dei det dei vil ha rundt innbilte og reelle problem. Han var td for abort, no er han mot. Haldninga til Israel, og Golanhøgdene og Jerusalem er andre stikkord.

Ulovleg innvandring er eit stort problem, og Magnus viste her til at Obama stille og roleg hadde utvist langt fleire enn Trump har gjort til no. Men han treff uroa rundt det. Og økonomien kan føre til tap for Trump, sa Magnus. Utbyttet på statsobligasjonar inverterast no, det har skjedd før alle krisene til no. Det kan komme no eller i 2020, før valet. Alle i Bakgården vil bli ramma. Og Trump.

Alle – dei på scenen, og kandidatane frå Demokratane – er samde om behovet for tiltak mot Kina. Dei manipulerte og stal, sa Magnus. Trump oppførte seg som ein tøff direktør. Rikfolk i politikken har aldri vore eit problem for vanlege menneske i USA.

Lahlum krydra samtalen med detaljar som fekk fram latteren. Er Trump ein vêrhane? Her viste han til ein fransk statsminister som skal ha sagt at det ikkje er vêrhanen som snur, men vinden. Og venner me oss til alt av tvitring, løgnar mv? Ja, blei det sagt – og få av dei 325 millionane i USA får det med seg, bare 3 av dei ser på Fox News.

Stanghelle kjem tilbake kl 1800 på fredag for å snakke med FNs spesialutsending til Syria, Geir O Pedersen.

Arendalsuka var arrangør.

Musikalske vandringsmenn
tirsdag 13. august 2019

Første dag i Arendalsveka, og Bakgården var fylt til siste plass då Knut Reiersrud (gitar, munnspel, song), Gabriel Fliflet (trekkspel, song), og Ole Hamre (trommer, hamrofon, bekken, stepping, song) entra scenen. Dei to siste har vore gruppa Fliflet/Hamre sidan 1991, og alle tri har spelt saman med dei fleste. Frå scenen blei me lova med på ei usannsynleg musikalsk reise. Det fekk me. Dei handterte tradisjonelle og meir utradisjonelle instrument framifrå. Reisa gjekk frå deep south i USA via tronge Vestlandsfjordar til Romania, med sidespor. Dei starta med rolege og melodiske Jarabe. (= Tradisjonell spansk songstil, men betyr au «sirup».)

Seinare fekk me Gryte-Grieg, Hamres versjon av Arabisk dans – med trommestikker på hamrofonen: to-tri rader gryter; emaljerte, av støypejern. Miljøaktivisten Fliflet opplyste forsamlinga om at det greske ordet «idiot» betyr «ein som ikkje interesserer seg for politikk», og rekna ikkje med idiotar i forsamlinga. Han hadde studert Vestlandskartet og laga songen Rio Aga, med ein tekst som rett og slett var vakre stadnamn frå Voss og Hardanger. Reiersrud kom med bluesmelodien Sweet and greasy. Då dei spelte to brureslåttar frå Transylvania, og Hamre trakterte hamrofonen, nytta Reiersrud høvet til å filme publikum. I meg-song har tekst av Jon Fosse og melodi av Fliflet. Cajun-melodien Helvetes flammer hadde både fransk og norsk tekst: «Be, be, be for meg, og frels min sjel». Hamre susla med vatn frå ei flaske ned i eit medfaren bekken oppunder mikrofonen, og spelte vidare på botnen etterpå.

Røysekatt var ein godnattsong frå Vestlandet (ungar sovnar ikkje til slike). Så avslutta dei med Reiersruds drivande Monstermaster. Sjølvsagt kom det ekstranummer: Gospelen Needed time. Her bytta Hamre sko undervegs, rydda scenekanten og steppa. Ein stor kveld!

Arendalsuka var arrangør.

MonicaZ vals
torsdag 8. august

Ho hadde så mange talent: ho song jazz, folkeviser og andre songar, ho stod på revyscenen med Povel Ramel, Hasse og Tage, det var teater og varietè, og ho fekk Oscar-nominasjon for rolla ho hadde i Utvandrerne. Monica Zetterlund blei hylla i går kveld av gruppa MonicaZ vals: Stina Stenerud (vokal), Paul «Palle» Wagnberg (Hammond B3), Eirik Berg Svela (gitar), Erik Jøkling (trommer). Dei presenterte femten melodiar av dei mange dama song. Innimellom dei musikalske innslaga fekk me litt om livet hennar.

Stina Stenerud starta ut aleine, utan instrument, med Ack Värmeland du sköna. Sjølvsagt fordi Monica Zetterlund vart fødd her i 1937, i Hagfors. Det skal uttalast Hagførss på dialekten. Så kom Att angöra en brygga frå Hasse & Tage-filmen; Olle Adolphsons Trubbel – om ei mislykka skilsmisse; Jan Johanssons Visa från Utanmyra. Og sjølvsagt kom Waltz For Debby som Bill Evans skreiv for Monica i 1964. Men tiden går/As time goes by er Hasse & Tages blikk på samtida då «en guling är en elak liten fuling» og «Amerika är snällt». Aktørane kan vere andre, men framleis er det oss og dei blei det sagt frå scenen.

Monica Zetterlund levde eit strabasiøst liv, store delar som aleinemor. Ho hadde hesblesande dagar med musikkopptak, film, revy og song på rekke og rad. Og opent hus heime for musikarar utanfrå. På nettet kan ein lese at ho ikkje rekna seg som feminist. Men ho kjøpte hus, betalte alt kontant sjølv, utan at sambuaren fekk blande seg inn: Ho hadde aldri vore avhengig av ein mann, og ville ikkje bli det heller. Ho døydde i ein bustadbrann i 2005. Ho hadde ein ryggskade og var rullestolbrukar; ho rakk å ringe brannvesenet, men klarte ikkje komme seg ut før dei kom fram.

Dei fire på scenen fekk da capo frå første klapp og som ekstranummer kom Sakta vi gå genom stan. Dei slepp første plata si 14. november – ho heiter nettopp MonicaZ vals. En hyllest til Monica Zetterlund. Dei fire på scenen var dyktige. Men det må vere lov å trekke fram svensken med hammondorgelet B3: Eitthundreogfemti kilo i to kolli der pedalar og tangentar blei traktert med stor kunnskap og glede, frå det intense og høge til det vare. Han var sjølvlært, kunne ikkje notar fortalde han etter konserten. Heilt tydeleg ikkje eit hinder.

70, omlag 50 på tour
torsdag 1. august 2019

Geirr Lystrup har fylt sytti, og holdt koken som artist i rundt femti av dei. På desse åra har han laga fleire titals LP-ar for vaksne og barn, hatt eit omfattande samarbeid med andre artistar, skrive tekstar og musikk for andre, bøker og teaterstykke, mest for barn. Han er prisgrossist. Den siste plata kom i år: 20 ballader.

I går var han i Bakgården med Geirr Olavs trio: Geirr Lystrup (vokal og gitar), Geir Otnæs (trekkspill), og sonen Olav Lystrup Thesen (bass). Den ekstreme varmen var erstatta av ganske kjølig og fuktig vêr. Men det blei lun stemning under duken, der folk song med – med og utan oppfordring. Innimellom fortellingar om brummundølar i Oslo og saftige kommentarar fekk me kjende og mindre kjende humoristiske og frodige skildringar av livet, kanskje først og fremst på bygdene. Med snert i dei fleste, som Grendahusvals, ein hyllest til dugnadsånden med dobbelt botn. Og To tanter, om det moralske forfallet. Tri viser der Konrad gjekk igjen: Tante på Hadeland; De andre unga (var Guds barn, mens han bare var laga); Ti tusen underbukser, der han ergrar seg over lønsforskjellar. Lystrup har budd i Brummundal i 35 år, og me fekk Mjøsas hvite svane, og Høsbjør(g) og Bangsberg(gubben), om to fjell på kvar si side av innsjøen som dei tri song saman for første gong. Og det går alltid to tog første mai i området her, dei vanlege med parolar og flagg, og motorsykkelkolonnnen rundt Mjøsa, leia av Gunnhild å’n Harley.

Oppi det humoristiske fekk me den sterke songen om Marianella, om menneskerettsforkjemparen Marianella García Villas frå El Salvador, 34 år gammal blei ho torturert og drepen av regjeringsstyrkar 14. mars 1983. Geir Otnæs (som i si tid var leiar av plateselskapet Mai) har laga si første soloplate: Lystrup på trekkspill. Det fekk me ein smakebit på, med naturelt trekkspel, utan lydanlegg. Det var vakkert.

Anne Pendlar er visa om jentungen som må køyre buss to mil kvar veg til skolen. Etter dryge halvannan time utan pause avslutta dei med to ekstranummer, og me fekk gamle gode Rypepolka; om rypejegaren som måtte nøye seg med sausen, men den var god. Konserten var meir enn det. Lystrup var her første gongen i 2006, og han ønska på gjensyn om 13 år. Dei må gjerne komme før det.

Slett ikkje skrekkeleg
torsdag 11. juli 2019

Svenske Egil Kalman (bass) var einaste på scenen som ikkje var arveleg belasta. Åsmund Løvland Solberg (song, gitar og steelgitar) er son til Leiv Solberg, og Tellef Kvifte er far til Guro Kvifte Nesheim (song og hardingfele) og Knut Kvifte Nesheim (trommer). Dei tri norske har kjent kvarandre sidan barndommen, mens alle fire gjekk samtidig på Högskolan för scen och musik i Gøteborg.

Saman er dei Skrekk & Guro som blei til i 2017. I fjor kom første plata – «Folkemusikk 2.0». Neste plate blir til i desember. Dei kallar seg folkrockband, og serverer tradisjonsmusikk med nye klede. Tradisjonsmusikken var frå Agder, som Bestelanden etter Knut Jonson Heddi; Pers springar med noko uklart opphav; Kjepphesten frå Voss – søskena på scenen er halvt vossingar; og Sverige – Jøsse, polska etter Magnus Olsson. Alt pakka inn i rock, litt jazz og køntri.

Og sjølvskriven musikk og tekst, alt på norsk. Instrumentalen Kanskje av Knut Kvifte Nesheim kom i ein romantisk/melankolsk del med Åsmund Løvland Solberg på steelgitar. Han på si side hadde fem melodiar – Englene, Dine sanger, Midt i mengden, Reiseren (springar om kjærleik), Odel og jord (om han som har odel og jord, men ingen vil bo der han bor).

Som ekstranummer kom Bruremarsj frå Sirdal, slik dei framførte han passa han kanskje best for alternative bryllup sa dei før dei la ut i ein drivande versjon. Tri blant publikum sa etterpå dei gladeleg hadde gifta seg til den (men ikkje med kvarandre). Då må ein kalle det suksess.

Åsmund Løvland Solberg har vore hjelpemann for Frank Kvarstein i Bakgården, og han har vore på scenen her før, første gong 9. juli 2008 med sin far og spelemannen Arne Fjeldstad frå Holt.

Grenselaus musikk frå drivhuset
torsdag 4. juli 2019


Håkon Kornstad (saksofon, song) har vore her to gonger før, først med pianisten Reza Aghamir i 2016, så med Frode Hatli (trekkspel) og Mats Eilertsen (bass) året etter. I går var dei tri her igjen. Sidan sist har dei gitt ut plata Im Treibhaus. Tittelsporet er ein av songane på Wagners Wesendonck Lieder, og på nettet kan ein lese strålande kritikkar både frå norske og utanlandske meldarar. Og ikkje minst ordspel på drivhus og den grenselause (og humørfylte) blandinga av opera, klassisk og jazz dei tri driv med. Dei skuffa ikkje i går.

Første nummer ut var samspel og -song med Jussi Bjørling – frå sveivegrammofon og ei gammal 78-plate: Ideale, ein napolitansk song Tosti skreiv ned. Så kom Im Treibhaus, Wagner om plantene som lengtar ut i det fri. Så Verdi, Schubert, Grieg, perlefiskarane, og Tosti, alt i fri framføring.

Bakgården har kulturinteresserte måker, som stadig vil vere med på konsertane. I går prøvde Kornstad stemme etter dei, bomma innimellom – det var nok fordi det var ganske kjølig. Når det klaffa, nikka han fornøgd.

Publikum klappa da capo. Kornstad sveiva opp grammfonen igjen, snudde plata – så fekk me O sole mio som duett mellom Jussi Bjørling og Kornstad, innimellom leika dei med musikken, før duettsongen heldt fram, med eit og anna grynt frå Kornstad når dei to ikkje var heilt synkrone. Publikum og scene var strålande fornøgde med kvarandre.

Livet er ikkje bare eit hesblesande kappløp med døden
torsdag 27. juni

Sinikka Langeland er frå Finnskogen, speler kantele, syng runesongar, og kveder. Kantele er det finske nasjonalinstrumentet. Trollmannen Väinämöinen skal ha laga seg kantele av kjeven på ei gjedde, men i nyare eldre tid var dei av uthola tre, med fem til femten strengar. Kantelen til Sinikka Langeland hadde trettiseks, ho trakterte dei med fingrane, flat hand og feleboge.

Anne Marit Jacobsen leverte tekstar av Hans Børli. Han vaks opp på ein finnplass ved Eidskog, med den skogfinske kulturen i bagasjen, men rekna seg ikkje som finnskoging. Men han var så mykje meir enn skogens diktar.

Ein godt fylt Bakgård fekk ei forestilling i to gir. Det var ei velsigna fredsommeleg, nesten andektig, ro til Børlis dikt og tekstar om skogen, fuglane, elva, og den klokkeklare songen og strengespelet. Me fekk to runesongar – det er magiske songar som skal gi frelse og helse, eller fortel, dei eldste skal vere over 4000 år. Langeland song dei på finsk og eiga omsetting til norsk.

Så kom Fløtarguten som måtte spytte ut snusen før han kyssa jenta. I ein etterlaten tekst seier Børli at mennesket bare er eit utkast som kanskje skal finne ei anna form. Akkurat der kom omverda inn i form av eit kraftig måkeskrik. – Hysj!, sa Jacobsen, du må ikke forstyrre meg! Dei stoppa ikkje heilt. Måkene råka passande inn i humoristiske tekstar med skrika sine, og det var greit å ha dei med, sa ho etterpå. Folk humra og lo og klappa.

Sist av to ekstranummer song Langeland Marihøna der Jacobsen pipenynna til. Det var ein strålande kveld!

Sørlandsk latino-køntri
torsdag 20. juni 2019

Frå venstre: Marte Herwell vokal, Mats Jakob Nesmann trommer, Nicolai Herwell akkustisk gitar og vokal, Johanne Flottorp fele, Mats William Wennerberg el-gitar, sag og vokal, Tobias Flottorp Heltzer bassgitar.

Då Ruby Red & the Moonshine Brothers var i Bakgården i 2015, hadde dei ei plate bak seg, og det var stuvande fullt og full sommar. Etter det har dei laga to plater, fire barn, og tatt køntrimusikken sin Over the wall ned til Mexico. Dei hadde gledd seg til å komme tilbake, og framførte musikk frå alle dei tri platene. Variert, fengande, vart og med trøkk, for ein rimeleg full Bakgård under duken.

Det regna før og litt under. I pausa byrja Tor med hammaren i tillegg, men dei seks var ikkje tapte bak vogna hans. Med fråkopla el-utstyr leverte dei fire melodiar med kassegitar og vokal. Cross my heart med to blad Herwell og Wennerberg, så alle seks med på neste tri. På tragiske My darling told me to leave spelte Wennerberg på sag med feleboge. Han var blitt inspirert av ein mann i frikjerka i Vennesla. – Du må krølle saga og føre felebogen på svingane, fortalde han etterpå. Så kom Love song og Desert flower der publikum heiv seg taktfast med i klappinga. Dei fire akkustiske blei eit strålande pluss til ein elles flott konsert.

Dei avslutta med fire nummer frå den siste plata, Over the wall. Dei skriv alt av tekstar sjølv og lager musikken. Ay, ay, ay – ei tragisk historie igjen – hadde spansk tekst. Marte Herwell er spansklærar, og har budd i Mexico ein periode. Fat man’s farm kom som ekstranummer.

The Staffan William-Olsson-trio
fredag 14. juni 2019


Staffan William-Olsson (gitar) gir namnet til trioen som spelte i Bakgården onsdag. Han har vore både i Arendal og Bakgården før. Det same har Terje Gewelt (kontrabass), mens for Hermund Nygård (trommer) var det første gong. Etter eige utsagn maltrakterte dei kjente melodiar – Willie Nelsons Crazy fekk gjennomgå for første gong.

Det var fuktig og kaldt, men dei serverte ein konsert med speleglede og humor. Dei hadde vurdert Baby it’s cold outside som opningslåt, men tok Cheek to cheek i staden. Og innimellom mellom anna Jag tycker inte om dej, Karius og Baktus, War pigs og Du skal ikkje sove bort sumarnatta blei gitaren småstemt og bassen tørka (når Nygård varma hendene med soloar utan stikkene). Måkeskrik blei gitar-kommentert. Publikum likte maltrakteringa, og forlangte meir – dei fekk to ekstranummer før musikarane kunne varme seg: What now my love og Smile. Dei kjem snart med si andre plate.

Konserten var eit samarbeid med Arendal Jazzklubb.

Først – og sist
torsdag 6. juni 2019

Amatørene opna for ny sesong i går kveld. Duken var oppe på grunn av det noko klamme og usikre veret, og nokre regndråpar plaga ikkje den godt fylte Bakgården. Som alltid serverte Amatørene viser, country og allsong, med nytt repertoar, frå det humørfylte til det vare. Olemann som var lei av sussinga kom utanfor den oppsette lista. Å i sava høyrer til det humoristiske, om ein fuktig båttur, framført med godt trøkk. Fuktige båtturar kan ende med drukning, men her drukna teksten.

Men dei leverte godt, og publikum var med. To høgdepunkt var Anita Wroldsens sjølvlaga og sjølvkomponerte Just because it’s real og New start. Ho skriv au tekstar på norsk, og det ser me fram til å høyre. Det kom applaus undervegs då Thorbjørn Clausen hadde gjengen med på Marius Müllers Carmen. Alt i alt tjuesju melodiar med ekstranummer, og heilt til slutt siterte Leif Arne Danielsen Jakob Sandes dikt om dei to drikkfeldige bøndene.

Ny i gruppa er Lise Marie Lunde Bygland på tangentar (biletet over). Resten av gruppa er Anders Thomassen (gitar), Karen Tobine Faret Løvsland (song), Anitha Tvede (song), Thorbjørn Clausen (gitar, song), Anita Wroldsen (gitar, bassgitar, song), Leif Arne Danielsen (song), Olav Slaattene (trommer), og Conrad Coll stod for lyd.

Og dei kjem tilbake fredag 30. august for å avslutte sesongen.

Klart for ny sesong
2. mai 2019

Frank Kvarstein presenterte 2019-programmet for Bakgården i dag, sjølvsagt i Bakgården. Han seier programmet nok ikkje er for dei yngste, men skal treffe godt folk som er opptatt av tekst og framføring. Som alltid er det artistar frå området med, og det skal vere med folkemusikk – i år dekker Annbjørg Lien og Bjørn Ole Rasch begge desse. Det skal vere med viser. I år får me Geirr Lystrup 31. juli, og Lars Klevstrand saman med Kjartan Fløgstad 28. august.

Skrekk & Guro som kjem 10. juli bruker svensk og norsk folkemusikk som utgangspunkt for eksperimentell og rockete musikk, frolendingen Åsmund Løvland Solberg er med her. Han har både jobba og spelt i Bakgården før. Og 19. juni kjem sørlendingane Ruby Red & The Moonshine Brothers tilbake til Bakgården med fengande countrypop. Her ser du dei i ein filmsnutt frå 2015, og du får vite litt om huset.

Arendalsuka har fem konsertar (to med folkemusikk), og fire debattar. Sesongen startar onsdag 5. juni med Amatørene, og dei avsluttar au fredag 30. august. Heile programmet blir lagt ut på http://www.ibakgaarden.no

Langt tog og lang parole
Torsdag 2. mai 2019

Ramma rundt 1. mai-dagen i Arendal var omlag som før, og det var sol. På Fagforeningenes Hus samla over seksti seg til frokosten kl 1200, som vanleg blei dei ikkje skuffa. Enkelte var heilt ute på kjøkkenet for å takke for god servering.

Seinare gjekk 200 i toget frå huset til Sam Eydes plass, solid opp frå 130 i fjor. Sjukepleiarane frå barne- og ungdomsavdelinga på sjukehuset stilte med det som truleg er den lengste parola til alle tider: Hvordan mener våre ledere at vi får økt respekt, faglig dyktighet, tilgjengelighet og engasjement ved å redusere på pleiere?! Dei samla utan samanlikning flest folk, det gjekk rundt femti her.

Elles var parolane: Fast arbeid til alle – forby bemanningsbyrå! / Heltid og likelønn nå! / 6 timers dagen nå! / Ein jord – ein sjanse! / Forby engangsplast! / Gjennomfør plastposeforbudet! / Arendal er antirasistisk sone, også under Arendalsuka! / Boikott okkupasjon! Fritt Palestina! / Voldtekt som våpen i krig er krigsforbrytelse! / Profittfri velferd! / Vi vil ha skatteparadisfrie kommuner! / Regjeringa vil ha ESA-styre. Vi vil ha kommunalt folkestyre! / Eiendomsskatten skal ha en sosial profil!

Etter toget snakka heile åtte stykker: Atle Svendal (Ap), Inger Brokka de Ruiter (SV), Jonny Ingebrigtsen (Rødt), Mariell Gjerrestad (AUF), Adrian Ledaal Gundersen (RU), Svala Torstveit (SU), Thomas Hansen (LO ungdom), og hovudtalaren Roger H Heimli, andre nestleiar i LO.

Eldre innlegg

Hva skjer:

Skal du holde møte eller konferanse på Fagforeningenes Hus?
Vi kunngjør det her.

*

Fri fagbevegelse/LO-aktuelt besøkte Fagforeningenes Hus og Bakgården i juni 2015. Resultatet blei en reportasje og en video.

Kontaktinfo:

Utleie av møtelokaler:
Leif Arne Danielsen
90 87 98 95

Utleie av kontorlokaler:
Helge Wahlstrøm
91 34 54 93

Fagforeningenes Hus
Nedre Tyholmsvei 16
4836 Arendal

Huset er eid av Samvirkende Fagforeninger. Formålet er å skaffe fagforeninger og arbeiderbevegelsens organisasjoner møte- og kontorlokaler. Vi er tilslutta Folkets Hus Landsforbund.

Leder:
Bjørn Gottschlich
90 58 90 59

Nestleder:
Liv E Johansen
91 13 45 04

Kart