Foreninga Fagforeningenes hus i Arendal

Frå historia til Samvirkende Fagforeninger:
Folkets Hus i Arendal

 

 

 

 

 

 

 

 

Vestregate 21 – her var Folkets Hus frå 1920 til 1932


På 1990-talet skulle eg skrive Trekk frå historia til Samvirkende Fagforeninger i samband med 60-årsjubileet i 1996. Men så vart eg klubbleiar igjen, Ericsson bestemte seg for å kvitte seg med oss i produksjonen på Hisøya, og skrivinga stoppa opp. No har eg tatt fram notata igjen.

Det me fann under arbeidet den gongen var at Samvirkende Fagforeninger var eldre enn 60 år. Eller rettare: Det er det andre livet foreininga lever i dag. Det første strekte seg frå 1914 til 1932. Og ikkje minst: Samvirkende Fagforeninger hadde eigd hus før.

Historikaren Gunnar Molden gav meg faglege råd og støtte den gongen. Dugnadsgjengen på Fagforeningenes Hus las gamle aviser saman med meg. Takk til alle.

Her skal eg ta for meg åra frå foreininga blei oppretta i 1914 fram til Folkets Hus i Vestregate blei opna i 1920. Kjelde er i all hovudsak avisa Tiden.

Viss du veit meir om nokon av dei som er nemnt her, eller hendingane her, må du gjerne ta kontakt.

Gunnar Danielsen


Ein gong i tida var Folkets Hus synonym for opprør, revolusjon, omvelting av den lovlege orden. Aktiviteten på desse husa her stal visstnok nattesøvnen til borgarskapet.

Folkets Hus har vore kraftsenter i norsk politikk, på godt og vondt. Her blei viktige politiske vedtak fatta, her fekk folkeleg kultur utfolda seg – og her blei arkiv brende og politiske motstandarar avlytta og overvaka.

Samvirkende Fagforeninger i Arendal blei første gong skipa i 1914, og fekk verkeleggjort målet sitt gjennom kjøpet av Folkets Hus i Vestregate i 1920. Dei eigde huset i 12 år, før dei selte til Arendal Baptistmenighet. Etter det må foreininga ha blitt lagt ned eller gått i oppløysing, for Samvirkende Fagforeninger blir skipa på nytt i 1936, året etter Hovudavtalen, fire år etter at Folkets Hus i Vestregate blei historie. Minnet om det første livet kjem bare fram i ei setning i eit referat.

 

Det første livet – tida frå 1914 til 1932:
Brænder lyset?
Krigsåret 1914 var prega av stor aktivitet i arbeidarrørsla her i området, og det var ikkje bare møter.

Måla til den veksande arbeidarrørsla var enno ikkje revolusjonære, men omfattande og ganske visst skremmande nok for borgarskapet:

«Tænk selv! Det norske arbeiderparti er det eneste parti i Norge, hvis program er opstillet af arbeiderne selv og som helt ud søger at vareta arbeiderklassens interesser under fuldt hensyntagen til det hele samfunds bedste. Partiet tar bl.a sigte paa: (….) Staten og kommunerne skal ha herredømme over alle naturværdier og lidt efter lidt overta produktive virksomheder, hvorved de offentlige indtægter kan øges eller befolkningens udgifter mindskes. ….» (Frå annonse for Tiden i avisa i 1914.)

Med eit slikt mål, korleis kunne ei slik rørsle vere utan til dømes eigne lokale, vere avhengige av å leige og dermed au risikere å bli stengt ute?

Fem år gamle Arendal Jern- og Metallarbeiderforening hadde festar – opne for alle – både i januar og februar. Lokala var Festiviteten på Rådhuset. Tidens referat frå januarfesten fortel om bortimot 300 menneske – mest ungdom – som «ved de med «jern og metal» festlig smykkede borde lod sig (…) bevertningen smage». Underhaldinga var strykeorkester og grammofon, men like viktig var dei politiske innslaga, i form av appellar og historier:

Lærar Andersen heldt ein kort tale med tittel «Brænder lyset?»: Ein kunne snautt opne ei borgarleg avis utan at det var angrep på den sosialdemokratiske arbeidarrørsla; der borgarane leita etter ei sprekk der dei kunne sette inn ein kile for å sprenge partiet frå kvarandre. Derfor måtte ein vere på vakt og halde lyset brennande, stå skulder ved skulder. Andersen drog parallellen til fedrane på Eidsvoll, og hausta stormande applaus.

Den 18. april var LO-formannen Ole O. Lian i Arendal for å snakke om valdgiftslova og massestreiken som fagkongressen hadde vedtatt mot lova. Denne gongen var lokalet gymnastikksalen på allmennskolen på Tyholmen. Det var gratis inngang til møtet, og annonsen avslutta noko inkonsekvent, men truleg tidstypisk: «Arbeidere, kvinder og mænd møt frem! Tag hustruen med!»

Den 20. juni skipar Arendal Jern- og Metallarbeiderforening til lysttur til Kristiania. Fire dagar før hadde «De samvirkende fagforeninger» tillyst utflukt til Skarpnestangen på sankthansaftan.

Det må ha vore i ein interimfase; sjølve den formelle stiftinga av Samvirkende Fagforeninger skjedde først 15. august. Det kjem fram når den nyvalte formannen Oscar Endresen presenterer organisasjonen i eit lesarinnlegg i Tiden fem dagar etterpå.

Initiativet kom frå Klodeborg Grubearbeiderforening, som inviterte alle fagforeiningane i distriktet til å danne ei samvirkende fagforening. Ut frå det som står i Tiden var formålet noko breiare enn å skaffe rørsla hus, sjølv om det klart er viktigaste punkt. Dette var før dei faglege samorganisasjonane blei danna, og slike meir felles faglege oppgåver som seinare naturleg var lagt til faglege samorganisasjonar (Samorg), var nok au tenkt som arbeidsgrunnlag. Endresen skriv i lesarinnlegget at «Formaalet med en saadan sammenslutning skal være at skaffe et Folkets hus samt ivaretage organisationens interesser.»

Åtte fagforeiningar i alt hadde sagt seg positive, og det vart sett ned ein lovkomite som skulle førebu skipinga. Det må truleg vere denne lovkomiteen Martin Andersen 6 år seinare viser til som det første styret: Formann Oscar Endresen, Martin Olsen, Harald Johnsen, Oscar Mathisen og Martin Andersen.

Fem av dei åtte var representert på det konstituerande møtet. Med eit tillegg frå Møbelsnedkernes Forening vart lovutkastet vedtatt.

I Endresens innlegg er det nye styret slik: Nestformann Martin Olsen, kasserar Martin Andersen, sekretær Berent Andreassen, nestsekretær Nikolai Jonassen. Oscar Christensen og Jon Gundersen blei valt til styremedlemmer, mens Ingvald Pedersen og Johan Johansen vart revisorar med A. Sjøen som vara.

I ein hale til Endresens innlegg helsar redaktøren den nye organisasjonen velkommen:

«Vi anbefaler denne nye samorganisation paa det bedste. (…) Ikke minst viktig er det – som formanden nævner – at søge at skaffe et folkets hus. Vort parti er daarlig stillet med hensyn til lokaler her i distriktet. Virk for, at den samvirkende fagforening maa bli rigtig sterk.»

Slutta arbeidar- og fagrørsla opp?
Kor stor oppslutning hadde den nye foreininga frå den lokale arbeidar- og fagrørsla? Kor stor del utgjorde åtte foreiningar av den totale organiserte arbeidarklassen?

I 1920 seier Martin Andersen at dei frå starten i 1914 hadde oppslutning frå alle unntatt typografane – som enno i 1920 sto utanfor både Samvirkende Fagforeninger og Arbeidarpartiet.

Fagrørsla blei frå partiets side sett på som ein naturleg del av Arbeidarpartiet. Motsett gjorde nok fagrørsla au det. Det kom t.d. til uttrykk i Tidens faste spalte «Fortegnelse over Nedenes amts arbeiderpartis foreninger samt formændenes navne og adresser», her var det lista opp fagforeiningar, arbeidarsamfunn og sosialdemokratiske foreiningar i lett blanding.

Ut frå samanhengen må ein altså kunne gå ut frå at Samvirkende Fagforeninger hadde oppslutning frå storparten av den klassebevisste fagrørsla. (Det fanst vel enno på denne tida foreiningar med «arbeidar» i namnet som var danna av arbeidsgivarane eller andre for å tilføre arbeidarklassen borgarleg «dannelse», eller rett og slett motarbeide klassekampen og klassens eiga organisering og eigne mål.)

Tiltak for å skaffe pengar
til hus prega arbeidet i åra framover, sjølv om foreininga i tillegg dreiv noko «faglig opplysningsarbeide». Tiltak for å organisere den veksande arbeidarklassen må ha vore ein del av dette opplysningsarbeidet. Fleire nye foreiningar kom til i desse åra, og fleire av dei med fødselshjelp frå Samvirkende Fagforeninger. (Martin Andersen til Tiden i 1920.) Fråsegna kan vere tvitydig, men viss det var slik at Samvirkende Fagforeninger hadde oppslutning frå alle unntatt typografane i 1914, må det bety at det blei nydanna fleire foreiningar som au slutta seg til Samvirkende Fagforeninger.

Året etter stiftinga starta dei utlodding, som skal ha vore vellykka og skaffa mange pengar, utan at me veit noko om kor mykje, eller kva slag gevinstar dei kunne lokke med. Andre tiltak som hadde pengar som fremste mål var festar og stemner.

Foreininga hadde fleire tilbod om hus i desse åra – i 1917 hadde dei «en større gård på haanden» – utan at det «blev til noget».

Husspørsmaalet blir løyst
I 1919 var det ny utlodding, og ved årsskiftet hadde foreininga samla seg 14.000 kr, og det sette for alvor fart i arbeidet for å løyse «husspørsmaalet». På vårparten fekk dei løfte om å kjøpe kjøpmann Hans Pettersens bygg i Vestregate. Eit representantskapsmøte gav styret fullmakt til å kjøpe huset. Kjøpesummen var 90.000 kr, og Martin Andersen og Mandrup Hansen fekk den utrivelege jobben med å gå «tiggergang til formaaende mænd».

Så utriveleg kan det likevel ikkje ha vore; dei møtte «straks forstaaelse» og finansieringa gjekk i orden.

16.000 kr fekk stå i huset, 34.000 kr med 2. prioritet og 25.000 med 3. prioritet vart lånt i Sparebanken og Agdesidens Bank. I tillegg fekk dei altså formaaende mænd som «endosenter»: Hans Pettersen med 25.000, konsul Chr Boe med 5.000, grosserar Paulus Møller med 5.000, og grosserar Viggo Kallevig med 5.000 kroner. Dei måtte au ha 3 vekslar â 5.000 kr. Mista ikkje desse borgarane nattesøvnen av det som eit slikt hus kunne føre til?

Sjølve kjøpet gjekk i orden 19. juni, og alt tri dagar seinare flytta den første fagforeininga inn – skotøyarbeidarane. Dei nærmaste tri månadene blei lokala ombygde for å høve til formålet – dels med leigd, og dels med frivillig hjelp, med innsats av begge kjønn. Dugnadsinnsats har alltid vore viktig i arbeidarrørsla.

Ved opninga var andre etasje fullt ferdig, med ein stor festsal og fire mindre møtelokale. Dei minste møtelokala hadde alt vore i flittig bruk før den offisielle opninga av huset laurdag 18. september 1920.

Folkets hus opna 18. september 1920:
Arbeidernes hjem – Folkets hus
På sjølve opningsdagen skriv Tiden: «Det rent utrolige er hændt i Arendal, arbeiderne har faat sig sit eget prægtige Folkets hus.» Så intervjuar avisa Martin Andersen som var formann i Samvirkende fagforeninger, han «er som bekjendt ingen pratmaker, han sier lite, men arbeider desto mer. Naar Martin Andersen tar paa sig noget, saa blir det gjort, vær sikker paa det.»

Storsalen viste seg for liten; billettsalet måtte stoppast då salen blei overfylt. Tiden refererer måndag 20. september at festsalen var fylt til trengsel, «ca. 300 partifæller tilstede».

Festen opna med musikk av ungdomslagets musikkforeining, skolestyrar Terje Andersen framførte prolog av redaktør Hornli, deretter var det opningstale av formannen i Samvirkende Fagforeninger – han avslutta med å mane dei frammøtte til «samhold og vern om sit hjem – Folkets hus.» Deretter tok ungdomslagets musikk til igjen; «det var vel faa, som hadde ventet en saa storartet musik. Det er jo ikke længe siden de begyndte med sine øvelser. Men red. Hornli er en drivfjær og kunstner paa alle omraader. Under hans ledelse er det blit en musik av rang» skriv Tiden.

Martin Tranmæl talar
Så kom «kveldens egentlige høitidsstund»: festtale av Martin Tranmæl. Han entra talarstolen under kraftig applaus. Tranmæl ønska at alle trådar i Arendal og Aust-Agder måtte dirigerast frå Folkets hus. Folk følgte nøye med – «Man fik indtryk av at det var en forsamling, som man kunde forlange store krav av – men man fik ogsaa en bestemt følelse av, at den samme forsamling var enig om en ting: Arbeidet for indførelse av en socialistisk kommunistisk samfundsordning.»

Som ein ser, er målet og perspektivet endra ganske kraftig frå det som var målet i 1914; tri år etter revolusjonen i Russland har arbeidarklassen fått syn for at det finst andre løysingar enn flikking på den etablerte orden. Tranmæl kjem direkte inn på det: Mens dei tidlegare dreiv rørsla reint reformistisk; dei sosiale krava var solskinnsdraumar, ein fjern framtidsdraum som har stått i programma til arbeidarpartia i sytti år; så har hendingar i inn- og utland no gjort gjennomføringa av dei sosiale krava til nære og verkelege mål. I dag er sosialiseringa eit dagspolitisk krav. Russland har planta tidlegare himmeldraumar solid på jorda. Bedriftsråd er ifølgje talaren det mest aktuelle kravet.

Tranmæl går vidare med å refse visse haldningar mellom arbeidarane. Dei er sløve, og det er trongen til «luksus og vellevnet» som er årsaka. Det er vel og bra at arbeidarklassen ikkje lenger vil sjå på at borgarskapet fråtsar i alle livets gode, men det er ein for snever kamp. «Maven er den bestemmende. Men det er noget andet end kampen om brødbiten som nu skal forberedes.» Det er den sosiale revolusjonen som står på dagsorden, og alle måtte vere med – dei måtte be om å få vere med! Både dei politiske og faglege organisasjonane må drøfte desse spørsmåla lidenskapslaust og sakleg.

Moskva-tesane er neste emne for talaren. Det er ein ny situasjon. Det er ikkje dei prinsipielle sidene som det står strid om, men dei organisasjonsmessige. Han åtvarar mot vrengebileta og løgnene i borgarpressa – alt er enno ikkje omsett til norsk, som det som gjeld agrarspørsmålet.

Me må sjølv avgjøre haldninga til Moskva, men om me ser på den historiske samanhengen vil me forstå Moskvakongressens vedtak. Det er det organisasjonsmessige som gir problem, ikkje dei prinsipielle vedtaka. Eit samla og sterkt parti i Norge vil styrke den 3. internasjonalen. Kampen står om samfunnsmakta, det krevst ein arbeidarklasse som ofrar seg for menneskeslekta, og ofrar livet om nødvendig.

Ein kan ikkje vente at vedtaka i Moskva skal tilfredsstille alle, like lite som at vedtak på landsmøtet kan gjøre alle medlemmer fornøgde. Men i Russland kjempar eit heilt folk for livet, og det er kampen for den sosiale revolusjonen som skaper denne offerviljen.

«Vi lever i forberedelsernes tid. Revolutionen indvarsles ogsaa i vort land. Maatte det komme saalangt her i Arendal, at ikke det røde flag bare vaier over Folkets hus; men ogsaa at det røde flag vaier over raadhuset i Arendal – og slik over det hele land.»

Tranmæl sluttar med ein appell til arbeidarane om å verne om Folkets hus, og om å føre dei sosialistiske ideane ut til massane. Han fekk brakande applaus.

Deretter var det samling rundt veldekka bord med kaffi og smørbrød og kaker. Så var det eit par musikknummer, og skolestyrar Andersen fortalte eit par utmerka og utrulege historier frå det verkelege livet. Så var det song, og nye talar: lærar Maurstad med ein agitatorisk tale for rørsla i byen og fylket, og takk til styret i Samvirkende Fagforeninger og dei arbeidarane som har deltatt i oppussing og utsmykking; redaktør Hornli talte om bladsaka, og oppmoda alle til å abonnere på sitt eige blad.

Det var tungt å gå frå kvarandre etter eit så hyggeleg samvær skriv Tiden. Festen vil stå som eit lysande minne for alle som var der, ei manande røyst om å arbeide for arbeidarklassen, for menneskeslekta og sosialismen si sak.

Reportasjen frå opningsfesten er underteikna G. H–n.